Call Us +1-555-555-555

Vedtekter for Tysnes Kraftlag AS


(Vedtekne 12 mars 2018)


§1 – Føretaksnamn

Selskapets namn er Tysnes Kraftlag AS.


§ 2 – Forretningskontor

Selskapets forretningskontor er i Tysnes kommune.


§ 3 – Føremål 

Selskapets føremål er å eiga aksjar i BKK AS. Selskapet kan også driva, delta i eller samarbeida med andre selskap om digital kommunikasjon, bygde- og næringsutvikling og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til Tysnes Kraftlag SA sitt konsesjonsområde per 1. januar 2018 (seinare i vedtektene omtalt som "konsesjonsområdet"). 

Selskapet skal i tillegg ta del i eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet. Selskapet har som mål å vera ei levande kraft i lokalmiljøet.

Selskapet har ikkje til føremål å skaffe eigarane  økonomisk utbyte, men generalforsamlinga kan likevel etter framlegg frå styret, vedta å disponera  inntil 10 % av overskotet,  som  utbyte til aksjonærane. 


§ 4 – Aksjekapital

Aksjekapitalen er kr 11.131.294,10  fordelt på 111.312.941 aksjar,  kvar pålydande kr 0,10.  Aksjane kan ikkje pantsetjast.

Selskapets aksjar skal vera registrert i eit verdipapirregister.

Ingen kan eige meir enn 10 % av aksjane i selskapet. 


§ 5 – Styre

Selskapets skal ha eit styre av totalt 5 medlemmer og 2 vara-medlemer som blir valde av generalforsamlinga. Styremedlemene og vara-medlemene vert valde for  to år.  Generalforsamlinga vel  styrets leiar og nestleiar for eitt år om gongen. Alle styremedlemer må eiga aksjar i selskapet og tilfredsstilla krava for å erverva aksjar som fastsett i § 7. 


§ 6 – Signatur

Selskapets firma vert teikna av to styremedlem i fellesskap. Styret kan gi prokura.


§ 7 – Krav om geografisk tilknyting, omsetning av aksjar

Aksjar i selskapet kan berre ervervast av privatpersonar og føretak som er busette i, har eigedom i, eller har registrert forretningsadresse innanfor konsesjonsområdet. Med erverv meiner ein i denne samanheng alle overføringar av aksjar, herunder ved arv, fusjon/fisjon  m.m.

Erverv av aksjar skal godkjennast av styret i samsvar med aksjelova §§ 4-16 og 4-17. Samtykke kan berre nektast dersom det ligg føre sakleg grunn.

Aksjelova sine regler om forkjøpsrett (§§ 4-19 til 4-23) gjeld  ikkje ved eigarskifte av aksjar i selskapet. 


§ 8 – Generalforsamlinga

Innkalling til generalforsamling skal vera sendt seinast ei veke før møtet skal haldast. 

Dokument som gjeld saker som skal opp på selskapets generalforsamling, herunder dokument som etter lov skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga, treng ikkje sendast til aksjeeigarane viss dokumenta er tilgjengelege på selskapet si heimeside. Ein aksjeeigar kan likevel krevja å få tilsendt dokumenta som gjeld saker som skal opp på generalforsamlinga. 

Ordinær generalforsamling skal haldast kvart år innan utgangen av juni månad. På den ordinære generalforsamlinga skal følgjande spørsmål takast opp og avgjerast: 

 

  • Godkjenning av årsrekneskapet og årsmeldinga, herunder tildeling av midlar i tråd med føremålet i §3.
  • Val av styret.
  • Andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer inn under generalforsamlinga. 

 

§ 9 – Stemmerett på generalforsamlinga

På generalforsamlinga har kvar aksjeeigar ei stemme. Stemmer som blir avgjevne av ein fullmektig, skal telja som om dei var fullmektigen sine eigne, dvs. at kvar fullmektig berre har ei stemme, likevel slik at ein fullmektig som også er aksjeeigar, kan avgje to stemmer. 

Endring av stemmerettsreglane i § 9 krev tilslutning frå ¾ av stemmene på ei generalforsamlinga der minst 50 % av aksjekapitalen er representert. Det same gjeld endring av føresegna i § 3 tredje ledd om at selskapet ikkje har til føremål å skaffe eigarane økonomisk utbytte. 


§ 10 - Valkomité

Selskapet skal ha ein valkomité. Valkomiteen skal ha 3 medlemer som skal veljast av generalforsamlinga med ei tenestetid på tre år. 

Alle medlemer av valkomiteen må eiga aksjar i selskapet og tilfredsstilla krava for å erverva aksjar som bestemt i § 7.

Valkomiteen si oppgåve er å avgje innstilling til generalforsamlinga om val av medlemer og vara-medlemer til styret, herunder styrets leiar og nestleiar, medlemer til valkomiteen og honorar til medlemer og vara-medlemer av styret. 

Generalforsamlinga skal vedta instruks for valkomiteen. Generalforsamlinga fastset honorar til valkomiteens medlemmer etter forslag frå styret. 


§ 11 – Oppløysing

Vedtak om oppløysing krev tilslutning frå ¾ av stemmene på generalforsamlinga. Viss eit forslag om oppløysing ikkje får slikt fleirtal, kan saka reisast i ny generalsforsamling tidlegast ein månad seinare, som då kan gjera slikt vedtak med det fleirtal som aksjelova bestemmer. 

Eit likvidasjonsoverskott skal nyttast til å fremja allmennyttige tiltak i konsesjonsområdet, eventuelt kan overskotet overførast til ei ålmennyttig stifting som har til føremål å fremja ålmennyttige tiltak i konsesjonsområdet. Forslag om oppløysing skal følgja innkallinga til general-forsamlinga med forslag frå styret om korleis likvidasjonsoverskotet skal nyttast. I samband med ei slik oppløysing kan generalforsamlinga også vedta at aksjane i BKK AS og andre eignelutar skal overførast til stiftinga. 


Share by: