Om Tysnes Kraftlag

Selskapets føremål er å eiga aksjar i BKK AS. Tysnes Kraftlag AS eig 1,7 % i BKK. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Tysnes Kraftlag AS og BKK i 2018. 

Selskapet kan også driva, delta i - eller samarbeida med andre selskap om digital kommunikasjon, bygde- og næringsutvikling, og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til Tysnes Kraftlag AS sitt konsesjonsområde. Selskapet skal i tillegg ta del eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja ålmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet.

Tysnes Kraftlag AS er ein lokal bidragsytar som ynskjer å styrka lokale bygde- og næringsutviklingsprosjekt, gjennom støtte til lokale føremål i konsesjonsområdet. Kvart år tildeler Tysnes Kraftlag AS midlar til lokale prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne. 

Selskapet skal vere ei levande kraft i lokalmiljøet, og bidra til at lokalsamfunnet vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane, og vere ein aktiv ressurs i lokalsamfunnet.


Søknadar som skal handsamast på møte må vera styret i hende seinast 14 dg før møtet.



Styret

Les meir

Møteplan 2026

Les meir
Les meir

Generalforsamlinga

Les meir

Erklæring om teieplikt

Les meir

Styreinstruks

Les meir

Vedtekter

Les meir

Etiske retningslinjer

Les meir

Strategi

Les meir

Krafttak

Les meir

Last ned logo

Les meir

Personvern

Les meir