Call Us +1-555-555-555

Etiske retningslinjer for Tysnes Kraftlag AS


1.0 Formål
1.1  Verdigrunnlag
1.2  Openheit
1.3  Styrets rolle og oppfølging
1.4  Teieplikt
1.5  Interessekonfliktar
1.6   Nøytralitet
1.7   Mangfald
1.8   Marknadsføring, Kommunikasjon og mediekontakt
1.9    Miljø 
1.10  Konkurranseutløysing
1.11  Rapportering

1.0  Føremål

Våre etiske retningslinjer er eit virkemiddel for å sikre at me gjennom fokus på integritet og høg etisk
standard sikrar ei uavhengig forvalting av kapitalen i Tysnes Kraftlag AS.

Tysnes Kraftlag AS skal ved bruk av dei etiske retningslinjene fatte gode slutningar og halde høg etisk
standard i alle prosessar. Dei skal óg sikre at me ikkje gjev tilskot/investeringar som utgjer ein
uakseptabel risiko for at me medverkar til uetiske handlingar eller unnlatingar.

Våre etiske retningslinjer skal vere tilgjengeleg på våre heimesider, og gjeld for alle tilsette, alle
styreverv og leigde konsulentar som opptrer på vegne av Tysnes Kraftlag AS.

Retningslinjene gir ikkje søkjarar eller tredjepart juridiske rettigheiter.

1.1 Verdigrunnlag

Tysnes Kraftlag AS legg stor vekt på å være ærleg og open i heile si verksemd.

Me er klar over vår eigen rolle, og at eit selskap av denne art i særleg grad er avhengig av tillit frå andre
utanfrå. Samfunnets innbyggjarar, det offentlege, media og andre interessentar må til ei kvar tid ha tillit
til verksemda si profesjonalitet og integritet.

For å vinna erfaring i spørsmål av etisk karakter, vil me regelmessig revidere regelverket og stimulere til
open drøfting av aktuelle etiske problemstillingar.


1.2 Openheit

Tysnes Kraftlag AS skal vere eit transparent selskap, og skal arbeida mot openheit i alle ledd som ikkje
strid mot fortruleg informasjon. Me skal byggja tillit og sikra integritet ved openheit kring verksemda sitt
virke, og vere imøtekomande ovanfor alle som er interessert i vårt arbeid.

Det skal vere full transparens ved Tysnes Kraftlag AS sine tilskot og investeringar, og allmennheita skal
ha innsyn i tildelingar, her under mottakar og storleik. Planar og søknadar skal haldast internt, medan
rekneskap og rapportar, som gjev eit utfyllande bilete, skal verte publisert på vår heimeside, lett
tilgjengeleg for alle som er interessert.

All informasjon som gis om vårt virke skal vere korrekt og påliteleg.

1.3 Styrets ansvar

1.3.1 Kvar enkelt sitt ansvar

Retningslinene kan ikkje dekkja alle forhold, og den enkelte må til ei kvar tid vurdera eiga åtferd i
samsvar med retningslinene og kva som er ein etisk handlemåte.

1.3.2 Styreleiars ansvar

Det er styreleiars ansvar å sjå til at alle tillitsvalde er kjend med - og arbeider i samsvar med - Tysnes
Kraftlag AS sine etiske retningsliner og fremjar arbeidet med omdømebygging. Styreleiar har også ansvar
for at etikk er ein del av opplæringa ved nytt styre.

1.4 Teieplikt

Alle i Tysnes Kraftlag AS er pålagt teieplikt. Dette omfattar forretningshemmelegheiter eller anna 
sensitiv informasjon om søkjarar.

Det skal hentast inn underteikna teieerklæringar frå styrets medlemmer, og frå eventuelle konsulentar
som handlar på Tysnes Kraftlag AS sine vegne.

Teieplikta gjeld også etter at vedkomande har slutta i tenesta eller arbeidet. Han/ho kan heller ikkje
utnytte teiepliktige opplysningar til personleg vinning, av dette i eiga verksemd, i teneste, i arbeid for
andre, i private investeringar eller liknande.


