Likningsverdi av aksjar 2024
Me har fått mange aksjonær førespurnader, som seier at likningsverdien for TKAS aksjar er dobla frå i fjor.
Me har stilt eit par spørsmål knyta til dette til vår til revisor i KPMG, Terje Hatleberg:
Me er merksame på at verdien av aksjane for dette året er sett opp av Skattemyndigheitene.
- Korleis skjer dette, skjønn frå Skatteetaten?
- Noko vi kan gjere for å påverke dette?
Svar:
Svaret er nok ganske enkelt, formues verdi på aksjane de eig i Eviny AS økte i formues verdi fra MNOK 528 i 2022 til MNOK 1 092 i 2023! Lite å gjere utover det som er signalisert tidlegare til aksjonærane at de bør gi bort alt bortsett frå 1 aksje til lag og foreiningar. Eviny sin formues verdi har vi lite kontroll på.
Med vennleg helsing
Terje Hatleberg
KPMG AS
Informasjon til:
- aksjonærar i formueskatteposisjon.
- aksjonærar som vil gje aksjar til eit lag eller organisasjon på Tysnes.
- Vil du betala mindre formueskatt for eigarskapen i Tysnes kraftlag AS?
- Har du framleis lyst til å delta på generalforsamling og behalda stemmeretten?
- Vil du samstundes støtta opp om lag og organisasjonar på Tysnes?
- Vil du berre støtte eit lag eller organisasjon på Tysnes.
Då kan me føreslå følgjande løysing for deg:
Aksjonærar som i dag sit på større aksjepostar enn dei ønskjer, kan overføra ønska tal aksjar til frivillige lag og organisasjonar på Tysnes. Slik kan dei vera med å gje ein «grasrotandel» til sitt lokale idrettslag, bygdelag eller anna frivillig lag/organisasjon i kommunen.
I vedtektene til Tysnes Kraftlag AS er det lagt opp til å kunne nytta 10% av «overskotet» til utbetaling av utbyte til eigarane. Ved å få aksjar i Tysnes Kraftlag AS kan også frivillige lag og organisasjonar på Tysnes få glede av dette utbytet.
Sidan frivillige lag og organisasjonar ikkje er i formueskatteposisjon, vil det komme som «reine pengar» til alle som deltek i denne «grasrotandel-ordninga».
I følgje vedtektene kan ingen aksjonær eiga meir enn 10% av aksjane, og overføring av aksjar til lag og organisasjonar må såleis godkjennast av styret i Tysnes Kraftlag AS.
Som aksjonær kan du velja å sitja att med 1 aksje = 1 stemme på generalforsamlinga.
Lista med lag som har sagt seg interessert i å ta imot aksjar finn du nedanfor. Det er desse laga som per dags dato er førebudd på å kunne ta imot aksjar.
Litt meir om formueskatt på Kraftlagsaksjar
Denne saka om formueskatt og utbytepolitikk har vore diskutert på fleire GF-ar dei siste åra:
Vedtekter og gjeldande GF vedtak seier følgjande:
For å vera aksjonær i Tysnes Kraftlag må ein etter vedtektene ha eigedom, vere busett eller ha verksemd på Tysnes.
Det er og stadfesta i vedtektene at ingen skal tene personleg på aksjane dei eig i Kraftlaget, men at overskot skal nyttast til nytte for Tysnes samfunnet.
Men grunna store underliggjande verdiar vil aksjonærane få ei monaleg kapital verdi av aksjane påført skatteoppgjeret gjennom si personlege skattelikning.
Dei aksjonærane som er i formueskatt posisjon må betale formueskatt på aksjane. Dette kan synast urimeleg, men einaste løysing for å unngå dette er å gje vekk aksjane til einingar som ikkje er i skatte posisjon. Det kan vere private som ikkje betaler formueskatt, eller til lag og foreiningar som og er unnateke formueskatt.
Aksjane har grunna vedtektene ingen reel marknadsverdi, men dei vil ha underliggjande verdi som likningstakst. Me har nytta både skatt ekspertar og advokatar for å finne ein veg utanom. Den einaste løysinga me har er denne:
For å kunna plassera aksjane ein stad der det ikkje vert skatt har me gjennomført ei kampanje med å la private aksjonærar som ynskjer å kvitte seg med aksjar kan overføra desse til lag og organisasjonar. Betydeleg antal aksjar har skifta eigar under denne ordninga, alle til ein verdi 0. (sjå under). Sidan alle aksjonærar har ei stemme kvar, utan omsyn til tal aksjar, vil ein kunne behalde si innflyting på selskapet ved å halde på ei aksje. Sjå eigen sak nedenfor.
Dei siste åre har me som ein delvis kompensasjon for formueskatt betalt ut 1 øre pr aksje i utbytte. (sjå under)

Lag og organisasjonar som tek i mot aksjer
Her finn du lista over laga og organisasjonane som er klare for å ta imot aksjar frå aksjonærar i Tysnes Kraftlag. Last ned og noter i skjema kor mange aksjar du har, kor mange du gjev til dine lag/organisasjonar, og kor mange du beheld sjølv. Så signerer du og sender til guro@tysneskraftlag.no.
Her finn du dei laga og organisasjonane som er klare for å ta imot aksjar frå aksjonærar i Tysnes Kraftlag. Du kan velje mellom eitt eller fleire av desse laga.
For å finne ut kor mange aksjar du har, kan du:
- Gå inn på www.vps.no – gå vidare inn på «myVPS» – så vel du «vps investortjeneste private»
- Logg på med bankID, så er du inne på din private vps-konto. Her finn du tal aksjar og anna personleg informasjon.
Vidare lastar du ned og noterer i skjema kor mange aksjar du har, kor mange du gjev til dine lag/organisasjonar, og kor mange du beheld sjølv. Du må og notera ned vps-kontoen din, og kva bank du har denne i. Så signerer du og sender til guro@tysneskraftlag.no.
Lag / organisasjon Kontaktperson(ar) Organisasjonsnummer
Båtlaget Njord/Tysnes Einar Aslaksen 985 489 009
Flatråker bygdalag Morten Helland og Nils Tornes 998 169 178
Hålandsneset grendalag Per Verner Aase og Bjørg Espevik 996 488 365
Jensvol vel Susanna Høviskeland 925 148 652
Lunde bedehuslag Marit R. Humlevik 896 844 792
Lunde bygdelag Øystein Flakke 914 741 343
Lunde ungdomslag Nils Kåre Lunde 920 827 713
Lundehagen vel Nina Iversen 924 571 187
Njardar/Tysnes Tore Økland 976 073 762
Onarheim idrettslag Lise Skjåk Dalen 990 891 893
Onarheim musikklag Audun Magnussen og Magne Storesætre 985 661 200
Onarheim og Tveit bygdalag Kenneth Røssland 992 507 705
Opdal ungdomslag Bent Fossdal 889 859 342
Reksteren idrettslag Marit N. Allard Gjøvåg & Arvid Berntsen 977 078 067
Reksteren ungdomslag Ole-Martin Heldal 934 04 892
Reksteren øylag Anny Gjøvåg 915 548 202
Skorpen grendahus John Laukhamar 911 887 983
Solheimsdalen grendelag Hans Tore Brekke 913 517 792
Solstråleøya venelag Bjørn Helge Epland 987 896 906
Tysnes bygdekvinnelag Jorunn Bjordal 912 127 702
Tysnes Dyrevenelag Silje Benedicte Lavik Tlf 971 88 691
Tysnes helselag Ingeborg Tysnes 871 533 172
Tysnes husflidlag Synnøve Hodneland 975 410 471
Tysnes idrettslag Elise Lande/ Ivar Helland 985 537 046
Tysnes kammerkor Lise Skjåk Dalen 994 140 604
Tysnes kystlag Gunnar Onarheim 980 153 479
Tysnes musélag Jan Spjeldnæs 998 993 644
Tysnes musikklag Arve Belt 983 646 220
Tysnes Røde Kors hjelpekorps Halvor K. Roer Jensen 993 882 402
Tysnes seniordans Jan Gerhard Belt 995 167 921
Tysnes skulekorps Lena Epland Sløgedal 993 509 388
Tysnes sogelag Sigurd Bjordal 993 061 212
Tysnes sportsskyttarklubb John Arvid Kleppe 913 389 409
Tysnes teaterlag Kjetil Totland 923 968 873
Tysnes turlag Per Verner Aase og Rebekka Høgestøl 923 946 799
Tysnes ungdomslag Steffen Sleire Opdal 912 483 738
Tysnes vinterbading Christian Nome Lepsøe 924 401 648
Uggdal idrettslag Bjørn Inge Sætre , Mikael Asbjørnsen 913 496 825
Uggdal indremisjon/ Jensvoll bedehus Harald Heie 912 113 442
Venelaget tysnessåto Merete Fjelltveit Flakke 923 089 977
Vågsmarka vel Elise Lande og Cristoph Sundal 913 700 139