Dette har me støtta!


By John Laukhamar April 22, 2026
Den 27.03.26 kom Hordaland Asfalt og la asfalt på veien opp til Skorpen Grendahus.Arbeidet ble utført på en profesjonell måte, og vi er godt fornøyd med resultatet. I forkant av asfalteringen så retta vi av veien med veigrus og klipte busker og kratt samt sprøyte veien med rondup. Dette arbeidet ble gjort på dugnad. Vi har nå fått èin trygg å vedlikehold fri vei opp til Grendahuset.
By Atle Birkeland April 22, 2026
I desember 2025 starta me arbeidet med å gjera om butikklokalet mot nord, til del av treningssenteret SvingenPuls. Me har blant anna bytta vindauger, flytta på lys og fått nye kursar til kondisjonsutstyr, samt utført malearbeid. I januar monterte Hodneland bygg AS skillevegg med lydisolerte glasdører inn mot butikklokalet til Ivyelli. Då alt var klart flytta me utstyret opp i lokala og har no teke i bruk ein ny avdeling. Samstundes har me flytta treningsutstyret ut av dei to behandlingsromma i 1. etasje og klargjort desse for Tysnes Fysioterapi, som flytta inn 1. februar. Utstyret har samstundes fått naudsynt service etter flyttinga, slik at det skal vera sikkert og trygt å bruka. Me har også nytta Skarvatun VVS til å kopla på vatn for å få ein vask inn til ny fysioterapeut i 1 etasje. Me har nytta oss av lokale tilbydarar i alle fasar og fått god hjelp til dugnad elles frå nærmiljøet rundt oss. Lokalet vart akkurat så bra som me hadde håpa og gir ny motivasjon til både oss og brukarane. Me trur dette på sikt vil gi god synergi mellom næringa som no er samla i Svingen bygget. Tusen takk for støtta frå Tysnes Kraftlag!
By Steffen Opdal April 21, 2026
Det blei i denne søknaden søkt om stønad til ein heil del heilt konkret utstyr til Ungdommens Lokaler / Labyrinten i Ungdomshuset Vonheim. Utstyret er no kjøpt inn som ihht til søknad, med nokre mindre avvik - men innforbi totalbudsjett. Takk for støtta
By Bjørg Espevik April 7, 2026
Tysnes Bygdekvinnelag, Haaheim Gaard, Tysnes Frivilligsentral og heimetenesta i Tysnes kommune har med støtte frå Tysnes Kraftlag hatt prosjektet "Ta vare på kvarandre i jula" dei to siste åra. Prosjektet har hatt julekonsert med julemiddag for omlag 300 seniorar på Haaheim og delt ut omlag 110 posar med julemat til alle som mottek heimetenester i Tysnes Kommune. Me hadde også konsert på Tysnes Omsorgsenter. Prosjektet har vært svært positivt og mange seier dette er høgdepunktet i jula. Mange seniorer sit mykje åleine, og dette er ein fin måte å komme seg ut og treffe andre. Det er ein arena for gode samtalar og få dele gode historiar om ny og gamal tid. Me syntes det var veldig kjekt med alle dei gode tilbakemeldingane ein fekk frå dei som hadde vært på arrangementet eller mottok julemat. Me vonar at Tysnes Kraftlag framleis vil være med å skape juleglede for seniorane på Tysnes. Det var også i år eit svært flott arrangement med svært mange gode tilbakemeldingar. Dette er tredje gongen vi har hatt prosjektet, og vi såg i år at vi nådde ut til enno fleire gjester i gruppa vi prøver å nå. Det er kjekt å sjå at så mange som sjeldan er ute kjem ut og at dei har mange gode hjelparar for å komme. Det er noko det blir snakka mykje om i løpet av året og mange startar tidlig å glede seg. Me fekk mange telefonar om dette lenge før vi starta påmelding, så det er mange som venta. Siden vi fekk starta tidligere å annonsere i denne gongen, fekk me ein enno større respons. Det blei eigentlig fullt, men me tok inn litt fleire, då me ikkje hadde lyst å seia nei til nokon . Me hadde 317 til konsert/ middag. Vi hadde også i år utlevering av poser med julemat, det var svært positivt og vi fikk mange gode tilbakemeldiger på kort, telfonsamtaler og meldinger. Det var nybaka brød,sylteflesk, røykt aure og småkaker i posen. Vi måtte i år gjere det litt annleis då heimesjukepleien ikkje hadde kapasitet for å levere ut. Dette blei positivt då det engasjerte mange i utkjøring og dei som fekk posane, fekk besøk og ein fin samtale med dei som leverte. Då dette måtte gjerast med samtykkesjkema, så det var ikkje så lett som før (pg av taushetsplikt). Vi leverte ut 73 poser i år. Vi skal ha konserten på omsorgsentert 13. mars, det kom litt mange ting før jul og dei ønska å spre det litt. Me er veldig glade for støtta til prosjektert som betyr så mykje for så mange. Det er ei stor glede å få skape så gode minner og opplevingar for ei gruppe som ofte har vanskelig for å komme seg ut og være sosial.
By Nurcan Kulac Dalsgard April 7, 2026
Uren Luren er en medlemsstyrt frivillig organisasjon. Voksne i klubben veileder barn og unge frivillig mens medlemmer betaler årlige kontingent for å være medlem i klubben. Hver år har vi høstfest der vi utstiller prosjektene til medlemmene som de jobber året rundt. De forbereder seg til både utstilling og forestilling som skal skje under høstfesten. Medlemmene inviterer foreldrene, besteforeldrene, nær venner til festen. Vi har en del kostnader for å gjennomføre festen, men har ikke mye tilskudd. Derfor ønsker vi å søke på stønad ved Kraftlag. 4H klubben Uren Luren gjennomførte sin årlige høstfest ved Tveit Grendatun på Tveit. Arrangementet vært åpen for medlemmer og deres familie. Klubben inviterte, rektøren i Onarheim skole, ordføreren i kommunen og Tysnes bladet. Det var til sammen 60 personer under festen. Vi hadde underholdning, loddsalg, og matservering. Klubben hadde handlet inn en del gevinster og engangsutstyr, mens foreldre var ansvarlig for matlaging. Utgifter for matlaging ble dekket av foreldre, i tillegg jobbet foreldre på dugnad i forkant, underveis og i etterkant av festen. Medieomtale om festen og sponsorer, kan Dere se på Tysnes bladet i uke 44.
