Onarheim idrettslag - Permanet lagringsløysning for brytematter i gymsalen på Onarheim Skule

Morten Nordal • September 18, 2026

Brytematter plasserte på vogn.

Brytemattene i gymsalen på Onarheim skule vart tidlegare lagra på ein upraktisk måte. Målet med prosjektet var å få mattene inn på vogner under scenen, slik at dei er lettare å rulla ut og inn, og slik at salen er rydda når me ikkje brukar dei.


Styret/styreleiar har stått for planlegging og prosjektering. Vognene vart sveist og montert på dugnad. Byggmeister Belt vart leigd inn til å opna opp under scenen, laga skinnesystem for vognene og forsterka scenegulvet. Rydding, vasking og lakking av frontane på vognene vart òg gjort på dugnad. Arbeidet er ferdig.


Mattene ligg på vogner under scenen, og frontane er lakka. Utstyret er i bruk i gymsalen på Onarheim skule.


Me takkar Tysnes Kraftlag AS for støtta. Utan desse midlane hadde me ikkje fått gjennomført prosjektet slik det står i dag.


Me takkar òg Haugesund Sparebank for stønad, Byggmeister Belt for arbeidet under scenen, og alle som stilte på dugnad..

Vogner under scenen.

By Lise Iren Sandtorv September 18, 2026
Prosjektet skal auke kapasiteten og kvaliteten i Ramsalt Design gjennom innkjøp av ei profesjonell industriell overlockmaskin Ramsalt Design er ei lokal systove og eit mikrotrykkeri på Tysnes som tilbyr saum, reparasjonar, spesialsydde produkt, profilklede og tekstiltrykk til privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter. Verksemda har opplevd auka etterspurnad etter tenestene sine, og dagens utstyr avgrensar kapasiteten på fleire typar oppdrag. Prosjektet omfattar innkjøp av ei Baby Lock Acclaim overlockmaskin for å styrkje produksjonskapasiteten og kvaliteten på arbeidet som vert utført. Maskina vil gjere det mogleg å produsere klede og tekstilprodukt meir effektivt, med profesjonelle sømar og mindre materialsvinn. Ho vil òg vera eit viktig verktøy ved reparasjon, omsaum og tilpassing av tekstilar. Investeringa vil bidra til vidare utvikling av verksemda gjennom at fleire produkt og tenester kan utførast lokalt på Tysnes. Dette omfattar både spesialsydde klede, profilprodukt, reparasjonar og tilpassing av eksisterande tekstilar. På denne måten kan fleire kundar få tilgang til lokale tenester framfor å måtte sende oppdrag ut av kommunen. Prosjektet har òg ein berekraftig dimensjon. Ved å tilby reparasjon, omsaum og vidarebruk av tekstilar vert levetida til klede og utstyr forlenga, noko som reduserer behovet for nykjøp. Samstundes vil den nye maskina redusere materialsvinn og bidra til meir effektiv ressursutnytting i produksjonen.  Målet med prosjektet er å skape grunnlag for vidare vekst i Ramsalt Design, styrkje lokal verdiskaping og tilby berekraftige tekstiltenester med høg kvalitet til innbyggjarar, lag og næringsliv på Tysnes. En helt rå maskin som bidrar til økt kvalitet på sømarbeidet i Ramsalt Design, det gledes over muligheten for en mer effektiv produksjon og større kapasitet. I første fase har jeg satt meg grundig inn i de ulike funksjonene til maskinen og utført en testsøm av barneklær - siden disse plaggene blir utsatt for mye bruk og vask er de godt egnet til å teste både kvalitet og holdbarhet på sømmene.
By Solfrid Burkeland Smith September 18, 2026
Njardar/ Tysnes J10 deltok helga 22-24.mai på Øystese cup med 11 jenter. Dei hadde med seg heile fem fedre. Til trass for ei svært regnfull helg i Hardanger, meldte både fedre og jenter om ei strålande cup helg! Helga 19-21.juni reiste 31 spelarar fordelt på J12, G13 og G16 til OBOS cup i Stavanger. Laga her var heldigare med været, og stemninga var god på felles overnatting i Vikinghallen for alle Njardar laga. Totalt 8 vaksne overnatta med gjengen. I tillegg var det god oppslutnad frå foreldre og familie i Stavanger. J12 spelte utan sluttspel. G13 tok seg heilt til finalen i B-sluttspelet, og måtte til slutt sjå seg slått på straffekort i ein spanande finale. G16 laget kom vidare til A-sluttspel, men rauk i første kamp her. Gjengen hadde likevel mykje moro og arbeid med å laga nye Njardar songar som me kanskje får høyre meir av snart? 25-31.juli deltok G14 og J14 på Norway cup med totalt 36 spelarar og vaksne. I tillegg var det ein stor supportargjeng med foreldre og familie som hadde reist til Oslo for å heia. G14 tok seg til B-sluttspel, men måtte sjå seg slått i første kamp her. Til trass for dette melder gutane om ein svært kjekk cup og Oslotur. J14 imponerte i grunn både seg sjølv og supportarane. Dei tok seg til 1/8 finalen i A sluttspelet der dei møtte for sterk motstand. Jentene har hatt ei kjempe oppleving, både sosialt og sportsleg. Cupane er gjennomført i tråd med søknad, og samtlege lag melder om gode cup opplevingar heilt frå Øystese - Stavanger og til Oslo!
By Jorunn Vonheim Grahl September 18, 2026
Alarmsystem og ferdigstilling av vifte på kjøkken Autronica Fire and Security og elektriker Gunnar Riisøen har nå ferdigstilt alarmsystem og de har idriftsatt 6stk nye detektorer som er installert i gymsal og i noen rømningsveier. Liste er levert og plassert ved brannsentralen. Vifte på kjøkkenet er også nå på plass. Vi takker Tysnes Kraftlag som har vært med å støttet oppgradering av alarm og vifte på kjøkkenet i Kulturhuset. Tusen takk
By Øystein Vaage September 17, 2026
Sommarkickoffen vart gjennomført på Myrdal Gård 16. april med årsmøte, medlemsmøte og sosialt program. Tildelinga frå Gåvefondet vart nytta til lyd, prosjektor og lerret i samsvar med vedtaket. Arrangementet samla medlemmane til den første store samlinga i «nye» Tysnes Gjev Meirsmak, og var viktig for å byggja engasjement i oppstartsfasen.
By Lorentz Lunde September 17, 2026
Prosjektet er gjennomført i samsvar med tilbod frå Andersland Bygg. Det kunne ikkje gjerast dugnad på sjølve prosjektet, men me fekk nytta stillas og arbeidsplattformer til maling på dugnad. Dette er ikkje teke med i søknad, og er heller ikkje ein del av tilbodssummen. I tillegg til tilbodsarbeidet, som var grunnlag for søknaden, fekk me også utført ein del tilleggsarbeid med renovering av av gamle takrenner og nedløp på hovudbygget. De vil difor sjå at oppgjerssummen er høgare enn tilbodssummen. Arbeidet er i sin heilskap betalt med lån i Haugesund Sparebank, og me har tru på at me i nær framtid skal kunna betala ned det meste av lånet. Me er veldig nøgde med resultatet. Me har fått eit finare og mykje betre og meir teneleg bygg enn det me hadde. - Flate tak på over 50 år er krevjande å halda ved like. - Sjå foto nedanfor.
By Synnøve Bakke September 17, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Å gje barn og unge i Tysnes kommune ei arena for å vise fram det dei helde på med Barne- og ungdomskonserten blir arrangert i Kulturkyrkja Onarheim søndag 8. mars 2026 kl. 15.00. Konserten er ei scene for lokale barn og ungdom, der deltakarane får høve til å framføre innslag saman i ei trygg og profesjonell ramme. Publikum er lokalsamfunnet, med særleg vekt på familiar og barn og unge. Me legg opp til låg terskel for deltaking og oppleving: billettpris 100 kr per vaksen, barn gratis. Varig verdi og plan om årleg arrangement Me ønskjer at konserten skal utviklast til eit årleg arrangement i Kulturkyrkja Onarheim, slik at barn og unge får ein fast, lokal arena for kulturutfalding. Målet er varig rekruttering til det frivillige song- og musikklivet i kommunen, styrking av fellesskap og ein positiv møteplass på tvers av alder og bakgrunn. Etter konserten vil me gjennomføre ei evaluering saman med kulturskulen og skulekorpset for å vurdere om dette skal bli ei fast årleg hending. Samarbeid og inkludering Tiltaket er forankra lokalt og byggjer på samarbeid og frivillig innsats. For konserten 8. mars 2026 er det lagt opp til medverknad frå lokale aktørar som Tysnes skulekorps og Tysnes kulturskule. Konferansierar