Opdal Ungdomslag - Aktivitetsstøtte til Grendatun Kino 2025
Henrik Aakre • January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane.
Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another, avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast.
Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.

Her er ein oversikt over det som var planlagt då me søkte.

Planen for vinter/vår 2026 ser slik ut.

Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.

Foto: Tysnes skule I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter

Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!

Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».

No er oppussings og renoveringsprosjektet av Ungdomshuset Vonheim kommen der at me vurderar det som ferdigstilt ihht det omsøkte porsjektet som me fekk stønad til hjå kraftlaget. Dette er eit prosjekt som har vert i stadig utvikling og utviding undervegs, og det vil framleis pågå noko arbeider i huset framover innimellom, men huset er no fullt operativt og i bruk, og det som skjer framover er ut over det opprinnelige prosjektet, då me har klart å hanke inn yttarlege finansiering undervegs. Me har no fått ein aktivitets- og kulturarena for framtida. Og laget vil fortsetje å utvikle dette! Her er ein del bilete av arbeidet som er utført i huset. Her er det mange rom som er ombygd/renovert, og mykje tekniske detaljar, så eg har ikkje tatt fått med alt, men har prøvd å få med litt av dei store tinga. Mvh Steffen Sleire Opdal Kasserar Tysnes Ungdomslag





