Tysnes Ungdomslag - Støtte til barne- og familieprogram under opningsprogrammet til Vonheim 14. Februar 2026.

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå
Skapa blest om nyopninga av Vonheim!
Utfyllande beskrivelse av prosjektet
Søknad til Tysnes Kraftlag – støtte til barne- og familieprogram under opningsprogrammet 14. Februar 2026.
Søknad om støtte til underhaldning under opningsarrangementet i Vonheim
Tysnes Ungdomslag nærmar seg no slutten på den store oppgraderinga av Vonheim, og 14. februar markerer me dette med eit ope opningsarrangement for heile Tysnes
Som del av opningsprogrammet ønskjer me å tilby eit gratis og lågterskel tilbod for barn og familiar, med underhaldning og enkel servering i tidsrommet kl. 15:00–17:30. Dette vil bidra til at opningsdagen blir ei positiv og minnerik oppleving for dei yngste, og set tonen for ein levande og familievenleg vidare bruk av huset.
Kort om programmet for opningsdagen
- 15:00 — Dørene opnar
tryllekunstnar og ansiktsmaling, popcorn og enkel matservering, aktivitetar for barn og familiar 🎈 - 16:00–17:30 — Noregs største stolleik – rekordforsøk med ablegøyer, speaker og mykje gøy
Rekordforsøk med minimum 220 deltakere. - 17:30–19:00 — Mingling i heile bygget, sal av mat og drikke i «Labyrinten», uteområde med bålpanner og kaffikos ved fint vêr ❄️
- 19:30–23:00 — Fest og basar
Inntektsretta del av arrangementet (eigenfinansiert)
Underhaldningstiltaket me søkjer støtte til gjeld første del av arrangementet fram til kl 17:30, der fokuset er på barn, familiar og lågterskel deltaking.
Me håpar Tysnes Kraftlag ser verdien i å bidra til ei inkluderande, positiv og samlande markering av Vonheim si nye tid — til glede for heile lokalsamfunnet på Tysnes.
Usikkerhetsfaktor i framdriftsplanen
Ingen slik me ser det. Dette er eit arrangement godt innforbi arrangement som ungdomlaget har god erfaring med å arrangere.
SLUTTRAPPORT
Tysnes Ungdomslag ønskjer å takka Tysnes Kraftlag for støtta til barne- og familieprogrammet under den offisielle gjenopninga av Vonheim den 4. april 2026.
Midlane frå Tysnes Kraftlag vart nytta til å gjennomføra den gratis og opne delen av arrangementet som retta seg mot barn og familiar mellom kl. 13.00 og 15.30. Målet var å skapa ei inkluderande, positiv og lågterskel markering som kunne samla folk på tvers av alder og bidra til å visa fram Vonheim som ein levande møteplass for lokalsamfunnet.
Arrangementet vart gjennomført som planlagt. Frå dørene opna kl. 13.00 kunne barn og familiar delta på aktivitetar med tryllekunstnar, ansiktsmaling og ulike sosiale aktivitetar. Det vart også servert popcorn, pølser, brus og anna enkel servering til deltakarane.
Hovudaktiviteten var rekordforsøket på «Noregs største stolleik», som samla eit stort tal deltakarar og skapte stort engasjement blant både barn, ungdom og vaksne. Med heile 220 deltakarar nådde me målet, og kan krone arrangementet med å ny noregsrekord! Aktiviteten vart eit samlingspunkt under gjenopningsdagen og bidrog til å skapa ei inkluderande og festleg ramme rundt gjenopninga av Vonheim.
Arrangementet vart svært godt motteke, og dagen samla eit breitt spekter av innbyggjarar frå heile kommunen, samt tilreisande.