By Patrick Russell Madsen April 7, 2026
Mandelhuset Eigedom AS fekk tildelt kr 50 000 frå Tysnes Kraftlag sitt næringsfond til gjennomføring av forprosjekt for hotelløkonomi og marknadsgrunnlag knytt til utviklinga av Vaage Hotell i Våge. Me ønskjer først å retta ei stor takk for støtta. Tilskotet har hatt ein reell utløysande effekt og gjort det mogleg å gjennomføra ei grundig og profesjonell kvalitetssikring av prosjektet før vidare investeringsbeslutningar. Gjennomført arbeid Forprosjektet er gjennomført i samarbeid med Wiederstrøm Hotel Consulting ved Peter Wiederstrøm og SP Hospitality ved Sondre Prestegard. Arbeidet har omfatta: Analyse av nasjonal og regional hotellmarknad Kartlegging av konkurransesituasjon og etterspurnad Vurdering av optimal romkapasitet, konsept og segment Økonomiske analysar av driftsmodell, bereevne og leigenivå Sensitivitetsanalysar og risikovurderingar Kundeundersøking med lokal og regional forankring Det er mellom anna gjennomført ei kundeundersøking som fekk heile 819 svar. Dette gir eit uvanleg solid datagrunnlag for eit lokalt prosjekt av denne typen. Undersøkinga viser: Sterk lokal og regional støtte til etablering av hotell i Våge Betydelig etterspurnad knytt til selskap, arrangement og besøkande familie Tydelig potensial innan kurs, konferanse og arbeidsreisande Høg betalingsvilje for eit kvalitetsprodukt med sterk lokal identitet Samla sett dokumenterer analysane eit breitt og samansett marknadsgrunnlag, med både lokal etterspurnad, regional trafikk og eit naturleg nedslagsfelt mot Bergensområdet. Fagleg vurdering Den eksterne vurderinga konkluderer med at prosjektet har eit gjennomarbeidd konsept, realistiske føresetnader og ein berekraftig driftsmodell, gitt rett dimensjonering og kapitalstruktur. Sondre Prestegard uttalar mellom anna: «Vaage/Mandelhuset er etter mitt syn eit svært spennande hotellprosjekt. Prosjektet kombinerer eit sterkt, etablert vertskap med eit tydeleg konsept, høg kvalitet og ei unik plassering. Det som gjer caset særleg attraktivt er breidda i marknaden – med solid lokal etterspurnad, regional trafikk og eit naturleg nedslagsfelt heilt inn mot Bergen. Saman med Patricks gjennomføringsevne, lokale forankring og kommersielle forståing meiner eg dette gir eit prosjekt med låg konseptrisiko og betydeleg oppside over tid.» For oss har dette arbeidet vore avgjerande. Det har justert enkelte føresetnader, styrkt kapitaldisiplinen og gitt eit meir robust beslutningsgrunnlag før byggestart. Effekt og vidare arbeid Forprosjektet har: Redusert konsept- og investeringsrisiko Styrkt dialogen med bank og investorar Gitt ein klarare modell for eigarskap og drift Dokumentert eit stort og reelt marknadsgrunnlag Hotellet er planlagt med 30–35 rom, restaurant, møte- og selskapsfasilitetar og vil kunna skapa 15–20 nye arbeidsplassar i Tysnes kommune. Prosjektet vil bidra til auka verdiskaping, styrkt reiseliv og fleire ringverknader for lokalt næringsliv. Me opplever at støtta frå Tysnes Kraftlag har vore med på å løfta prosjektet frå ambisjon til gjennomarbeidd investeringscase. Dette arbeidet vil mest truleg vera avgjerande for at hotellprosjektet vert realisert på ein sunn og berekraftig måte – og for at det kan bli ein suksess for både eigarar, gjester og lokalsamfunnet. Patrick Russell Madsen Dagleg leiar
By Christophe Sundal March 17, 2026
Prosjektet vart gjennomført i 2024, med ein totalkostnad på 1 199 308 kroner. Kraftlaget bidrog med 353 000 kroner gjennom to søknader, og fylket dekka 700 000 kroner. Prosjektet gjekk om lag 40 000 kroner over budsjett, som kommunen dekka. Kommunen betalte dermed totalt 347 000 kroner i prosjektet.
By Silje Lunde March 17, 2026
Bowlingssystemet er nå i orden sånn at det også fungerer dei neste 15 åra også. I starten av 2022 fekk bowlinga eit heilt nødvendig løft og der me fekk på plass eit nytt data/ scoringsystem.
By Anders Bakke March 17, 2026
Studionnspelingane vart gjort i Havnelageret studio 17. og 18. oktober 2025 med Daniel Birkeland som produsent. Jan Inge høgestøl gjorde deretter sine produksjonar av tidlegare innspelingar ferdige, og sendte dei til Daniel Birkland som blanda desse i avtala rekkefylgje. Albumet vart deretter mastra av mastringsteknikkar Morten Lund i Oslo. Gjennom det digitale distribusjonsselskapet «Cd baby» vart albumet slept på fleire digitale plattformar 9. januar der Spotify, YouTube. Tidal og iTunes er dei viktigaste. Har høyrt mykje positiv omtale av albumet «Gamle spor» og sett at dei digitale ratingane har gått opp etter sleppet. Eg er i det heile svært glad for å ha fått gjennomført prosjektet og musikarane og produsentane seier dei har hatt stor glede av å arbeida saman om dette albumet. No står det att å promotera albumet ytterlegare gjennom eksponering på nettet og ikkje minst ved å spela frå plata på ulike spelejobbar. Anders Bakke
By Torstein Hatlevik March 12, 2026
Prosjektet sto ferdig medio november og vi har fått testet ut konseptet (samt gjort nokre justeringer. Vi utvikla eit konsept som heiter E H Vaage Damp &Bad, vurderina er at om me bygde det direkte under merkevaren Haaheim ville buande gjester forvente det som ein del av pakken (gratis). Me ynskjer også å knytte det sterkare til konseptyet ved sjøen og smørbrødrestauranten her. Vi har hatt utleige for ca kr 20 000 pr mnd dei første t mnd og det blir stadig fleire som kjem, Mange bruker også saunan som grunn for å booke på Haaheim eller reise til Tysnes. Me skal også ha vært første saunabryllup på i februar. Mange av våre reiseoperatører er også svært intressert i produktet. Vi har utvikla fleire pakkar med sjøbad og sauna/ smørbrød og smakinger, det er mange bedrifter som booker det. Me brukte også her meir penger på badstu/material til relax (bytterom og terasse, så eg førte ikkje eigeninnsats på utvikling av konsept eller bygging. Eg bygde bytterom og terasse sjølv (problemet er berre at ingen trur eg har bygd sjølv)., så det blei mange timar av det. Me gleder oss veldig til å utvikle og polere det nye produktet vårt og er veldig takksame for støtta frå Tysnes Kraftlag, den er grunnkapitalen for å skape vekst og innovasjon. Om meir informasjon er ynskjelig, berre ta kontakt. det ligg også meir info om pakker på heimesida vår.
By Einar Aslaksen February 24, 2026
Båtlaget Njord/Tysnes arrangerte Noregsmeisterskapen for Oselvar i 10 kvm i tida 09.-10. august 2025. Det var heile 45 år sidan forrige NM i denne klassen, nemleg i 1980. Den gangen stilt 24 båtar til start, medan i 2025 var det 12 båtar på startsteken. Fredag ettermiddag var det registrering av deltakar og måling av segl i Båtlagsnaustet. Laurdag blåste det så kraftig frå sydvest at regattakomiteen valde å ikkje starte nokon seglingar den dagen. Dugnadsgjengen og siglarar måtte gå heime etter halv dag i von om betre vær på søndag. Søndag var det meldt mindre vind, og regattakomiteen stasa på å få 4 seglingar den dagen slik at det vart gyldig meisterskap. Det kom litt meir vind enn meldt, men ikkje meir enn at det var forsvarleg å avvikle 4 seglingar. Laurdag kveld vart det arrangert middag for seilarane med god drøs og gode historiar. På søndag betasuppe etter endt meisterskap. Det vart lagt ut ein kort bane og 4 seglingar vart gjennonført. K-3 Sjanse vann første segling og følgde opp 2. plass i neste segling for så å avslutte med 2 seire til. K-96 Mosken fekk ein 2. og ein 1. plass i dei to første seglingane, slik at Sjanse og Mosken var likt så langt. Sjanse drog som sagt i land dei neste seglingane medan Mosken fek 3. og 6. plass i dei to siste seglingane. Også K-54 Margrethe seila jamt og godt med serien 5-3-7-2 og fekk bronsemedaljer. I båtane som tok dei to fyrste plassane ver det «toppa» mannskap frå Milde og Hjellestad. I Margrethe var 3 generasjonar Epland representert. Det lovar godt for rekruttering til seglinga. 9 båtar deltok frå Båtlaget Njotrd/Tysnes. Regattasjefane Vegard Aslaksen og Erlend Hatteberg gjorde ein framifrå jobb og hadde mobilisert ein flott gjeng som utførte dugnad over 3 hektiske dagar. Takk til våre sponsorar Tysnes Kraftlag A/S, Tysnes kommune og næringslivet på Tysnes.
By Bente Raknes February 16, 2026
I løpet av 2025 har det vorte arrangert 4 seniortreff: 13.mars, 22.mai, 2.oktober og 27.november. Alle treffa vert arrangert i 5 ulike bygder på same dag. Treffa har vore svært populære, og me har faktisk opplevd både venteliste og publikumsrekord dette året. Det siste treffet i november hadde til saman 242 gjester. Først og fremst er treffa ein sosial møteplass for seniorane våre, men samtidig også ein svært god arena for å nå ut med viktig aldersadekvat informasjon. M.a. har kommunen sin ergoterapeut vore med og formidla sin bodskap om helsefremjande og førebyggjande tiltak og tilgjengelege digitale hjelpemiddel. Marita Flemmen Skogvoll, lokalt politi på Tysnes, har halde innlegg om korleis dei eldre kan verna seg mot vinningskriminalitet og svindelforsøk. Prosjektleiar Sabine Graeff har fått høve til å presentera og lytta ut dei eldre i høve til lokalmiljøutviklingsprosjektet LivOgLyst. I tillegg har me kunna nyta flotte bidrag frå både lokale og tilreisande musikarar. Dei som har bidratt i år, har vore: Monica Hoff Utne, lokal komponist og visesongar. Helge Olav Instøy og Arne Kleppe framførte eit flott portrett i ord og tonar av kystens trubadur; Johannes Kleppevik. Dottera, Marlèn Kleppevik, var med på treffa og framførte ein av faren sine viser. Leslie Egerer og Tarjei Vatne, profesjonelle musikarar og trubadurar frå Bergen, framførte viser og eit artig show. Irene Simonsen og Jarle Kristoffersen, h.h.v. frå Stord og Haugesund baud på nydelege klassiske perler på piano og cello. Til det siste treffet i 2025, inviterte me Arne Torget. Stuntpoeten frå Kvinnherad hadde nett gjeve ut ny diktsamling og delte raust frå sin fantastiske