Call Us +1-555-555-555

FORVALTNINGSSTRATEGI

Tysnes Kraftlag AS Prosjektutvikling (TK-PUF)


1. Definisjonar
1.1 TK-PUF er Tysnes Kraftlag AS (TKAS) sitt Prosjekt Utviklings Fond


1.2 «Rådgjevar» yt Rådgjevarteneste til TK-PUF i samsvar med «Rådgjevaravtalen»


1.3 TK-PUF panel er eit panel satt saman av 3 medlemmer frå TKAS og 2 medlemmer frå næringslivet. Ekstra fagkompetanse kan vurderast i enkeltsake


1.4 TK-PUF vil i oppstartsperioden fram til 2024 fungera som eit eige organ underlagt styret. 


2. Bakgrunn
2.1 TK-PUF vart stifta etter vedtak i TKAS si generalforsamling 2020 med føremål å utvikla dei beste og mest kommersielt lovande prosjekta i TKAS sitt virkeområde. Investeringane vil skje i prosjekt/bedrifter («Porteføljeselskapa») som treng tilførsel av kapital og kompetanse i samband med vekst, omstilling, utskiljing frå anna verksemd og liknande. 


2.2 Målet med fondet er å vera eit operativt reiskap for TKAS i næringsutviklingsarbeidet i TKAS sitt sitt virkeområde. Gjennom TK-PUF skal ein kunne tilføra høgrisikokapital til verksemder.


2.3 Gjennom TK-PUF kan ein tilby eigenkapital, grunderlån, kompetanse og nettverk som kan vera utløysande for å realisera vekst- og lønsemdspotensiale i verksemder, herunder å gå inn i entreprenørielle prosjekt i ein tidleg fase. Gjennom utøving av aktivt eigarskap er målsetnaden å hjelpe selskap frå ei etablerings- og kommersialiseringsfase til ein vekstfase.


2.4 Rådgjevar skal yta Rådgjevartenestene til TK-PUF på dei vilkår som går fram av «Rådgjevaravtalen».


3. Fondet si levetid

3.1 Fondet har ein målsetnad om å disponere kr 3 000 000 over 3 år til nye investeringar. Maksimal årleg investering er kr 2 000 000. Maks enkelt investering er MNOK 0.5


3.2 Modellen skal evaluerast etter 3 år, og endeleg vurderast som vidare løysing etter 5 år. Utviding av kapital skal vurderast av generalforsamling etter 3 år


3.3 Styret i TKAS kan gjera ei årleg vurdering om det skal tilførast ny kapital for å auka fondet eller levetida på fondet. Dette skal i tilfelle godkjennast på generalforsamling.


3.4 Styret i TKAS si oppgåve er vidare å sørgje for praktisering av eit aktivt eigarskap i selskapa ein har investert i, samt vurdere realisering av investeringane.


3.5 TK-PUF vert oppløyst dersom TKAS vert oppløyst, eller dersom TK si generalforsamling vedtek å avvikla TK-PUF før denne dato. 


4. Investeringsstrategi

4.1 Målet med opprettinga av fondet er å tilby eigenkapital, grunderlån, kompetanse og nettverk som kan vera utløysande for å realisera verksemder sine vekst- og lønnsemdpotensiale, herunder å gå inn i entreprenørielle prosjekt i ein tidleg fase. 


4.2 TK-PUF vil følgja TKAS sitt virkeområde, nærare definert ved TKAS sin strategiske handlingsplan, og geografisk område vil vera definert som i vedtektene. TK-PUF vil berre investera i selskap / prosjekt med forretningsadresse i dette området 


4.3 TK-PUF skal ikkje ha dominerande eigarposisjon i porteføljeselskapa. TK-PUF skal vera ein støttepartnar i selskapet sin utviklings- og kommersialiseringsfase og skal maksimalt eiga 33% av samla aksjekapital. Dersom TK-PUF går inn med ei lågare part frå oppstarten, kan TK-PUF delta i ytterlegare kapitalauke i selskapet opp til samla 33% av total aksjekapital. TK-PUF vil gjera ein sjølvstendig vurdering ved emisjon / kapitalauke i selskapet. 


