Retningslinjer for søknader til Generalforsamlinga i Tysnes Kraftlag AS (søknadsbeløp over kr 500.000)
Det vert med dette lagt fram forslag til nye retningslinjer for handsaming av søknader om støtte til større prosjekt. Føremålet er å sikre føreseielegheit, kvalitet i søknadsgrunnlaget og forsvarleg sakshandsaming før framlegging for Generalforsamlinga.
1. Verkeområde
Desse retningslinjene gjeld for søknader om støtte til prosjekt med ein samla søknadssum på over NOK 500 000, som skal fremjast for Generalforsamlinga i Tysnes Kraftlag AS (heretter «Kraftlaget»).
2. Krav til forankring
Søknader skal vere forankra hos besluttande myndigheit hos søkjar, til dømes styre, årsmøte, formannskap eller kommunestyre. Dokumentasjon på slik forankring skal leggjast ved søknaden.
3. Eigarskap og gjennomføringsevne
Ved søknad om anlegg som kan vere aktuelle for spelemidlar (tippemidlar), skal søkjar vere – eller kunne bli – eigar av anlegget. Det er ein føresetnad at søkjar har gjennomføringsevne til å realisere prosjektet.
4. Eigedoms- og rettstilhøve
Alle relevante eigedoms- og rettstilhøve, samt andre formelle avtalar som har betydning for gjennomføringa av prosjektet, skal vere vurderte og så langt som mogleg avklarte før tilsegn om støtte kan gjevast.
5. Andre støtteordningar
Det skal gå fram av søknaden om prosjektet er vurdert eller søkt finansiert gjennom andre støtteordningar, særleg der desse utgjer ein vesentleg del av finansieringsgrunnlaget, til dømes spelemidlar eller andre offentlege tilskotsordningar.
6. Førehandsvurdering frå styret
Før endeleg framlegging for Generalforsamlinga kan søknaden få ei uforpliktande førehandsvurdering av styret i Kraftlaget. Vurderinga skal avklare om prosjektet fell innanfor gjeldande støtteordningar, og om styret prinsipielt vil støtte søknaden.
7. Trinnvis utbygging
Kraftlaget kan inngå avtalar om trinnvis utbygging av prosjekt. Dette kan innebere trinnvis godkjenning og finansiering av delprosjekt, sjølv om det samla prosjektet ikkje er fullfinansiert ved søknadstidspunktet.
8. Forskottering av midlar
Kraftlaget kan forskottere midlar frå andre finansieringskjelder dersom det ligg føre bindande tilsegn. I slike tilfelle skal det etablerast eigne låneavtalar mellom Kraftlaget og søkjar.
9. Tidsplan
Det skal leggjast ved søknaden ein forpliktande tidsplan, og vesentlege brot på denne kan medføra at ei løyving kan trekkast attende av Kraftlaget.
10. Kontrakt
- Løyvingar gitt av Generalforsamlinga i Kraftlaget skal i etterkant stadfestast av ein kontrakt mellom søkjar og Kraftlaget.
Vedtatt på styremøte 13.4. 2026.