og underfundige kvardagspoesi, til stor begeistring frå publikum. Det vert alltid sett av god tid til mat og prat på treffa. Serveringa held høg standard og er eit høgdepunkt i seg sjølv. På Reksteren har dei eigen kokk som vartar opp gjestene, medan Haaheim Gaard, Mandelhuset og Laukhamar Fritid serverer eller leverer mat til dei andre bygdene. Litt av suksessen bak desse treffa, er nok at dei vert arrangerte lokalt og nært. Eit anna moment er at me klarar å halda prisen låg,- 200 kr. pr. person. I tillegg har bygdelaga høve til å fakturera kommunen for å få sponsa kvar deltakar med 100 kr. Lokalt og ikkje for dyrt gjer at me får mange med. Kontaktpersonar og tilretteleggjarar i bygdene har vore: Marit Nancie A. Gjøvåg og Jorunn Grahl (Reksteren), Gro Heidi Haukefær (Uggdal), Ingeborg Tysnes (Våge), Anne Kristi Alfstad (Lunde) og Lars Mæland (Tveit/Onarheim) I arrangementskomitèen har desse vore med: Bente Raknes (Tysnes Frivilligsentral), Bente Vee (leiar i Eldrerådet) og Lorentz Lunde (nestleiar i Eldrerådet)
By Thi Hieu Nguyen February 16, 2026
Takk for støtta! Eg har no gjennomført innkjøpa til ei fullt utrusta matvogn. I tråd med vilkår til støtta vart verksemda registrert hjå Mattilsynet 12.12.2025. Investeringa vil gje betre arbeidsforhold og moglegheit for å kunne servere mat heile året. Det vil også føre til at eg kan utvide menyen til for eksempel ulike wok-rettar, nudlar og steikt ris med ulike sausar. Dykkar støtte har vore vesentleg for å kunne vidareutvikle verksemda til å no verte ein heilårs arbeidsplass, og for det er eg veldig takknemleg.
By Øystein Vaage January 28, 2026
Tysnes gjev meirsmak tok initiativet til å etablere Stolpejakten Tysnes, og har sidan starten hatt ei sentral rolle i å samle lag frå heile øya om eit felles folkehelse- og reiselivstiltak. Gjennom målretta arbeid har prosjektet blitt eit symbol på samarbeid og engasjement i lokalsamfunnet. Saman med idrettslag og bygdelag frå ulike delar av Tysnes har ein bygd opp eit inkluderande og gratis aktivitetstilbod som motiverer både fastbuande og tilreisande til å oppleve naturen – til fots, på eiga hand eller saman med andre. Stolpejakten er eit framifrå døme på korleis frivillig innsats og lokal koordinering kan skape store ringverknader for både helse og samhald. Resultat og utvikling I 2025 deltok 1 565 stolpejegere på Tysnes, med til saman 34 793 innsjekkingar. Dette er noko færre enn året før (2 021 deltakarar og 52 898 innsjekkingar), men aktiviteten per deltakar held seg høg – kvar stolpejeger besøkte i snitt over 20 stolper gjennom sesongen. Det vitnar om eit sterkt engasjement og ein lojal brukarbase som nyttar tilbodet aktivt, trass i at Våge ikkje hadde stolper denne sesongen. Dei fleste deltakarane er mellom 50 og 65 år, men Stolpejakten samlar folk i alle aldrar – frå barnefamiliar til eldre som brukar turane som fast del av kvardagsaktiviteten. Mange deltakarar gjer alle stolpene i sitt område, og fleire tek heile øya. I lokalpressa vart mellom anna Janniche Hole løfta fram som eit døme på korleis Stolpejakten motiverer til utforsking, meistring og naturopplevingar. Trass i litt lågare deltaking enn året før, viser tala at Stolpejakten har etablert seg som eit stabilt og høgt brukt folkehelsetiltak. Den kontinuerlege interessa og det sterke engasjementet frå deltakarane understrekar verdien av å halde tilbodet i gang. Erfaringar frå sesongen Den største forskjellen frå tidlegare år var at Våge ikkje hadde stolper i 2025, noko som truleg forklarer delar av nedgangen i deltakarar. Samtidig har prosjektet opplevd sterk lokal støtte og gode tilbakemeldingar. Dei frivillige laga har lagt ned eit imponerande arbeid med planlegging, kartlegging og vedlikehald, og deltakarane har uttrykt stor glede over variasjonen i både vanskegrad og plassering. Mange framhevar at Stolpejakten har gitt dei eit sterkare forhold til eigen kommune og meir kunnskap om kulturminne og natur. Verdien for folkehelsa Stolpejakten Tysnes er eit lågterskeltilbod med høg effekt. Prosjektet fremjar fysisk aktivitet, sosial kontakt og mental helse – og det skjer på deltakarane sine eigne premissar. Fleire lag understrekar kor viktig tiltaket er som erstatning for «sommartrimmen» og som motivasjonsfaktor gjennom heile sesongen. Prosjektet speglar sentrale berekraftsmål, som god helse og livskvalitet, mindre ulikskap og berekraftige lokalsamfunn. Verdien for reiselivet Stolpejakten har etter kvart også fått stor reiselivsmessig betydning for Tysnes. Deltakarstatistikken viser at stolpejegere frå heile landet finn vegen hit – i 2025 kom dei frå 98 ulike kommunar, med flest frå Bergen og omegn, men også mange frå Bjørnafjorden, Os og andre delar av Vestlandet. For mange tilreisande blir Stolpejakten ein del av ferieopplevinga: ein kombinerer jakt på stolper med turar til lokale attraksjonar, handel og servering. Det skaper trafikk i lokalsamfunnet og bidreg til å profilere Tysnes som ein attraktiv og aktiv destinasjon. På nasjonalt nivå har Stolpejakten blitt eit etablert konsept som knyter saman friluftsliv, teknologi og berekraft – og Tysnes har markert seg som ein av dei kommunane som har lykkast best med å integrere konseptet i lokalt samarbeid og verdiskaping. Vidare arbeid Alle laga frå 2025 har meldt interesse for å delta vidare i 2026. I tillegg har Båtlaget signalisert at dei vil dekke Våge, noko som vil bidra til større deltaking og synlegheit. Det manglar framleis eit lag i Uggdal, men dialogen er i gang for å finne ei løysing. For å nå ut til endå fleire vil prosjektet satse på betre kommunikasjon og synlegheit, der laga deler bilete og oppdateringar i sosiale medium. Oppsummering Stolpejakten Tysnes 2025 har vist at tiltaket leverer meir enn gode tal – det skaper aktivitet, glede og fellesskap. Deltakarane blir meir aktive, lokalsamfunnet står sterkare saman, og Tysnes framstår som ein kommune der frivilligheit, folkehelse og reiseliv går hand i hand.