er ungdommar frå Tysnes ungdomsråd. Eigeninnsats og utløysande effekt Konserten blir gjennomført med ein god del dugnadsinnsats. Støtte frå Tysnes Kraftlag vil vera avgjerande for å kunna gjennomføre arrangementet med trygg og god kvalitet. Særleg er det viktig at lydkvaliteten for dei som skal opptre er god, slik at me gir artistane dei best moglege føresetnadene for ei god oppleving og å lukkast på scena. Dugnaden er basert på Kulturkyrkja sitt forarbeid: 36 timar til møte, planlegging og marknadsføring, samt 20 timar dugnadsinnsats på sjølve konsertdagen. Til saman utgjer dette 56 timar dugnad frå medlemene i Kulturkyrkja. Finansiering Me har sett opp eit budsjett og ein finansieringsplan for konserten, der det går fram at utgifter til profesjonell lyd er den største utgiftsposten. I tillegg ønskjer me at alle dei medverkande barna skal få noko mat før konserten, og me har inngått avtale med «Heimelaga av Robles» om levering av bollar til dei medverkande. SLUTTRAPPORT Barne- og ungdomskonserten blei gjennomført i Kulturkyrkja Onarheim 8. mars 2026 kl. 15.00, slik planlagt. Konserten gav barn og unge i Tysnes ein trygg og profesjonell arena for å stå på scena og vise fram det dei held på med, og me fekk svært gode tilbakemeldingar frå både deltakarar, foreldre og samarbeidspartnarar. Det blei ein strålande konsert, full av glede og skaparglede hjå barna. Støtta frå Tysnes Kraftlag gjorde det mogleg å sikre profesjonell lyd og teknisk gjennomføring, som var avgjerande for kvalitet og tryggleik for dei som opptredde. Prosjektet blei gjennomført med 73 dugnadstimar, og me serverte enkel mat til dei medverkande barna før konserten. Me vurderer no vidareføring som årleg arrangement, og har allereie lagt inn tentativ dato for konsert i 2027. Kulturkyrkja har saman med Tysnes kulturskule evaluert konserten, og evalueringsrapporten ligg ved.
By Jon Arvid Kleppe September 17, 2026
Namn på prosjektet Forbrennings toalett for gass! Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Toalett mulighet for damene! Utfyllande beskrivelse av prosjektet Vi ønsker å installere forbrennings toalett som går på gass. Vi installerte et brukt forbrennings toalett som var for strøm for noen år siden. Det viser seg at spenninngstapet er så stort at de klarer ikke forbrenne når pågangen er mer en en.
By Terje S. Skaten September 17, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Mat og drikke til frivillige under storøvelse med nødetatene i Tysnes kommune Utfyllande beskrivelse av prosjektet Det skal holdes en storøvelse i mai mellom alle nødetaten og Tysnes Røde Kors Hjelpekorps. Det blir mange frivillig involvert både som markører samt innsatspersonell. Mange kommer til å tilbringe en lang dag i forbindelse med denne øvelsen og Tysnes Røde Kors Hjelpekorps ønsker å bidra med mat og drikke til de frivillige. SLUTTRAPPORT Øvelsen ble gjennomført helt etter plan og det var mye positive tilbakemeldinger på gjenomføringen. Tysnes Røde Kors stilte med 11 markører under øvelsen.
By Rebekka Høgestøl September 17, 2026
Tysnes Turlag takkar så mykje for støtta til arbeidet med å lage eit turkart over Tysnes kommune! Arbeidet med turkartet starta for fire år sidan, då me sende inn ein søknad om tippemidlar. Midlane vart først utbetalte i 2025, og sidan den gong har det vore lagt ned eit stort arbeid for å få kartet ferdig. Me sette saman ei eiga prosjektgruppe i Tysnes Turlag, som har gått gjennom og valt ut turar frå heile kommunen. Me har undersøkt ulike kartfirma, gått turane og registrert GPS-spor, sendt spor til digital registrering, skrive turbeskrivingar, teke bilete, sendt søknader, lese korrektur og gjort mykje anna arbeid undervegs. Det endelege resultatet fekk me rett før sommarferien, og då kunne me endeleg tilby bedrifter og andre aktørar på Tysnes å selje turkartet. Kartet har blitt svært godt motteke, og salet denne sommaren har vore veldig bra! Tusen takk for all økonomisk støtte! Takk til alle dei frivillige som har jobba iherdig med kartprosjektet, til alle som bidreg med å distribuere kartet – og ikkje minst til deg som kjøper turkartet frå oss! Med venleg helsing Rebekka Høgestøl på vegner av Tysnes Turlag og kartprosjektgruppa
