Ekstraordinær Generalforsamling i Tysnes Kraftlag AS. Val av revisor.
Alle aksjonærar i Tysnes Kraftlag AS med kjent e-postadresse har i dag fått tilsendt følgjande e-post (sjå tekst under). Denne kunngjeringa på nettsida vår kjem i tillegg.
Forslaget inneber at ekstraordinær generalforsamling vert halden ved denne kunngjeringa, i samsvar med den vedlagde protokollen. Det vil seia at teksten i denne e-posten og den vedlagde protokollen i seg sjølv utgjer generalforsamlingsmøtet, og at det ikkje er naudsynt å halda eit separat fysisk eller digitalt møte. Framgangsmåten er i tråd med reglane om «forenkla behandling» i aksjelova §§ 5-7 og 5-7a.
Dersom du ikkje har innvendingar mot at ekstraordinær generalforsamling vert halden ved forenkla behandling (utan styremøte), eller mot at KPMG Carve-out AS vert vald som ny revisor, kan du svara bekreftande på denne e-posten. Alternativt, dersom du ikkje svarar innan 7 dagar, vert dette rekna som samtykke og at du har stemt i samsvar med vedlagde protokoll.
Dei som samtykkjer eller ikkje samtykkjer kan svara til post@tysneskraftlag.no, eller la vera å svara – som då vert rekna som samtykke etter 7 dagar frå kunngjeringa.

