Om aksjer og formueskatt
I eit lesarinnlegg i Bladet Tysnes viser Odd Arild Langeland til generalforsamlinga i Tysnes Kraftlag i 2018, der det vart sagt at ingen skal tapa pengar på å eiga aksjar i Tysnes Kraftlag. Det er heilt riktig. Samstundes seier vedtektene våre at utbytet i hovudsak skal gå til utvikling og prosjekt i Tysnessamfunnet, ikkje til beriking av aksjonærane. Desse to målsetjingane har styret prøvd å balansera gjennom dagens utbytepolitikk.
Det er rett at aksjonærar som er i posisjon til å betala formuesskatt, i dag taper på å vera aksjonærar. Løysinga me har lagt til rette for, for å sleppa formuesskatt, er at privatpersonar gratis kan gje aksjar til lag og foreiningar som ikkje treng betala denne skatten. Kvar aksjonær, stor eller liten, har etter vedtektene våre same stemmerett – éi røyst. Beheld ein minst éin aksje, beheld ein også stemmeretten og innverknaden på kraftlaget si verksemd. Sidan det så langt etter etableringa av aksjeselskapet ikkje er selt aksjar, er marknadsprisen på aksjane null.
Styret si vurdering har vore at dei som i dag taper på å vera aksjonærar, utgjer om lag 14 prosent av den norske befolkninga som er i formuesskatteposisjon – ein del som truleg er nokså lik på Tysnes. Det betyr at dersom me skal betala utbyte som dekkjer skatten til desse 14 prosentane, må alle aksjonærar få same utbyte, sidan me ikkje har høve til å differensiera. Det inneber at dei 86 prosentane som ikkje betaler formuesskatt, får ei rimeleg god årleg forteneste på aksjane. Med utgangspunkt i eit anslag om at formuesskatten utgjer om lag 4–5000 kroner per år for ein typisk privat aksjonær, og at me har om lag 1600 aksjonærar, ville kraftlaget måtta nytta 8–9 millionar kroner av overskotet sitt til årleg utbyte dersom ein skulle nøytralisera formuesskatten. Det ville bety at halvparten av utbytet me får frå Eviny, ville gå direkte til frådrag i dei midlane me kan nytta til utvikling av Tysnessamfunnet.
Utbytet frå Eviny vert ikkje bestemt av oss, men av Eviny si generalforsamling. Politikken og modellen for utbyte som Eviny har nytta dei siste åra, har gitt oss eit årleg utbyte på mellom 15 og 20 millionar kroner. Det er grunn til å venta at dette vil liggja på om lag same nivå i åra framover, med dagens straumprisar.
Aksjane i Tysnes Kraftlag er det ingen som har kjøpt; dei vart tildelte mot eit innskot på 100 kroner i 2018. Grunnlaget for tildelinga av aksjar var straumforbruket i perioden 2013 til 2018, der 1 kWh kjøp gav éin aksje. Dei som følgde med i omdanninga, vart grundig informerte om at desse aksjane ikkje skulle gje direkte avkastning, men at avkastninga skulle nyttast til samfunnsutvikling. Me vonar at denne avkastninga er godt synleg i alle bygder gjennom høg standard på bygdehus, leikeplassar, idrettsanlegg og andre fasilitetar. Vidare bidreg me til vegutbygging, turstiar, betre mobilnett og annan infrastruktur til glede for lokalsamfunnet. Saman med eit stort aktivitetsnivå for unge og eldre, og tiltak for nyskaping og omstilling i næringslivet, håpar me at aksjonærane våre ser avkastninga på aksjane gjennom desse tiltaka.
Å sitja med eit stort tal aksjar må vera grunngjeve i ei tru på at vedtektene våre kan endrast og dermed skapa privat verdi for aksjonærane. Men vedtektene våre er laga nettopp for å hindra at dette skal skje – for å ta vare på føremålet med verdiane våre forgjengarar har bygd opp, og som er vedtekne nytta til beste for fellesskapen på Tysnes. Vedtektene seier at ein må ha to tredels fleirtal, og at 50 prosent av aksjekapitalen må vera representert for å godkjenna vedtektsendringar. Mi vurdering er at dette vil vera umogleg å få til.
Sist gong utbyte var oppe på generalforsamlinga, fall eit forslag om å auka utbytet for å dekkja formuesskatt med eit overveldande fleirtal, og styret fekk støtte for sitt forslag om eitt øre per aksje i utbyte som ein liten kompensasjon. Det same forslaget har vore lagt fram på kvar generalforsamling sidan, utan ein einaste kommentar eller røyst mot denne utbytepolitikken. Når det gjeld generalforsamlinga og innverknaden på det årlege utbytet, er det slik at styret kjem med innstilling, og generalforsamlinga kan etter lova berre senka forslaget til utbyte – ikkje heva det. Å utfordra styret sin utbytepolitikk må difor skje på generalforsamlinga. Ho vert halden 1. juni, og me ser fram til godt frammøte og ein aktiv debatt. Der kan du og påverka kva for prosjekt me skal støtta.
Einar Wathne
Styreleiar i Tysnes Kraftlag
