Onarheim Idrettslag - Naudsynt vedlikehold av skiløypa på Løkjen

Grøfterensking, graving og utlegging av sprengstein og pukk er gjennomført på skiløypa på Løkjen. Overvatn er leia bort, traseen er utbetra, og anlegget er klart til skisesongen.
Skianlegget i Solheimsdalen (Løkjen) vart ferdigstilt i 2012 og er driven av Onarheim Idrettslag. Etter 14 år i drift hadde det samla seg overvatn på enkelte plassar i løypetrassen. Det gjorde det vanskeleg å preppe løypene om vinteren. Målet med prosjektet var å utbedre traseen slik at anlegget held den gode standarden folk er vant med. Arbeidet omfattar grøfterensking, graving og utlegging av massar, samt levering av sprengstein og pukk. Torbjørn Meland har utført maskinarbeidet. Folgefonn Entreprenør AS har køyrd massar og levert pukk. Sprengsteinen vart gitt i gåve frå Alsaker Fjordbruk. Styret har stått for planlegging og synfaring, og Bjørn Tore Espevik har merka kabelgater på dugnad. Arbeidet er ferdig – løypetrassen er utbetra og klar til skisesongen
Skianlegget i Solheimsdalen er eit av dei mest brukte friluftsanlegga på Tysnes. Utbedring av løypetraseen vil gjere det enklare å halde løypene opne og i god stand, også når vêret gjer det utfordrande. Det gjev nytte for både medlemar i laget og alle som brukar anlegget til skitur, trim og friluftsliv.
Me takkar Tysnes Kraftlag AS for støtta. Utan desse midlane hadde me ikkje fått gjennomført prosjektet slik det står i dag. Me takkar òg Alsaker Fjordbruk for gåve av sprengstein, Torbjørn Meland for arbeidet og rabatten, Folgefonn Entreprenør AS for transport og levering, og alle som stilte på dugnad



















