Våge sentrum - Opprusting av avfallshandtering i Våge sentrum

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå
Reine gatar, mindre søppel.
Utfyllande beskrivelse av prosjektet
Søknad om støtte til opprusting av avfallshandtering i Våge sentrum
Bakgrunn
Våge sentrum er handelssentrum på Tysnes, og har i sommarsesongen eit yrande folkeliv. Her møtest fastbuande, barnefamiliar, båtgjestar og gjennomreisande, og sentrum fungerer som eit naturleg stoppunkt for mange som ferdast på Tysnes.
Med høg aktivitet følgjer òg utfordringar. Ei av dei mest synlege er avfall og forsøpling. Dagens bosspann i sentrum og hamneområdet er gamle, slitne og fleire stader i dårleg stand. Nokre sentrale område mellom butikkane manglar heilt tilbod om avfallshandtering, noko som fører til at søppel hamnar på bakken eller vert lagt att på tilfeldige plassar.
Våge Sentrum ønskjer no å ta tak i dette, i samarbeid med Våge Hamn, for å skapa reinare gater, betre trivsel og eit meir verdig uttrykk for sentrum.
Formål
Formålet med prosjektet er å rusta opp avfallshandteringa i Våge sentrum og hamneområdet gjennom:
- Nye, solide og funksjonelle bosspann på strategiske punkt
- Betre tilrettelegging for folk som ferdast til fots
- Mindre forsøpling og reinare gater
- Auka trivsel for både fastbuande, næringsdrivande og besøkande
Tiltaket er eit enkelt, men viktig grep for å ta vare på sentrum som møteplass og handelsområde.
Tiltak og innhald i prosjektet
Prosjektet omfattar:
Avfallshandtering
- 6 nye bosspann plassert i hamneområdet
- 2 nye bosspann plassert mellom butikkane i Våge sentrum, der det i dag ikkje finst spann
Type spann:
URBAN AVFALLSBEHOLDER 170L
Pris per stk: 14 929 kr
Sitteplassar
- 2 nye benker plassert mellom butikkane i sentrum, i område med mykje ferdsel
Type benk:
LESSEBO benk, sortlakkert med oljet eik
Pris per stk: 21 815 kr
Våge Hamn AS vil stå for utplassering av både bosspann og benker, samt for tømming og drift av spanna i etterkant. Dette sikrar god gjennomføring og langsiktig vedlikehald.
Forventa effekt og samfunnsnytte
Tiltaket vil gi rask og synleg effekt:
- Reinare gater og hamneområde
- Mindre søppel på bakken
- Betre oppleving for besøkande og lokalbefolkning
- Eit meir ryddig og triveleg sentrum som styrkar handelen og opphaldstida
Prosjektet er eit konkret lokalsamfunnstiltak som bidreg til bulyst, betre sentrumskvalitet og eit meir positivt inntrykk av Våge som handels- og møtestad. Det er ikkje ordinær drift, men ei opprusting som kjem mange til gode og som har varig verdi.
Avslutning
Våge Sentrum ønskjer å ta ansvar for eit reint, triveleg og funksjonelt sentrum. Med støtte frå Tysnes Kraftlag sitt næringsfond kan me gjennomføra eit tiltak som gir stor effekt i høve til kostnad, og som bidreg positivt til både næringsliv og lokalsamfunn på Tysnes.
Me takkar for vurderinga av søknaden og stiller gjerne til dialog dersom det er behov for meir informasjon.
Med venleg helsing
Våge Sentrum
v/ Patrick Madsen
Usikkerhetsfaktor i framdriftsplanen
Det er kun stønad frå TK som gjev usikkerheit, ingen stønad = intet prosjekt.
SLUTTRAPPORT
Våge sentrum er handelssentrum på Tysnes og har i sommarsesongen eit yrande folkeliv. Dei tidlegare bosspanna i sentrum og hamneområdet var gamle og slitne, og fleire sentrale område mellom butikkane mangla heilt tilbod om avfallshandtering. Dette førte til at søppel hamna på bakken eller på tilfeldige plassar. Prosjektet rettar opp dette.
Grunna fråfall frå ein av sponsorene våre manglar me no 20 000,- for å få gjort opp heile prosjektet. Og søker hermed om ekstra 20 000,-. som gjer ein total stønad på 101 531,-. Legg til at me allereie har auka eigene utgifter med 20 000,- grunna avkortning i søknadsbeløpet som opprinnelig var på 143 062,- (tømming og vedlikehald over dei neste 10 åra var ikkje sett på som ein utgift).













