Hjertefred Tysnes - Hjertefred 2025
Jannike Alvær Lie • December 12, 2025

Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!

Tysnes gjev meirsmak tok initiativet til å etablere Stolpejakten Tysnes, og har sidan starten hatt ei sentral rolle i å samle lag frå heile øya om eit felles folkehelse- og reiselivstiltak. Gjennom målretta arbeid har prosjektet blitt eit symbol på samarbeid og engasjement i lokalsamfunnet. Saman med idrettslag og bygdelag frå ulike delar av Tysnes har ein bygd opp eit inkluderande og gratis aktivitetstilbod som motiverer både fastbuande og tilreisande til å oppleve naturen – til fots, på eiga hand eller saman med andre. Stolpejakten er eit framifrå døme på korleis frivillig innsats og lokal koordinering kan skape store ringverknader for både helse og samhald. Resultat og utvikling I 2025 deltok 1 565 stolpejegere på Tysnes, med til saman 34 793 innsjekkingar. Dette er noko færre enn året før (2 021 deltakarar og 52 898 innsjekkingar), men aktiviteten per deltakar held seg høg – kvar stolpejeger besøkte i snitt over 20 stolper gjennom sesongen. Det vitnar om eit sterkt engasjement og ein lojal brukarbase som nyttar tilbodet aktivt, trass i at Våge ikkje hadde stolper denne sesongen. Dei fleste deltakarane er mellom 50 og 65 år, men Stolpejakten samlar folk i alle aldrar – frå barnefamiliar til eldre som brukar turane som fast del av kvardagsaktiviteten. Mange deltakarar gjer alle stolpene i sitt område, og fleire tek heile øya. I lokalpressa vart mellom anna Janniche Hole løfta fram som eit døme på korleis Stolpejakten motiverer til utforsking, meistring og naturopplevingar. Trass i litt lågare deltaking enn året før, viser tala at Stolpejakten har etablert seg som eit stabilt og høgt brukt folkehelsetiltak. Den kontinuerlege interessa og det sterke engasjementet frå deltakarane understrekar verdien av å halde tilbodet i gang. Erfaringar frå sesongen Den største forskjellen frå tidlegare år var at Våge ikkje hadde stolper i 2025, noko som truleg forklarer delar av nedgangen i deltakarar. Samtidig har prosjektet opplevd sterk lokal støtte og gode tilbakemeldingar. Dei frivillige laga har lagt ned eit imponerande arbeid med planlegging, kartlegging og vedlikehald, og deltakarane har uttrykt stor glede over variasjonen i både vanskegrad og plassering. Mange framhevar at Stolpejakten har gitt dei eit sterkare forhold til eigen kommune og meir kunnskap om kulturminne og natur. Verdien for folkehelsa Stolpejakten Tysnes er eit lågterskeltilbod med høg effekt. Prosjektet fremjar fysisk aktivitet, sosial kontakt og mental helse – og det skjer på deltakarane sine eigne premissar. Fleire lag understrekar kor viktig tiltaket er som erstatning for «sommartrimmen» og som motivasjonsfaktor gjennom heile sesongen. Prosjektet speglar sentrale berekraftsmål, som god helse og livskvalitet, mindre ulikskap og berekraftige lokalsamfunn. Verdien for reiselivet Stolpejakten har etter kvart også fått stor reiselivsmessig betydning for Tysnes. Deltakarstatistikken viser at stolpejegere frå heile landet finn vegen hit – i 2025 kom dei frå 98 ulike kommunar, med flest frå Bergen og omegn, men også mange frå Bjørnafjorden, Os og andre delar av Vestlandet. For mange tilreisande blir Stolpejakten ein del av ferieopplevinga: ein kombinerer jakt på stolper med turar til lokale attraksjonar, handel og servering. Det skaper trafikk i lokalsamfunnet og bidreg til å profilere Tysnes som ein attraktiv og aktiv destinasjon. På nasjonalt nivå har Stolpejakten blitt eit etablert konsept som knyter saman friluftsliv, teknologi og berekraft – og Tysnes har markert seg som ein av dei kommunane som har lykkast best med å integrere konseptet i lokalt samarbeid og verdiskaping. Vidare arbeid Alle laga frå 2025 har meldt interesse for å delta vidare i 2026. I tillegg har Båtlaget signalisert at dei vil dekke Våge, noko som vil bidra til større deltaking og synlegheit. Det manglar framleis eit lag i Uggdal, men dialogen er i gang for å finne ei løysing. For å nå ut til endå fleire vil prosjektet satse på betre kommunikasjon og synlegheit, der laga deler bilete og oppdateringar i sosiale medium. Oppsummering Stolpejakten Tysnes 2025 har vist at tiltaket leverer meir enn gode tal – det skaper aktivitet, glede og fellesskap. Deltakarane blir meir aktive, lokalsamfunnet står sterkare saman, og Tysnes framstår som ein kommune der frivilligheit, folkehelse og reiseliv går hand i hand.

Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.

No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.

Foto: Tysnes skule I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter

Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».