1.5 Interessekonfliktar

I alt arbeidet vårt vil det verta lagt særskilt vekt på å unngå at det oppstår uheldige interessekonfliktar.
Dersom det kan reisast spørsmål om vår habilitet som fylgje av at vedkomande kan ha kryssande
interesser, skal spørsmålet tas opp med styreleiar. Vidare vert det tatt opp i styret, som avgjer
habiliteten.

Me vil særleg vere merksame på at nære personlege relasjonar knytt til venskap, sosial omgang og
aktivitet i arbeid og fritid lett kan påverke vår uavhengighet. Under sakshandsaminga vil det difor alltid
bli gitt ei fråsegn dersom det er særlege forhold som kan påverka vår uavhengighet.

1.6 Nøytralitet

Tysnes Kraftlag AS er uavhengige, med mål om å styrke lokalsamfunnet i Tysnes kommune som heilskap. Alle søknadar og henvendingar skal handsamast på ein nøytral måte, der utanforliggjande forhold ikkje har innverknad på sakshandsaminga eller avgjersla.

Våre avgjersler, planar og strategiar skal vere uavhengig av geografisk område innanfor kommunegrensa. All handsaming skal vera basert på objektivitet og vera basert på ei kvar tid etablerte retningsliner. Tysnes Kraftlag AS skal vere politisk nøytral.

1.7 Mangfald

Søkjarar/mottakarar skal behandlast imøtekomande og venleg, og gis informasjon om strategiar og regelverk.

Tysnes Kraftlag AS aksepterer inga form for trakassering eller diskriminering på bakgrunn av kjønn, religion, rase, nasjonal eller etnisk opphav, kulturell bakgrunn, sosial tilhøyrsle, funksjonshemming, seksuell legning, sivilstand, alder eller politisk oppfatning.

Tysnes Kraftlag AS aksepterer heller ikkje usømeleg åtferd som kan oppfattast som trugande eller nedverdigande ovanfor kvarandre eller andre ein har med å gjere som tillitsvalde i Tysnes Kraftlag AS.

1.8 Marknadsføring og mediekontakt

Tysnes Kraftlag AS skal ha ei positiv haldning til media. I vår informasjon ut skal me vere korrekt og etterleva høg etisk standard. Informasjon til media skal forvaltast av styreleiar eller den styreleiar utpeikar i den enkelte sak.

Tysnes Kraftlag AS skal vise respekt for andre, og skal i sine fråsegn ikkje nedvurdera, utsetta for ringeakt
eller latterleggjera.

Me skal ha ei open marknadsføring og marknadsføra i offentlege kanalar på ein måte som gjer at det ikkje kan stillast spørsmål kring fortrinn av kjennskap/relasjonar til generalforsamling, styre og leigde konsulentar.

1.9   Miljø

Tysnes Kraftlag skal bidra til redusert miljøpåverknad gjennom berekraftig miljøleiing i alle våre prosjekt og skal vere bevisst dei konsekvensar våre slutningar kan få for miljøet. Me pliktar å ta dette ansvaret for dei områda som me rår over, og skal ikkje direkte eller indirekte bidra til negativ miljøpåverknad ved tildeling av gåver/tilskot til prosjekt/verksemder som bryt med lover, forskrifter og standard knytt til miljø.

1.10  Konkurranseutløysing

Tysnes Kraftlag AS skal inspirere Tysnessamfunnet til utvikling og samspel, og vil etterleve openheit og rettferdig konkurranse i alle marknadar. Likevel skal Tysnes Kraftlag AS trå varsamt der eit tilskot kan ha ei uheldig konkurranseutløysing.

1.11  Rapportering 

Brot på våre etiske prinsipp kan få konsekvensar for vervet, og i grovare tilfelle leda til avskjed. Dersom nokon av tillitsvalde fattar mistanke om forhold som er i strid med våre etiske prinsipp, skal det varslast til styreleiar. Dersom ein tillitsvald er i tvil om ei problemstilling, sett opp mot dei etiske retningslinene, skal spørsmålet leggast fram for styreleiar.



Etiske retningsliner for Tysnas Kraftlag AS er vedtekne i Styremøte 09.november 2020, og er gjeldane frå same dato. Styremedlemmer og
varamedlemmer signerer retningslinene elektronisk i etterkant av styremøte. Styremøte i Tysnes Kraftlag vil til ei kvar tid, og utan varsel, kunna endra
desse retningslinene



Share by: