Retningslinjer for Næringsfond
Formål:
Tysnes Kraftlag sitt næringsfond skal brukast til å fremma nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Tysnes kommune.
- Næringsfondet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert starta.
- Tildelingar basert på desse retningsliner er basert på kvar einskild søknad og skal på ingen måte skapa presedens for andre tilskot.
- Retningsliner vil bli vurderte av styret på årleg basis, og kan bli endra og eller avslutta utan forvarsel. Inngåtte avtaler vil ikkje bli påverka av endringar i retningslinene.
Kven kan søkje:
- Søkjar må være registrert næringsverksemd og alle typar føretak kan søka.
- Føretaket må ha verksemd i kommunen og vera registrert med adresse i Tysnes
Storleik:
- Samla beløp i næringsfondet vert fastsett årleg av Generalforsamlinga
- Beløpsgrense i enkelttildelingar kan vere opp til 50 000.-
- I særskilde saker kan styret vurdera enkeltildeling opp til 75 000.-
Kva kan det søkjast støtte til:
- Etablering av nye næringsverksemder.
- Bedriftsutvikling, nyskaping og endringsprosessar i eksisterande verksemder.
Kva kan det ikkje søkjast støtte til:
- Garantiar til, eller kommunal aksjeteikning i private bedrifter.
- Gjeldssanering, ordinær drift eller til ordinære kommunale oppgåver.
- Kommunalt heil- eller deleigde bedrifter kan ikkje få støtte.
- Etableringar som vil konkurrere med etablert verksemd i kommunen på ein uheldig måte.
- Generell driftsstøtte.
Korleis søkja:
- Søknader om støtte frå næringsfondet skal vere skriftleg, og søknadsskjema ligg på nettsidene til Tysnes Kraftlag AS.
- Søkjar skal leggja ved ei framdriftsplan som seier planlagt dato for oppstart, planlagt dato for ferdigstilling, usikkerheitsfaktorar i framdriftsplanen og når ein sikker framdriftsplan kan foreliggja.
Verdi på avtale:
- Beløpsgrense i enkeltsøknader inntil 50 000 kr og i særskilde tilfelle 75 000 kr.
- Støtta skal verta gitt som tilskot.
- Tilskotet vert gitt som ein eingongssum.
Utbetaling:
- Utbetalingar skjer i etterkant etter mottak av sluttrapport og rekneskap med kvitteringar, over tiltaket.
- Utbetaling forutset av verksemda er solvent ved sluttrapportering
- Ved støtte til innkjøp av utstyr eller innsatsfaktorar, kan Kraftlaget ta atterhald om pant i gjenstanden
- Sluttrapport og rekneskap blir vurdert av to styremedlem i Tysnes Kraftlag før utbetaling av tilskot.
Søknad:
- Søknader skal innehalda rekneskap, budsjett, kostnadsoverslag, finansieringsplan, forretningsidé
og vurdering av marknad.
Kvalitetssikring av søknad:
Tysnes Kraftlag vil normalt kanalisera søknader videre til Atheno for kvalitetssikring og vurdering i høve til gjeldande retningslinjer, herunder følgjande:
- Gjennomføre ei vurdering utifrå faste kriteria.
- Leggja fram skriftleg anbefaling for styret.
- Gje tilbakemelding og ha kontakt med søkjar.
Krav til tilskotsmottakar
- Synleggjering av tilskot skal nemne Tysnes Kraftlag AS i medieomtale
Annonsering
- Alle løyvingar, her under sum og namn på mottakarar, vil bli offentleggjort
- Avslag på søknader vil bli nemnt i tal, utan namn, på nettsida.
RRETNINGSLINER FOR NÆRINGSFOND, BASERT PÅ STRATEGI VEDTATT I GENERALFORSAMLING 2019
Utarbeida av AM, godkjent av styret i Tysnes Kraftlag AS, 17. juni 2019, endra i styremøte 20.september 2019.
Endra i styremøte 03.10.2023. Endra i styremøte 28.11.25