4.4 TK-PUF kan i spesielle høve yte grunderlån utover innbetalt aksjekapital. Sum av innbetalt aksjekapital og grunderlån kan maksimalt være 50% av summen av total aksjekapital og dette grunderlån. Rente settes årlig lik årsgjennomsnitt av NIBOR pluss 2 prosent. Det første året er lånet rentefritt.


4.5 TK-PUF krev styrerepresentasjon når ein går inn på eigarsida i porteføljeselskapa. TK-PUF skal ved val av styrerepresentant finna den kandidaten som på best mogleg måte kan bidra til å utøva eit aktivt eigarskap på vegne av TK-PUF. TK-PUF sin styrerepresentant skal ikkje vera styreleiar i porteføljeselskapet. 


4.6 Tillitsvalte i TKAS kan delta på eigarsida i portefølgje selskapa dersom eit samla styret godkjenner dette


4.7 TK-PUF sin styrerepresentant skal motta styrehonorar på lik linje med dei andre styremedlemane. 


4.8 Tysnes Kraftlag skal, der porteføljeselskapet ikkje har høve til dette, stilla med normal styreforsikring på vegne av TK-PUF sin styrerepresentant 


4.9 Som grunnlag for vurdering av eigarskap i nye selskap/prosjekt skal selskapet leggja fram ein forretningsplan med tilhøyrande budsjett. Rådgjevar skal gjera den første evalueringa av prosjektet. Aktuelle prosjekt får så anledning til å presentere forretningsplan og budsjett for TK-PUF Panel. I samråd med TK-PUF Panel gir innstilling til TKAS styre for beslutning. 


4.10 Beslutningsmodell:.


5. Risikoprofil

5.1 TK-PUF skal investera i prosjekt og selskap i etablerings-/utviklingsfasen med formål å avlasta eigarane for risiko og få realisert prosjekt. TK-PUF vil såleis gå inn i ein høgrisikofase.


5.2 Investeringar i verksemder i ein etablerings-/utviklingsfase inneber at den generelle marknadsrisikoen er høgare enn for investeringar i etablerte verksemder. Endringar i marknadsforhold, konkurransesituasjon eller andre forretningsmessige forhold kan gi ein negativ effekt på inntening og forteneste i porteføljeselskapa, som igjen kan medføre tap eller svakare avkastning for fondet.


6. Realisasjonsfasen / aksjonæravtale
6.1 Høve mellom TK-PUF og andre aksjonærar skal regulerast i ein aksjonæravtale for kvart porteføljeselskap. Denne aksjonæravtale skal beskriva så som kapitalauke, sal av aksjar, forkjøpsrettar og realisasjon. 


6.2 Typisk eigarperiode for ei investering vil vera 2 – 5 år. Høve for realisasjon må difor planleggjast, skapast og fortløpande vurderast. Realisasjon vert typisk oppnådd gjennom:

  • Sal til annan aksjeeigar i selskapet
  • Sal til ny aksjeeigar
  • Sal til finansiell kjøpar
  • Industriell kjøpar
  • Fusjon med seinare realisasjon


6.3 Marknadsverdi av aksjeposten skal leggjast til grunn ved realisasjon av aksjeposten til TK-PUF, dersom ikkje anna er avtalt i aksjonæravtale jfr. punkt 5.1. Dersom aksjeeigarane ikkje vert samde om marknadsverdien på aksjeposten, skal ein uhilda part som er oppnemnt av samtlege aksjeeigarar gjera ei vurdering av salsverdien.

 

7. Utbytte og avkastning til eigarane av TK-PUF


7.1 Eventuell avkastning skal gå tilbake til TKAS AS. 



Tysnes 14.desember. 2020



Forvaltningsstrategi TKAS basert på vedtak i Generalforsamling 2020 - Utviklingsfond 

Godkjent første gong av styret i TKAS AS, 14.12. 2020. Sist oppdatert av styret i styremøte 14.12.2020



Share by: