Auran Tona & Tekst - Gje ut diktbok
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok.
Utvalet
Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
Stovegolvet var ein bra arbeidsbenk, då eg skulle få oversikt over dikt-materialet. Det var ein gild dag når pallen med nytrykte bøker vart levert på tunet
Bearbeiding av manus
«Språkvask» var eit ord eg ikkje var kjend med før eg sette i gong med å laga bok. Språkvask, handlar litt forenkla sagt om å bearbeida og rydda opp i språket utifrå språklege normer og konvensjonar. Utifrå tilbakemeldingene etter språkvasken, måtte eg skrive om og justera fleire av dikta. Dette var ein lærerik og nytting erfaring. Det var ikkje alle innspela eg velde å ta hensyn til. Å høyra på andre, men lytta til seg sjølv, trur eg er ein god regel å styra etter i ein slik prosess. Korrekturen var ikkje lika inngripande, men også her måtte eg ta ord og vendingar i fleire av dikta opp til ny vurdering. Denne handverkssida ved å gje ut bok, har eg likt godt. I dikta skrivne på tysnesdialekt har eg stått friare språkleg.
Omslag og ombrekking
Eg har vore heldig som har fått gode innspel frå andre skrivande Tysnesingar gjennom dette prosjektet. Eg er særleg takksam for å bli tipsa om ei nettside med private tilbydarar av tjenester relatert til bokutgjeving. Her fann eg hjelp til ombrekkinga (boka sin «innmat») og ferdigstilling av trykkeklare filer, samt innhenting av pristilbod frå ulike trykkeri. Framsida av boka, var ein jobb eg stod for sjølv. Det vart tinga inn 500 bøker, som førespegla i søknaden.
Boksal
Pr i dag har eg solgt litt i underkant av 100 bøker som eg er bra nøgd med. Eg vonar at det framleis er litt interesse for boka lokalt, som no ligg for sal i butikkar i Våge.
Eg har registrert boka i bokbasen.no. Dette er eit register som gjer boka tilgjengeleg for søk hos alle landets bokhandlarar. Bokhandlarane kan på denne måten tinga boka inn frå meg ved kundebestillingar i butikk eller i netthandel. For å få tilgong hos Norli og Ark, måtte eg fyrst forhandla om innkjøpsrabattar i på vegne av forlaget mitt «Ekelund Forlag». Det tok ein del tid å setja seg inn i alt dette.
Ein del av planen med diktboka framover, er å ta ho med meg på spelejobbar, og flette inn dikta mellom songane. Eg håpar på denne måten å få seld bøker utanfor Tysnes.
Publisitet
I forkant av boksleppet har eg lese dikt på basar, pensjonistforening, viseklubb og andre arrangement som har gitt boka og dikta mine lokal merksemd. Sosiale media har vore nytta så hensiktsmessig og så gjennomtenkt som mogleg.
Eg har betalt for annonse på sosiale media, med ein hyggjeleg omtale frå Anita Østerbø (Skammens Mødre). Om dette har noko effekt er vanskeleg å seia, men eg håpar at det kan bidra til litt nettsal hos bokhandlarane.
Det er vel dette som er det svakaste leddet ved å gi ut bok sjølv- nemleg å få folk merksame på at boka faktisk finst. Publisitet er ein dyr vare.

Eit reklame-forsøk på å nå ut til massane med ein hyggjeleg omtale frå kjendisforfattaren vår, Anita Østerbø
Boksleppet
15. November slapp eg offisielt diktboka «F i r a» på svingen sine lokaler ved sida av Ivyelli i Våge. Då spela eg songar frå eige repertoar og las dikt frå boka. Det var tilnærma fult hus, og folk let velbåde om boka og arrangementet. Eg fekk signert ein del bøker, og eg sat igjen med ei god kjensle av fullført løp.
Eit reklame-forsøk på å nå ut til massane med ein hyggjeleg omtale frå kjendisforfattaren vår, Anita Østerbø
Sjølvsagt var det diktaren sjølv som las. «Tre av fira» med på scenen
Eg takkar med dette for tilliten de har vist meg gjennom tildelinga av pengestøtte til diktboka mi. For eit slikt prosjekt, er denne støtta eit vera eller ikkje vera.
Eg vonar at denne boka kan bidra tilbake til lokalsamfunnet ved å inspirera andre til å setja i gong med eit bokprosjekt dei går rundt med i magen. Eg har tileigna meg mykje kunnskap i løpet av dette arbeidet, som eg kan dela vidare til andre skriveinteresserte på Tysnes. Dikta skrivne på dialekt, vonar eg kan vera med å styrka vår språklege tilhøyrsle, i ei tid der dagletalen blir meir og meir utvaska av lånord og forkortingar generert av sosiale media.
Prosjekt fullført!














