Kulturkyrkja på Onarheim - Barne- og ungdomskonsert

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå
Å gje barn og unge i Tysnes kommune ei arena for å vise fram det dei helde på med
Barne- og ungdomskonserten blir arrangert i Kulturkyrkja Onarheim søndag 8. mars 2026 kl. 15.00. Konserten er ei scene for lokale barn og ungdom, der deltakarane får høve til å framføre innslag saman i ei trygg og profesjonell ramme. Publikum er lokalsamfunnet, med særleg vekt på familiar og barn og unge.
Me legg opp til låg terskel for deltaking og oppleving: billettpris 100 kr per vaksen, barn gratis.
Varig verdi og plan om årleg arrangement
Me ønskjer at konserten skal utviklast til eit årleg arrangement i Kulturkyrkja Onarheim, slik at barn og unge får ein fast, lokal arena for kulturutfalding. Målet er varig rekruttering til det frivillige song- og musikklivet i kommunen, styrking av fellesskap og ein positiv møteplass på tvers av alder og bakgrunn.
Etter konserten vil me gjennomføre ei evaluering saman med kulturskulen og skulekorpset for å vurdere om dette skal bli ei fast årleg hending.
Samarbeid og inkludering
Tiltaket er forankra lokalt og byggjer på samarbeid og frivillig innsats. For konserten 8. mars 2026 er det lagt opp til medverknad frå lokale aktørar som Tysnes skulekorps og Tysnes kulturskule. Konferansierar er ungdommar frå Tysnes ungdomsråd.
Eigeninnsats og utløysande effekt
Konserten blir gjennomført med ein god del dugnadsinnsats. Støtte frå Tysnes Kraftlag vil vera avgjerande for å kunna gjennomføre arrangementet med trygg og god kvalitet. Særleg er det viktig at lydkvaliteten for dei som skal opptre er god, slik at me gir artistane dei best moglege føresetnadene for ei god oppleving og å lukkast på scena.
Dugnaden er basert på Kulturkyrkja sitt forarbeid: 36 timar til møte, planlegging og marknadsføring, samt 20 timar dugnadsinnsats på sjølve konsertdagen. Til saman utgjer dette 56 timar dugnad frå medlemene i Kulturkyrkja.
Finansiering
Me har sett opp eit budsjett og ein finansieringsplan for konserten, der det går fram at utgifter til profesjonell lyd er den største utgiftsposten. I tillegg ønskjer me at alle dei medverkande barna skal få noko mat før konserten, og me har inngått avtale med «Heimelaga av Robles» om levering av bollar til dei medverkande.
SLUTTRAPPORT
Barne- og ungdomskonserten blei gjennomført i Kulturkyrkja Onarheim 8. mars 2026 kl. 15.00, slik planlagt. Konserten gav barn og unge i Tysnes ein trygg og profesjonell arena for å stå på scena og vise fram det dei held på med, og me fekk svært gode tilbakemeldingar frå både deltakarar, foreldre og samarbeidspartnarar. Det blei ein strålande konsert, full av glede og skaparglede hjå barna.
Støtta frå Tysnes Kraftlag gjorde det mogleg å sikre profesjonell lyd og teknisk gjennomføring, som var avgjerande for kvalitet og tryggleik for dei som opptredde. Prosjektet blei gjennomført med 73 dugnadstimar, og me serverte enkel mat til dei medverkande barna før konserten. Me vurderer no vidareføring som årleg arrangement, og har allereie lagt inn tentativ dato for konsert i 2027.
Kulturkyrkja har saman med Tysnes kulturskule evaluert konserten, og evalueringsrapporten ligg ved.