By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca.
By Steffen Sleire Opdal December 11, 2025
No er oppussings og renoveringsprosjektet av Ungdomshuset Vonheim kommen der at me vurderar det som ferdigstilt ihht det omsøkte porsjektet som me fekk stønad til hjå kraftlaget. Dette er eit prosjekt som har vert i stadig utvikling og utviding undervegs, og det vil framleis pågå noko arbeider i huset framover innimellom, men huset er no fullt operativt og i bruk, og det som skjer framover er ut over det opprinnelige prosjektet, då me har klart å hanke inn yttarlege finansiering undervegs. Me har no fått ein aktivitets- og kulturarena for framtida. Og laget vil fortsetje å utvikle dette! Her er ein del bilete av arbeidet som er utført i huset. Her er det mange rom som er ombygd/renovert, og mykje tekniske detaljar, så eg har ikkje tatt fått med alt, men har prøvd å få med litt av dei store tinga. Mvh Steffen Sleire Opdal Kasserar Tysnes Ungdomslag
By Patrick Russell Madsen November 24, 2025
Mandelhuset søkte i oktober 2024 om støtte til eit samla program for kompetanseutvikling. Målet var å styrka fagmiljøet, auka rekruttering og byggja vidare på den lokale lærlingtradisjonen. Tiltaka omfatta deltaking i Sjømatspireprosjektet, sommelierutdanning og vidare satsing på lærlingar og rekruttering. Me kunne ikkje prioritert noko av dette her utan stønad frå Tysnes Kraftlag, me sett utruleg stor pris på stønaden!
By Lise Skjåk Dalen November 24, 2025
Onarheim idrettslag har starta med treningar i brasiliansk jiu-jitsu i gymsalen på Onarheim skule kvar onsdag frå kl. 17 - 18. Treningane er opne for alle interesserte, både barn, unge og vaksne. Aktiviteten krev at ein har tilpassa brytematter. Dette har idrettslaget kjøpt inn. Laget har laga 2 stk transportvogner til mattene sjølve på dugnad (10 t arbeid).
By Øystein Vaage November 24, 2025
Laurdag 8. november i Tysneshallen og på Tysnes skule
By Øystein Vaage November 21, 2025
Ein festival frå unge – for unge Tysnesfest UNG 2025 vart gjennomført fredag 11. og laurdag 12. juli under festivalveka, med storslagent program frå kl. 11 til 14:30 begge dagar. Festivalen har etablert seg som ein viktig del av Tysnesfest – men også som ein sjølvstendig arena for barn, ungdom og familiar. Med låg billettpris (200 kr for festivalpass, 130 kr for dagspass) og høg kvalitet på innhaldet, er målet at alle barn og unge på Tysnes skal kunne delta – uavhengig av bakgrunn. Dette er berre mogleg takka vere støtta frå Tysnes Kraftlag, som gjer at TF UNG framleis kan vere ein festival for alle. Totalt vart det selt 116 festivalpass, 72 fredagspass og 114 laurdagspass, i tillegg til rundt 30 frivillige og crew som bidrog i gjennomføringa før, under og etter festivalen. Frivillige i alderen 8–15 år TF UNG er ein festival som faktisk blir driven av dei unge sjølve. Frå billettsjekk og kioskdrift til ansiktsmåling og rigg – det er ungdomar i alderen 8–15 år som får festivalen til å gå rundt. Ungdomsrådet er med som vertskap og deltek i planlegginga. Stemninga blant frivillige var fantastisk – dei opplevde det som gøy, meiningsfullt og sosialt. For mange er dette årets høgdepunkt og eit viktig steg inn i frivillig arbeid og lokal kulturbygging. Program og opplevingar Programmet på Vonheim var fullt av energi, mangfald og kvalitet. Fredagen starta med teaterframsyninga Den magiske koffert, før det vart konsert med Trio Oro, og deretter Ingeborg frå The Voice – før dagen vart avslutta med Mikkel Munthe frå Team Pølse. Laurdagen bød på Poppeloppane, musikalen Frekk og Tidi, og trylleshow med Geir Elling – før to klovnar leia publikum frå Vonheim til hamna, der det vart halde eit spektakulært sjørøvarshow frå skute. I Våge sentrum skapte tivoliet, gateunderhaldninga og publikumsfavorittane Gå planken – grønnsåpe edition og Palleløp liv og latter gjennom heile helga. Vonheim – det nye heimen til TF UNG 2025 var første året festivalen flytta inn i det nyoppussa ungdomshuset Vonheim. Lokalet viste seg å vere perfekt for formålet – sentralt, trygt og med god atmosfære. Med strålande vêr heile helga vart det eit yrande liv både inne og ute, og ein kjærkomen møteplass for familiar i sommarferien. Profilering av Tysnes Kraftlag Tysnes Kraftlag er ikkje berre hovudsponsor, men ein tydeleg del av festivalidentiteten. Kraftlaget blir profilert som «Tysnesfest UNG – presentert av Tysnes Kraftlag» på nettside, plakatar, program og banner utanfor Vonheim. I tillegg vart det produsert ein promofilm med intervju av både frivillige og styreleiar i Tysnes Kraftlag – ein film som viser korleis støtta bidreg til samfunnsnytte og felles opplevingar på Tysnes. Verdien av støtta Støtta frå Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å tilby ei festivaloppleving med profesjonelle artistar, god teknikk og låge billettprisar. Den økonomiske tryggleiken gjer at Tysnesfest UNG kan vere eit inkluderande og inspirerande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av familieøkonomi. Kort sagt: Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å skape kultur, engasjement og fellesskap for den oppveksande generasjonen på Tysnes. Vidare blikk Tysnesfest UNG skal vidareutviklast som eit fyrtårn for barn og unge på Vestlandet – ein festival som løftar fram ungdom, gir meistring og skaper minner for livet. Ambisjonen er å halde fram med å vekse, og på sikt bli den beste festivalen for barn og unge på Vestlandet. Takk til Tysnes Kraftlag for at de gjer draumen om Tysnesfest UNG mogleg – år etter år
By Henrik Aakre November 21, 2025
Fasade for kafélokala med nye glasruter og gardiner. No er 12 nye vindu montert i hjarta i Grendatun, kafélokala. Tiltaket har vore planlagt ei tid saman med Andersland Bygg, men no er glasrutene skifta. Det er Andersland Bygg som har utført arbeidet med sine fagfolk. OUL er svært nøgd med resultatet og takkar Tysnes Kraftlag, og eigne medlemmer som stod på og greidde å gjennomføre dette prosjektet mot slutten av året.
