Mandelhuset Eigedom AS - Forprosjekt for hotelløkonomi og marknadsgrunnlag

Mandelhuset Eigedom AS fekk tildelt kr 50 000 frå Tysnes Kraftlag sitt næringsfond til gjennomføring av forprosjekt for hotelløkonomi og marknadsgrunnlag knytt til utviklinga av Vaage Hotell i Våge.
Me ønskjer først å retta ei stor takk for støtta. Tilskotet har hatt ein reell utløysande effekt og gjort det mogleg å gjennomføra ei grundig og profesjonell kvalitetssikring av prosjektet før vidare investeringsbeslutningar.
Gjennomført arbeid
Forprosjektet er gjennomført i samarbeid med Wiederstrøm Hotel Consulting ved Peter Wiederstrøm og SP Hospitality ved Sondre Prestegard. Arbeidet har omfatta:
- Analyse av nasjonal og regional hotellmarknad
- Kartlegging av konkurransesituasjon og etterspurnad
- Vurdering av optimal romkapasitet, konsept og segment
- Økonomiske analysar av driftsmodell, bereevne og leigenivå
- Sensitivitetsanalysar og risikovurderingar
- Kundeundersøking med lokal og regional forankring
Det er mellom anna gjennomført ei kundeundersøking som fekk heile 819 svar. Dette gir eit uvanleg solid datagrunnlag for eit lokalt prosjekt av denne typen. Undersøkinga viser:
- Sterk lokal og regional støtte til etablering av hotell i Våge
- Betydelig etterspurnad knytt til selskap, arrangement og besøkande familie
- Tydelig potensial innan kurs, konferanse og arbeidsreisande
- Høg betalingsvilje for eit kvalitetsprodukt med sterk lokal identitet
Samla sett dokumenterer analysane eit breitt og samansett marknadsgrunnlag, med både lokal etterspurnad, regional trafikk og eit naturleg nedslagsfelt mot Bergensområdet.
Fagleg vurdering
Den eksterne vurderinga konkluderer med at prosjektet har eit gjennomarbeidd konsept, realistiske føresetnader og ein berekraftig driftsmodell, gitt rett dimensjonering og kapitalstruktur.
Sondre Prestegard uttalar mellom anna:
«Vaage/Mandelhuset er etter mitt syn eit svært spennande hotellprosjekt. Prosjektet kombinerer eit sterkt, etablert vertskap med eit tydeleg konsept, høg kvalitet og ei unik plassering. Det som gjer caset særleg attraktivt er breidda i marknaden – med solid lokal etterspurnad, regional trafikk og eit naturleg nedslagsfelt heilt inn mot Bergen. Saman med Patricks gjennomføringsevne, lokale forankring og kommersielle forståing meiner eg dette gir eit prosjekt med låg konseptrisiko og betydeleg oppside over tid.»
For oss har dette arbeidet vore avgjerande. Det har justert enkelte føresetnader, styrkt kapitaldisiplinen og gitt eit meir robust beslutningsgrunnlag før byggestart.
Effekt og vidare arbeid
Forprosjektet har:
- Redusert konsept- og investeringsrisiko
- Styrkt dialogen med bank og investorar
- Gitt ein klarare modell for eigarskap og drift
- Dokumentert eit stort og reelt marknadsgrunnlag
Hotellet er planlagt med 30–35 rom, restaurant, møte- og selskapsfasilitetar og vil kunna skapa 15–20 nye arbeidsplassar i Tysnes kommune. Prosjektet vil bidra til auka verdiskaping, styrkt reiseliv og fleire ringverknader for lokalt næringsliv.
Me opplever at støtta frå Tysnes Kraftlag har vore med på å løfta prosjektet frå ambisjon til gjennomarbeidd investeringscase. Dette arbeidet vil mest truleg vera avgjerande for at hotellprosjektet vert realisert på ein sunn og berekraftig måte – og for at det kan bli ein suksess for både eigarar, gjester og lokalsamfunnet.
Patrick Russell Madsen
Dagleg leiar