By Patrick Madsen September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Reine gatar, mindre søppel. Utfyllande beskrivelse av prosjektet Søknad om støtte til opprusting av avfallshandtering i Våge sentrum Bakgrunn Våge sentrum er handelssentrum på Tysnes, og har i sommarsesongen eit yrande folkeliv. Her møtest fastbuande, barnefamiliar, båtgjestar og gjennomreisande, og sentrum fungerer som eit naturleg stoppunkt for mange som ferdast på Tysnes. Med høg aktivitet følgjer òg utfordringar. Ei av dei mest synlege er avfall og forsøpling. Dagens bosspann i sentrum og hamneområdet er gamle, slitne og fleire stader i dårleg stand. Nokre sentrale område mellom butikkane manglar heilt tilbod om avfallshandtering, noko som fører til at søppel hamnar på bakken eller vert lagt att på tilfeldige plassar. Våge Sentrum ønskjer no å ta tak i dette, i samarbeid med Våge Hamn, for å skapa reinare gater, betre trivsel og eit meir verdig uttrykk for sentrum. Formål Formålet med prosjektet er å rusta opp avfallshandteringa i Våge sentrum og hamneområdet gjennom: Nye, solide og funksjonelle bosspann på strategiske punkt Betre tilrettelegging for folk som ferdast til fots Mindre forsøpling og reinare gater Auka trivsel for både fastbuande, næringsdrivande og besøkande Tiltaket er eit enkelt, men viktig grep for å ta vare på sentrum som møteplass og handelsområde. Tiltak og innhald i prosjektet Prosjektet omfattar: Avfallshandtering 6 nye bosspann plassert i hamneområdet 2 nye bosspann plassert mellom butikkane i Våge sentrum, der det i dag ikkje finst spann Type spann: Sitteplassar 2 nye benker plassert mellom butikkane i sentrum, i område med mykje ferdsel Type benk: LESSEBO benk, sortlakkert med oljet eik Pris per stk: 21 815 kr Våge Hamn AS vil stå for utplassering av både bosspann og benker, samt for tømming og drift av spanna i etterkant. Dette sikrar god gjennomføring og langsiktig vedlikehald. Forventa effekt og samfunnsnytte Tiltaket vil gi rask og synleg effekt: Reinare gater og hamneområde Mindre søppel på bakken Betre oppleving for besøkande og lokalbefolkning Eit meir ryddig og triveleg sentrum som styrkar handelen og opphaldstida Prosjektet er eit konkret lokalsamfunnstiltak som bidreg til bulyst, betre sentrumskvalitet og eit meir positivt inntrykk av Våge som handels- og møtestad. Det er ikkje ordinær drift, men ei opprusting som kjem mange til gode og som har varig verdi. Avslutning Våge Sentrum ønskjer å ta ansvar for eit reint, triveleg og funksjonelt sentrum. Med støtte frå Tysnes Kraftlag sitt næringsfond kan me gjennomføra eit tiltak som gir stor effekt i høve til kostnad, og som bidreg positivt til både næringsliv og lokalsamfunn på Tysnes. Me takkar for vurderinga av søknaden og stiller gjerne til dialog dersom det er behov for meir informasjon. Med venleg helsing Våge Sentrum v/ Patrick Madsen  SLUTTRAPPORT Våge sentrum er handelssentrum på Tysnes og har i sommarsesongen eit yrande folkeliv. Dei tidlegare bosspanna i sentrum og hamneområdet var gamle og slitne, og fleire sentrale område mellom butikkane mangla heilt tilbod om avfallshandtering. Dette førte til at søppel hamna på bakken eller på tilfeldige plassar. Prosjektet rettar opp dette. Grunna fråfall frå ein av sponsorene våre manglar me no 20 000,- for å få gjort opp heile prosjektet. Og søker hermed om ekstra 20 000,-. som gjer ein total stønad på 101 531,-. Legg til at me allereie har auka eigene utgifter med 20 000,- grunna avkortning i søknadsbeløpet som opprinnelig var på 143 062,- (tømming og vedlikehald over dei neste 10 åra var ikkje sett på som ein utgift).
Les meir