By Jorunn Grahl November 19, 2025
Biletet er henta fra facebooksida til Reksteren Idrettslag
By Trond Bakkane November 17, 2025
Uggdal Bygdalag søkte i april 2021 Tysnes Kraftlag om støtte til prosjektet «Turveg langs Kyrkjevatnet». Prosjektet gjekk ut på å byggja turveg og lysanlegg langs Kyrkjevatnet i Uggdal. Turvegen skulle byggjast i samsvar med retningslinjene frå departementet og verta den fyrste turvegen i Tysnes kommune med universell utforming. Føremålet med prosjektet var å leggja til rette for auka fysisk aktivitet og trivsel i bygda. Året 2021 gjekk med til å prosjektera turvegen, rydding av skog og vegetasjon i vegtrasé, samt å få på plass resterande finansiering til prosjektet. Prosjektering Prosjektering vart utført i samarbeid med Jan Ove Sæd og Katrine Sæd i West Konsulent Limited. West Konsulent Limited bidrog blant anna med følgjande oppgåver:  Vurdering av grunnforhold i den nye delen av traseen.  Sikre at turveg var i tråd med statlege krav for universell utforming  Kvalitetssikring av bygdelagets prisestimat  Utarbeide plantegninger over turveg  Stikking av trasè  Utarbeide anbudsdokument og anbudsgrunnlag for turveg  Bistå i anbudsprosessen Anbodsprosess Anbodsdokumentasjon vart utarbeida saman med West Konsulent AS. Anbodsprosessen vart utført hausten 2021. Uggdal Bygdalag hadde fem entreprenørar som gav pris på arbeidet. Som grunnlag for val av entreprenør vart følgjande kriteria lagt til grunn:  Pris inkl. timepris og påslag  Byggjetid/oppstartstidspunkt  Referansar  Lærlingordning  Bruk av underentreprenørar Uggdal Bygdalag valde u􀆟frå dei ovannemnde kriteria Runes Maskin AS som entreprenør til opparbeiding av turvegen, med ei estimert kostnadsramme på kr 1 929 368,- eks. mva.
By Lars Mæland October 29, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats. Men som vedlagt oversikt over estimat og faktisk kostnad viser, så går me i minus på prosjektet. Me søkjer derfor svært gjerne ein økning i tilsagnet om støtte som gjenspeiler denne økning i kostnad.
By Yvonne October 29, 2025
Da har Carisma fått en frisør bestått i Videreutdanning Fargespesialist i Loreal og kjøpt 4 nye stoler og bord/tilbehør til fargestasjoner for å oppgradere salongen med 4 nye stoler. Takk for støtten.
By Jorunn Vonheim Grahl October 29, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig for støtten vi har mottatt fra Tysnes Kraftlag, og vi har nå installert oven og gjort de endringer som var nødvendig. Vi søkte et mindre beløp, da vi valgte å kjøpe en ovn med mindre størrelse, da dette passet best inn i de eksisterende kjøkken. Oppgraderingen har vært til stor glede, og vi har fått gode tilbakemeldinger fra brukere av kjøkkenet. Tusen takk :-)
By SIlje Lunde October 27, 2025
Tysnes Kraftlag spegler dei kommunale tilskota til idrett, kultur og nærmiljøtiltak for til saman kroner 654 200,01 for 2025.
By Merete Fjelltveit Flakke October 15, 2025
Den 10. juli 2025 vart det for aller første gong arrangert motbakkeløp til Tysnessåto, i regi av Venelaget Tysnessåto, Svingen Puls AS og Kulturkontoret AS. Arrangementet, kalla Såto Opp, vart ein stor suksess og markerte opninga av Tysnesfest-uka. Løpet gjekk frå Myrdal og opp til fjelltoppen på 753 moh, via ein spektakulær trasé med over 1000 trappetrinn, 2 km lengde og 500 høgdemeter. Over 300 deltakarar melde seg på i ulike klassar – frå mosjonistar og familiar til konkurranse løparar i aldersinndelte grupper. I tillegg til sjølve løpet, vart det arrangert ein unik fjellkonsert med Jo Nesbø og Lars Jones på toppen av Tysnessåto. Konserten samla eit stort publikum, og det er anslått at over 1300 personar tok turen til fjells denne dagen. Arrangementet vart gjennomført med brei støtte frå lokalt næringsliv og frivillige. Tysnes Kraftlag, Sparebanken Norge og ei rekkje lokale sponsorar bidrog med til saman kr 262.000 i sponsormidlar, i tillegg til vedtaket frå Tysnes Kraftlag. Dei totale kostnadene for arrangementet var i underkant av kr 383.000, og det vart oppnådd eit positivt resultat. Den gode økonomien og den store deltakinga gjev eit solid grunnlag for vidareføring av Såto Opp som eit årleg arrangement. Planen er å investere i EQ Timing-utstyr, som gjev profesjonell tidtaking med RFID-brikker og skybasert programvare – ideelt for fjelløp og mosjonsarrangement. Tysnes Kraftlag har gjennom si støtte vist seg som ein viktig medspelar for lokal utvikling og folkehelse. Deira samfunnsgåver har som mål å fremje aktivitet, inkludering og nyskaping i Tysnes kommune, og Såto Opp er eit godt døme på korleis slike midlar kan bidra til varige verdiar for lokalsamfunnet. Vi takkar alle samarbeidspartnarar, frivillige og deltakarar som gjorde Såto Opp 2025 til ein folkefest – og ser fram til å vidareutvikle konseptet i 2026.
By SIlje Lunde October 15, 2025
Figur 1 Faksimile: Bladet Tysnes den 27.08.2025, fotograf og journalist: Marte Macody Tufte Med god hjelp av Uggdal bygdelag vart aktivitetsparken ved Kyrkjevatnet i Uggdal endeleg ferdig sommaren 2025. Det var offisiell opning var 24.august. Prosjektet hadde som mål å etablere ein inkluderande og lågterskel aktivitetspark ved Kyrkjevatnet. Aktivitetsparken er tilpassa barn i alle aldra, og bidra til at området rundt Kyrkjevatnet er i endå høgare grad eit sosialt og familievennleg område.
By Gunnar Lunde October 15, 2025
Premier til skot av revar i Tysnes kommune. I 2024 vart det skote 29 revar, noko som er rekord i Tysnes beitelag. Skotpremien er på kr. 300,- pr rev som blir skoten på Tysnes. Ordninga er open for alle, og er viktig for å redusera tap av lam. Tysnes beitelag takkar for støtta.
By Bente Raknes September 12, 2025
Tysnes frivilligsentral har arrangert to treff første halvår 2025 Det første treffet vart halde på Mandelhuset i Våge 24.januar. Det var 104 påmeldte til treffet. Det vart servert Tapas og drikke, og DJ Helge Andersen underheldt. Det vart tinga to ekstrabussar til/frå treffet i tillegg til kulturbussane til kommunen. Det andre treffet vart halde på Onartun 9.mai. Det var 90 påmeldte til treffet. Alsaker Fjordbruk var vertskap for treffet, og sponsa 3-retters middag, brus og snacks til alle. Kulturkontoret AS hjalp til med å booka artist, og me fekk oppleva ein eksklusiv konsert med Tobias Sten (overnatting i leilegheit på Onartun vart også sponsa av Alsaker Fjordbruk). I tillegg var Julian Aase Lid DJ for kvelden. Det vart tinga ekstrabussar til/frå treffet. Denne gongen med innvilga søknad om LTU-støtte frå Vestland fylkeskommune. I tillegg nytta me begge dei kommunale kulturbussane. Begge treffa har vore svært vellukka. Ungdomane har kosa seg og har vist fin framferd. Me har ikkje sett at nokon har nytt alkohol, men har hatt ei kjensle av at nokon har smakt litt i forkant av treffa. Me har vore svært tydelege på at dette skal vera rusfrie arrangement, men litt ungdomeleg eksperimentering må me kanskje rekna med. Det «positive» er likevel at dette skjer i trygge rammer med vaksne til stades.  Etter desse to treffa har eg evaluert litt i lag med ungdomane og med foreldra. Dei tilbakemeldingane eg har fått er udelt positive: «Flott tiltak», «Tommel opp», «Ønskjer fleire treff», «Kjempeflott tiltak», «Viktig med møteplassar for ungdomen»…..
By Kenneth Røssland September 9, 2025
Det vart halden ein samhandlingsøvelse med alle hjelpeetatar i Tysnes Kommune 22.mai 2025. Øvinga var delt inn i 2 delar, først ein bordøving etterfulgt av ein felles praktisk øving. Øvinga tok utgangspungt i brann i Stjernereiso barnehage. Mål for øvinga var samhandling ved større hendingar.
By Jorunn Grahl September 9, 2025
Haukafær vel hatt stor dugnad for at turvei og klargjøring til å sette opp gatelykt på denne rundturnen. Vi alle er svært takknemlige for å kunne gå sikret rundt denne løypen nå. Takker for støtten
By Jorunn Grahl September 9, 2025
Haukafær Vel har hatt flere dugnader sammen og ryddet turvei og fått satt opp gatelykt nr 2 på turveien, Rastebordene er blitt plassert nede i Haukafærvågen med fin utsikt over vågen. Batteriet til hjertestarteren er også plass. Alle er svært glade for dette tiltaket og alle takker Tysnes Kraftlag for at dette ble mulig
By Nina Olsnes Iversen September 9, 2025
På årsmøtet i 2023 vart det bestemt å prøva å få ein karusell til leikeplassen vår i 2025. Vi starta planlegginga hausten 23, og kom fram til at ein Romana Carousel ville passa oss. Sjølve arbeidet starta i april/mai 2025, med Arne Dalsgård som prosjektleiar. Karusellen stod ferdig juni 2025. I tillegg til desse utgiftene har vi omsider kjøpt inn eit skilt der våre støttespelarar er noterte. Skiltet er lett synleg for forbipasserande. Karusellen er svært populær blant brukarane av leikeplassen, og Lundehagen Vel har hausta mange godord. I tillegg til disser og sandkasse, har barna no fått seg noko som ikkje fins andre stader i bygda, og det set dei pris på. Tusen takk til Tysnes Kraftlag for støtta!
By Øystein Vaage September 9, 2025
Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår. Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen får mange positive tilbakemeldingar. Med Tysnesfest i spissen har lokalt næringsliv dei siste åra hatt ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til fleire. For å få dette til har ein via næringsrådet fått støtte frå Tysnes Kraftlag til å dekka inn delar av auka kostnadar til trykking og distribusjon.  Sommaravisa for 2025 var rekordstor med 96 sider og blei trykt i eit opplag på heile 52.000 eksemplar. Nytt i år var at sommaravisa kom som ilegg i både e-avisa og papiravisa til Bergens Tidende. Dette i tillegg til at avisa blei distribuert til alle husstandar i kommunane Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Bjørnafjorden og deler av Kvam og Kvinnherad. Avisredaksjonen har fått gode tilbakemeldingar på årets sommaravis. Lesarar har teke kontakt og vil vita meir om kva som skjer i kommunen vår. Truleg har sommaravisa ført til at fleire har teke turen for å oppleva Tysnes. Utan støtte frå Tysnes Kraftlag hadde det ikkje vore mogleg å nå ut til så mange lesarar med årets utgåve av sommaravisa "Opplev Tysnes".
By Christian Nome Lepsøe September 9, 2025
Deler av benkene i badstuen vår måtte skiftes ut fordi de var slitt og begynt å bli "frynsete" sannsynligvis fordi saltvann tærer på treet. Andersland Bygg gjorde jobben i juni. Takk for støtten fra kraftlaget til dette.
By Else Marit Særsten September 5, 2025
Tysnes skulekorps reiste til Stockholm 20.-24.juni 2024 Me var 30 stk som reiste, derav 18 musikanter. Me tok fly og budde i hytter i Nynæshavn like utenfor Stockholm. Iløpet av turen spelte skulekorpset ein konsert på Stortorvet i Gamla Stan og ein konsert på campingplassen der me budde. Me var og turister og besøkte slottet, Grøna Lund, Paradoxmuseet mm. Ein veldig kjekk og sosial tur. Slike turer er viktig for samholdet i korpset. Tysnes Skulekorps takkar for støtta me fekk frå Tysnes Kraftlag.
By Helga Irene Aslaksen September 4, 2025
TYSNES HERREBUNAD – AUKA UTBREIING OG BRUK AV BUNADEN Viser til søknad om støtte til vårt prosjekt vedk. å ta vare på og vidareføra herrebunaden for Tysnes, og til innvilga tilskot som me er svært takksame for. Me er no i mål med grunnarbeidet, og vil jobba vidare for at bunaden blir meir tilgjengeleg for folk flest, både gjennom utleige og kursing. Bunaden er produsert ved hjelp av betydeleg dugnadsinnsats frå medlemer i Tysnes husflidslag. Den er hovedsakleg sydd for hand, og mykje nitidig arbeid gjennom brodering under lupe og krevjande strikk/vev. Ved studie av bilda som ligg ved vil det gå fram. Brosjyren som er produsert er trykt opp i eit lite opplag i første omgang, og er laga før vedtaket frå Tysnes Kraftlag låg føre. Når me trykkjer opp nytt opplag, vil me ta med at prosjektet er støtta av Tynes Kraftlag. Det same vil gjeda ved presentasjon av bunaden i bladet Tysnes
By Terje Sløgedal September 4, 2025
Tysnes skule har satt opp ein gapahuk i bøkeskogen ikkje langt frå skulen. Den er tiltenkt brukt i uteskule og sjølvsagt til bruk for allmennheta. Me har brukt to pensjonistar til å setje den opp og masse elevar til bæring og beising. Det har vore eit utruleg kjekt prosjekt og me ser no fram til å nytte den i skulesamanheng. Me takkar så mykje for støtta til gapahuken. Skulen har fått ein base for eit flott uteklasserom som me kjem til å bli veldig glad i! I tillegg har elevbedrifter(ALF) fått være med å beise gapahuken og elevane på skulen vore med og bære materialar opp til byggeplassen.
By Einar Aslaksen September 2, 2025
Sjøsportsveko vart i år arrangert i veke 27, 30. juni – 04. juli. Det var i utgangspunktet 30 plassar, men sidan det var få som stod på venteliste valte me å gje plass til i alt 34 born i alderen 9-13 år. Som følgje av dette vart det kjøpt inn og lånt ekstra utstyr. Arrangementet vart avvikla utan deltakaravgift sidan me også i år hadde lukkast med å få økonomisk støtte frå fleire støttespelarar. I alt vart det lagt ned 475 timar arbeid av vaksne og ungdommar for å førebu, gjennomføre og utføre etterarbeid ifm med Sjøsportsveko 2025. I år hadde me med oss 4 ungdommar som bidrog som hjelparar. Timeplanen var om lag som året før men med hovudfokus på sigling. Borna vart delt inn i 3 grupper som rullerte på aktivitetane. Følgjande aktivitetar stod på programmet: Knuter og stikk Sjøvett Kolsigling Rigg og seglteori Jollesigling Sigling med oselvar SUP (Stand up padle) Kajakk og padling Vannsport Konkurransar innan alle aktivitetar ein hadde lært gjennom veka Dei eldste og mest røynde deltakarne vart plassert i same gruppe. Denne gruppa vart utfordra meir spesielt i sigling. Gruppa fekk meir tid om bord i oselvaren enn dei mindre røynde deltakarne. Dette gjorde at dei fekk mestra mannskapsrolla betre og kunne, saman med ein av ungdommane, sigla sjølvstendig under konkurranse siste dagen. Denne tilnærminga kan gje grobunn til vidare satsing for unge oselvarsiglarar. Siste dagen fekk me også besøk av brannbåten «Sjøbrand» som hadde teke turen frå Bergen. Etter at konkurransane var ferdig vart Sjøsportsveko avslutta med grilling og premieutdeling. Teigland, den 14. august 2025 For Båtlaget Njord/Tysnes Einar Aslaksen