Tysnes gjev meirsmak - Forprosjekt: Tysneskalenderen og framtidig digital turistinformasjon

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå
Tysnes Gjev Meirsmak / Kulturkontoret, i samarbeid med Tysnes kommune
Utfyllande beskrivelse av prosjektet
Tysnes kommune har i haust vedteke å avslutte sin avtale med Friskus.no, og ser no etter ei ny og meir heilskapleg løysing for aktivitetskalender og digital innbyggjarinformasjon. Samstundes har kommunen teke initiativ til å utvikle framtidig turistinformasjon i samarbeid med Visit Tysnes.
Allereie i mai 2025 starta Kulturkontoret arbeidet med å utvikle ein idé om ein felles aktivitetskalender, med arbeidstittel "Tysneskalenderen". Målet er å lage ei moderne, brukarvennleg og universelt utforma digital løysing som samlar arrangement og aktivitetar for både innbyggjarar og tilreisande – på éin og same plattform.
Med desse to initiativa saman ligg alt til rette for å gjennomføre eit samla forprosjekt vinteren 2026, i tett samarbeid mellom kommune, Visit Tysnes og Kulturkontoret.
Mål for forprosjektet
- Utarbeide kravspesifikasjon for felles kalender og digital turistinformasjon.
- Undersøke tekniske løysingar og mogelege samarbeidspartnarar.
- Kartleggje korleis ein kan integrere:
- Automatisk innhenting av arrangement frå Facebook, Spond, DNT o.l.
- Synkronisering med Outlook og Google-kalendrar.
- Påmeldingsfunksjonar og visningsstatistikk.
- Lage utkast til samarbeidsavtale mellom Visit Tysnes og kommunen.
- Lage plan for visning på skjermar i kommunehus, skular, grendahus og turistinformasjon.
- Vurdere bruken av AI og chatrobotar til dømes for informasjon om ferjer, taxi og kontaktpunkt.
- Utforme plan for vidare utvikling, drift og eigarskap.
- Lage grunnlag for framtidig søknad om hovudprosjekt (TKAS GF) (fase 1).
Effekt og nytteverdi
- Reduserer fragmentering og overlappar mellom fleire kalendersystem (Friskus, VisitTysnes, Tysnesingen.no, kommune si side).
- Bygger eitt samla og universelt tilgjengeleg system for alle målgrupper.
- Gjer det enklare for lag og organisasjonar å vise fram sine aktivitetar.
- Kommunen får ei eiga side retta mot innbyggjarar med treningstider, årsmøte, osv.
- Tilreisande og hyttefolk får ei oppdatert og attraktiv oversikt over arrangement.
- Teknologien blir bygd med tanke på gjenbruk: Dette kan bli ein eksportartikkel – ei løysing som andre kommunar og destinasjonar kan ta i bruk.
Langsiktig strategi og faser
- Fase 0 (des 2025–apr 2026): Forprosjekt med kartlegging, avtaler, teknisk spesifikasjon og plan.
- Fase 1 (sommar/haust 2026): Utvikling av første versjon for Tysnes.
- Fase 2 (2027): Utviding med app, TicketCo-integrasjon, automatisk nyheitsbrev og notifikasjonar.
- Fase 3 (2027–): Sal og deling av modellen med andre kommunar.
SLUTTRAPPORT
Hovudfunn frå forprosjektet:
- Ingen eksisterande standardløysing dekkjer alle dei tre behova - aktivitetskalender, turistinfo og chatbot i eitt produkt.
- Dei kommersielle alternativa er dimensjonert og prisa for store kommunar. Lite eigna for Tysnes.
- Ei eigenutvikla løysing gjev best funksjonalitet til lågast kostnad og sikrar lokalt eigarskap av data.
- Integrasjon med fleire kalenderkjelder er mogleg og tilrådd. Ein generisk iCal-importør dekkjer dei fleste behova — inkludert Spond (via Google Calendar-sync), kyrkjekalendrar og kommunale kalendrar. TicketCo-integrasjon er i aktiv dialog. Facebook-import krev merkantil avklaring. Nasjonal Turbase (DNT) er lagt ned, men faktaopplysningar om DNT-aktivitetar på Tysnes kan registrerast manuelt i plattforma.
- Skjermvising ved fem vertskapspunkt er teknisk verifisert. Integrasjon i «kiosk modus» er mogleg.
- AI-chatbot er teknisk modent og dokumentert eigna for lokal turistinformasjon.
- Grunnlaget for hovudprosjektsøknad er klart. Prototype er utvikla og validert under kartleggingsarbeidet.
Tilråding: TGM og Tysnes kommune bør gå vidare med hovudprosjekt med utgangspunkt i den eigenutvikla løysinga. Ingen kommersielle alternativ gir tilsvarande funksjonalitet, lokal datakontroll og kostnadsnivå.










