Retningslinjer for Reisefond – Oppvekstsektor:


1. Formål

Reisefondet skal bidra til å støtte reiser og arrangement som fremjar læring og oppleving for barn og unge i kommunen sin oppvekstsektor. Ordninga skal bidra til å styrkje aktivitetar i regi av barnehagar og skular.


2. Omfang

Ordninga gjeld for heile oppvekstsektoren, og omfattar alle kommunale skular og barnehagar i kommunen samt Kulturskulen.


3. Forvaltning

  • Reisefondet vert forvalta av Kommunalsjef Oppvekst.
  • Midlane vert utbetalt etter søknad som forskot 1. september kvart skuleår.
  • I forkant av neste års tildeling krevjast ein sluttrapport etter Kraftlaget sin mal, som syner kva midlane er nytta til gjennom føregåande skuleår.


4. Økonomisk ramme

  • Årleg ramme for reisefondet er kroner 250 000 per skuleår.
  • Midlane skal som hovudregel nyttast innanfor skuleåret etter at utbetaling er gjort.


5. Avgrensingar og presiseringar

  • Einskild søknadar om reiser og arrangement i skulesektoren under kr 10 000 vert ikkje handsama i Kraftlaget, og vil bli henvist til Kommunalsjef Oppvekst.
  • Større søknadar knytt til reiser kan bli henvist til Kraftlaget dersom dette vert vurdert som relevant.
  • Krav om sluttrapport og dokumentasjon på gjennomført aktivitet gjeld for vidare tildeling frå fondet.



Oppdatert: 12.01.2026