Heimelaga av Robles - Oppgradering av kjøkken

Nicole Andrea Robles • September 16, 2026

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå: Vi ønsker å starte eit lokal bakeri med ferske kanel-snurrer og brød


Kortfatta informasjon om verksemd \søkjar: Eg driv eit lite bakerikonsept med hovedfokus på kanel-snurrar i ulike smakar, og planlegg å utvide med ferskt brød. Eg har erfaring og lidenskap for baking, og ønskjer å utvikle dette frå hobby til ei berekraftig verksemd med både privatkundar og bedrifter som kundegruppe.

 

Marknadsundersøking, kundegrupper, konkurrentar, fortrinn: Eg har undersøkt marknaden ved å snakke med potensielle kundar, sjå hva som blir tilbydd lokalt, og det er etterspurnad etter meir bakst.

 

Mulige kundegrupper: Bedrifter (t.d. Andersland Bygg, Tysnes Kommune, Byggfag, HaaHeim Gård, Tias, Sim, Bruntvet Maskin, Myrdal gård). Privatekundar og lokale kafear\butikkar. 


Konkurrentar: Lokale bakeri og dagligvarebutikkar.


Fortrinn: Variasjon i kanel-snurrar (nye smakar), handverk og kvalitet, personleg preg og fleksibilitet.


Hva går prosjektet\tiltaket\investeringa ut på? Å investere i nødvendig utstyr og ressurser for å utvide produksjonen, utvikle nye produkter (fleire typer kanel-snurrer og brød), og sikre kapasitet til å levere til flere kunder.

 

Kvifor er prosjektet naudsynt? Er tilskot avgjørende? Prosjektet er naudsynt for å møte etterspurnadene og sikre videre vekst. Uten investering kan ikke produksjonen økes.

Tilskot er avgjerande for å realisere tiltaket no 

  • uten støtte vil prosjektet måtte utsetjast eller gjennomførast i redusert omfang.

 

Hva ønsker du å oppnå? Korleis måle måloppnåing?

Mål: bygge en stabil kundebase,utvikle sortiment, etablere verksemda som en solid leverandør av ferskt bakst i bygda. I framtida åpne eget bakeri/kafe 

Måling: tallet på faste avtaler, omsetningsvekst, produksjonsvolum, kundetilbakemeldinger.

 

Hva vil tilskotet ha å si for ditt verksemd?

Tilskotet vil gjøre det mulig å investere i utstyr, utvide sortimentet, og ta imot større bestillingar. det gir tryggleik

for drift og utvikling. Bruker i dag privat kjøkkenet som bakeri. Vi bygger nytt privat kjøkken, så ønsker å bygge om på det gamle kjøkkenet, slik at det egner seg til produksjon kjøkken.

 

Hva vil prosjektet \tiltaket bety for Tysnes-samfunnet?

Prosjektet vil bidra med lokal verdiskapning, flere tilbud til innbyggerne, leveranser til lokale bedrifter og mulig framtidig arbeidsplass.

 

Aktivitetar, tidplan, organisering, samarbeid

  • Utvikling av sortiment: skjer kontinuerlig 
  • Utbedring av kjøkken: 1-3 måneder
  • Jobber kontinuerlig med å skaffe nye kunder, gjennom å besøke bedrifter og delta på arrangementer. Bruker sosiale medier til reklame.


Risikofaktorar

Etterspurnaden kan variere, men er generelt høy etterspørsel for bakst. Spesielt sommerhalvåret og juletider


Økonomi: Avhengig av støtte for å starte opp i rett skala. 

 

Egen innsats

Eg legg inn eigen arbeidsinnsats, eigne midler. Eg søker om tilskot for å kunne realisere prosjektet fullt ut.


Har kjøpt inn det aller meste av tingene, skal hente kjøkken deler i morgen (onsdag), så montering starter fortløpende.

By Sigvard Madsen September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Nye gode stolar i samme farge og utforming. Utfyllande beskrivelse av prosjektet Søknad om støtte til nye stolar og bord i storsalen i Vonheim Den omfattande oppgraderinga av Vonheim nærmar seg no ferdigstilling. I denne fasen har me starta arbeidet med innreiing og dei tiltaka som er naudsynte for å gje brukarane best mogleg oppleving av huset. Eit av dei mest grunnleggjande behova er nye stolar i storsalen. Tysnes Ungdomslag søkjer med dette om økonomisk støtte til kjøp av 162 nye, polstra stablestolar, samt nokre bord, til bruk i storsalen i Vonheim. Desse skal erstatta tre ulike og ueinsarta sett med stolar som er i bruk i dag – mellom anna stolar frå eit konkursbu for om lag 15 år sidan, gåvestolar frå tidleg 2000-tal og dei velkjende raude stolane frå 80-/90-talet. Stolane er i dag slitne, lite praktiske og ujamne både når det gjeld komfort og kvalitet. Me har innhenta tilbod frå leverandør på aktuelle stolar til ein stykkpris på kr 722,- inkl. mva., pluss frakt. Ordinær pris er kr 1 205,- inkl. mva., men me har fått 40 % rabatt dersom bestilling skjer innan utgangen av januar. Dette går fram av vedlagt tilbod. Rabatten gjer at me, i tillegg til stolane, også får høve til å kjøpa inn om lag 15 sårt tiltrengte bord innanfor same kostnadsramme. Me søkjer Tysnes Kraftlag om støtte til 50 % av totalkostnaden. Resterande del planlegg me å finansiere gjennom ei kronerulling vinteren 2026, der privatpersonar, verksemder og organisasjonar kan bidra ved å «kjøpa ein stol» for kr 500,-. I denne kampanjen er det lagt ut 150 stolar for sal. Kampanjen vart lansert før me fekk revidert pris frå leverandør, noko som forklarar avviket mellom talet på stolar i kampanjen og i det endelege tilbodet som ligg vedlagt. Tiltaket vil munna ut i eit offisielt opningsarrangement 14. februar, der ein av programpostane vert eit Noregsrekord-forsøk i stolleik. Gjeldande rekord er 216 deltakarar, sett i Lillesand, og me har god tru på at denne kan slåast. Dette vil vera ei kjekk og synleg markering av dei nye stolane – til glede for heile lokalsamfunnet. For ordens skuld vil me presisere at dette tiltaket ikkje er ein del av sjølve ombyggingsprosjektet av Vonheim, men kjem i tillegg som ei viktig kvalitetsheving for vidare bruk av storsalen. Me håpar Tysnes Kraftlag ser verdien av prosjektet, og ønskjer å bidra til å realisera dette til beste for barn, ungdom, vaksne og lokalsamfunnet på Tysnes. Med venleg helsing Tysnes Ungdomslag Sigvard Madsen Usikkerhetsfaktor i framdriftsplanen Det måtte vera svikt i kronerulling/folkefinansiering. men me har dog god tru på at me skal komme i mål med dette arbeidet/kampanjen. Som allerie er godt i gong! Påmelding er og opna til stolleken..... SLUTTRAPPORT Prosjektet bestod i å samle inn pengar gjennom kronerulling - knytta til og avslutta med eit større familiearrangement med rekordforsøk i stolleik. Responsen frå lokalmiljøet har vert overveldande, og både når det gjaldt koronerullinga der 144 privatpersonar og 5 bedriftar deltok i "kjøp ein stol for kr 500-konseptet" og det heile toppa seg med Norgesrekord i stolleik - 220 deltakarar. Nye stolar er på plass i Vonheim - noko me vonar store og små vil nye godt av i mange år framover!
By Sigvard Madsen September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Skapa blest om nyopninga av Vonheim! Utfyllande beskrivelse av prosjektet Søknad til Tysnes Kraftlag – støtte til barne- og familieprogram under opningsprogrammet 14. Februar 2026. Søknad om støtte til underhaldning under opningsarrangementet i Vonheim Tysnes Ungdomslag nærmar seg no slutten på den store oppgraderinga av Vonheim, og 14. februar markerer me dette med eit ope opningsarrangement for heile Tysnes Som del av opningsprogrammet ønskjer me å tilby eit gratis og lågterskel tilbod for barn og familiar, med underhaldning og enkel servering i tidsrommet kl. 15:00–17:30. Dette vil bidra til at opningsdagen blir ei positiv og minnerik oppleving for dei yngste, og set tonen for ein levande og familievenleg vidare bruk av huset. Kort om programmet for opningsdagen 15:00 — Dørene opnar tryllekunstnar og ansiktsmaling, popcorn og enkel matservering, aktivitetar for barn og familiar 🎈 16:00–17:30 — Noregs største stolleik – rekordforsøk med ablegøyer, speaker og mykje gøy Rekordforsøk med minimum 220 deltakere. 17:30–19:00 — Mingling i heile bygget, sal av mat og drikke i «Labyrinten», uteområde med bålpanner og kaffikos ved fint vêr ❄️ 19:30–23:00 — Fest og basar Inntektsretta del av arrangementet (eigenfinansiert) Underhaldningstiltaket me søkjer støtte til gjeld første del av arrangementet fram til kl 17:30, der fokuset er på barn, familiar og lågterskel deltaking. Me håpar Tysnes Kraftlag ser verdien i å bidra til ei inkluderande, positiv og samlande markering av Vonheim si nye tid — til glede for heile lokalsamfunnet på Tysnes. Usikkerhetsfaktor i framdriftsplanen Ingen slik me ser det. Dette er eit arrangement godt innforbi arrangement som ungdomlaget har god erfaring med å arrangere.  SLUTTRAPPORT Tysnes Ungdomslag ønskjer å takka Tysnes Kraftlag for støtta til barne- og familieprogrammet under den offisielle gjenopninga av Vonheim den 4. april 2026. Midlane frå Tysnes Kraftlag vart nytta til å gjennomføra den gratis og opne delen av arrangementet som retta seg mot barn og familiar mellom kl. 13.00 og 15.30. Målet var å skapa ei inkluderande, positiv og lågterskel markering som kunne samla folk på tvers av alder og bidra til å visa fram Vonheim som ein levande møteplass for lokalsamfunnet. Arrangementet vart gjennomført som planlagt. Frå dørene opna kl. 13.00 kunne barn og familiar delta på aktivitetar med tryllekunstnar, ansiktsmaling og ulike sosiale aktivitetar. Det vart også servert popcorn, pølser, brus og anna enkel servering til deltakarane. Hovudaktiviteten var rekordforsøket på «Noregs største stolleik», som samla eit stort tal deltakarar og skapte stort engasjement blant både barn, ungdom og vaksne. Med heile 220 deltakarar nådde me målet, og kan krone arrangementet med å ny noregsrekord! Aktiviteten vart eit samlingspunkt under gjenopningsdagen og bidrog til å skapa ei inkluderande og festleg ramme rundt gjenopninga av Vonheim. Arrangementet vart svært godt motteke, og dagen samla eit breitt spekter av innbyggjarar frå heile kommunen, samt tilreisande.
By Stine Alette Aasheim September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Arrangere eit flott og lærerikt 10.klasse-show, til glede for både elevar og lokalsamfunnet. Utfyllande beskrivelse av prosjektet På vegne av elevane i 10. klasse og arbeidskomiteen søkjer me om stønad til årets 10.klasse-show. Showet går av stabelen i februar 2026 og er ein viktig tradisjon for både elevar og lokalsamfunnet. Det er dyrt å arrangere eit skikkelig show, og mange utgifter å dekka inn. Me håpar difor at Tysnes Kraftlag vil støtta oss. Sponsor vil få logo i programmet for showet og vert annonsert muntlig etter kvart show. Me søkjer herved Tysnes Kraftlag om å dekke 50% av budsjetterte kostnader knytt til showet. Ved eit evt overskot vert 10% av pengane gjeve til eit veldedig føremål, og resten går til kostnader knytt til avslutningsfest og -tur. Me håper de vil støtta engasjert Tysnes-ungdom som vidarefører ein kjekk tradisjon. Planlagt oppstartsdato 01/02/2026 Dato for ferdigstilling 28/02/2026 Usikkerhetsfaktor i framdriftsplanen Då showet ikkje er ein kostnad skulen tar er elevane avhengige av å få inn nok stønad til å arrangere eit skikkelig show. Bilete på plakaten av elevane er teken av Bladet Tysnes - Morten Haaland har godkjent bruk av dei.
By Helge Hauge September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Reperasjon av ødelagt glassvindu tilleggsinformasasjon til søknad 869 Utfyllande beskrivelse av prosjektet Tilleggsopplysningar til søknad om støtte til setja inn att glasmåleria i Uggda kyrkje I samband med 100-årsjubileet til Uggdal kyrkje i 1976, gav bygdefolket gjennom innsamling dei to glasmåleria i kyrkja. No stod dei to gladmåleria i ferd med å falla ut, grunna knuste glas og rotne rammer i kyrkja sine vindauga. Glasmåleria måtte difor takast ned for å få gjort naudsynleg arbeid på vindauga. Glasmåleria er ei utsmykking av Uggdal kyrkje, og må sjåast på som utsmykking. Naudsynleg vedlikehald måtte gjerast for å sikra at glasmåleria ikkje fall ut. Så langt har Soknerådet fått tatt ned glasmåleria, reinska desse og lagra dei hos godkjent firma. Vedlikehald av vindauga er gjennomført av Andersland Bygg. Det som står att, er å få sett innatt glasmåleria Dette må gjerast av fagfolk. Soknerådet meiner der er feil å sjå på sikring av gladmåleria som vedlikehald. Det er eit arbeid for å sikra utsmykkinga a Uggdal kyrkje. SLUTTRAPPORT Prosjekt er ferdig. Prosjektet ble dyrere enn forventet da glaamaleri og rammeverk var dårligere enn opprinnelig beregnet.
By Helge Hauge September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Tillegsinformasjon til søknad ID 870 Utfyllande beskrivelse av prosjektet Lydanlegget måtte skiftast grunna mykje utfall av lyd. Det nye anlegget er eit reint reint taleanlegg, og då vesentleg billigare enn musikkanlegg. Beskriving: Kjøp av nytt anlegg. Tre personar måtte trekkja nye kablar, der dei kraup inn under bankane for å montere.
By Arve Belt September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Me ynskjer å erstatte eit defekt aggregat med eit nytt Utfyllande beskrivelse av prosjektet I 2023 monterte me nye ventilasjonsrør i musikkrommet, samt nytt hus på utsida til aggregatet. For at kostnaden skulle holdes nede, så fekk me eit brukt aggregat fra Tysnes Kommune. Dette har vist seg å ikkje virka som det skal. Stort sett ute av drift. Da me er ca 30 personer i rommet samtidig når me har øvelse, så seier det seg sjøl at det blir fort dårlig luft. I tillegg så nyttar Tysnes skulekorps også rommet, så det er mykje aktivitet. Me ser oss nødt til å få montert eit nytt aggregat. Så i den samanheng, så søkjer me støtte til dette. Har fått pris fra Aritec ferdig montert. Men vert litt dugnadsarbeid med fjerninga av gammalt, og plassere det nye inn i huset klar for montering. Tidlegare arbeid som er gjort med ventilasjonsrør og hus, kan fortsatt nyttas. Må litt justering på strømtilkobling. Håper på positivt svar.  Me skal no inn i ein hektisk øvingsperiode fram mot NM 07.02.2026, der me skal delta i 1. div for første gang i historien. så me trenger gode øvingsforhold i forberedelsene. SLUTTRAPPORT det gamle ventilasjonsanlegget er no fjerna og nytt montert. Vart litt ekstra uforutsett arbeid med det elektriske, da det nye anlegget krevde ein anna strømforsyning enn det gamle. Anlegget fungere no som det skal.
By Øystein Vaage September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Tysnes Gjev Meirsmak / Kulturkontoret, i samarbeid med Tysnes kommune Utfyllande beskrivelse av prosjektet Tysnes kommune har i haust vedteke å avslutte sin avtale med Friskus.no, og ser no etter ei ny og meir heilskapleg løysing for aktivitetskalender og digital innbyggjarinformasjon. Samstundes har kommunen teke initiativ til å utvikle framtidig turistinformasjon i samarbeid med Visit Tysnes. Allereie i mai 2025 starta Kulturkontoret arbeidet med å utvikle ein idé om ein felles aktivitetskalender, med arbeidstittel " Tysneskalenderen" . Målet er å lage ei moderne, brukarvennleg og universelt utforma digital løysing som samlar arrangement og aktivitetar for både innbyggjarar og tilreisande – på éin og same plattform. Med desse to initiativa saman ligg alt til rette for å gjennomføre eit samla forprosjekt vinteren 2026, i tett samarbeid mellom kommune, Visit Tysnes og Kulturkontoret. Mål for forprosjektet Utarbeide kravspesifikasjon for felles kalender og digital turistinformasjon. Undersøke tekniske løysingar og mogelege samarbeidspartnarar . Kartleggje korleis ein kan integrere: Automatisk innhenting av arrangement frå Facebook, Spond, DNT o.l. Synkronisering med Outlook og Google-kalendrar. Påmeldingsfunksjonar og visningsstatistikk. Lage utkast til samarbeidsavtale mellom Visit Tysnes og kommunen. Lage plan for visning på skjermar i kommunehus, skular, grendahus og turistinformasjon. Vurdere bruken av AI og chatrobotar til dømes for informasjon om ferjer, taxi og kontaktpunkt. Utforme plan for vidare utvikling, drift og eigarskap. Lage grunnlag for framtidig søknad om hovudprosjekt (TKAS GF) (fase 1). Effekt og nytteverdi Reduserer fragmentering og overlappar mellom fleire kalendersystem (Friskus, VisitTysnes, Tysnesingen.no, kommune si side). Bygger eitt samla og universelt tilgjengeleg system for alle målgrupper. Gjer det enklare for lag og organisasjonar å vise fram sine aktivitetar. Kommunen får ei eiga side retta mot innbyggjarar med treningstider, årsmøte, osv. Tilreisande og hyttefolk får ei oppdatert og attraktiv oversikt over arrangement. Teknologien blir bygd med tanke på gjenbruk: Dette kan bli ein eksportartikkel – ei løysing som andre kommunar og destinasjonar kan ta i bruk. Langsiktig strategi og faser Fase 0 (des 2025–apr 2026): Forprosjekt med kartlegging, avtaler, teknisk spesifikasjon og plan. Fase 1 (sommar/haust 2026): Utvikling av første versjon for Tysnes. Fase 2 (2027): Utviding med app, TicketCo-integrasjon, automatisk nyheitsbrev og notifikasjonar. Fase 3 (2027–): Sal og deling av modellen med andre kommunar. SLUTTRAPPORT Hovudfunn frå forprosjektet: Ingen eksisterande standardløysing dekkjer alle dei tre behova - aktivitetskalender, turistinfo og chatbot i eitt produkt. Dei kommersielle alternativa er dimensjonert og prisa for store kommunar. Lite eigna for Tysnes. Ei eigenutvikla løysing gjev best funksjonalitet til lågast kostnad og sikrar lokalt eigarskap av data. Integrasjon med fleire kalenderkjelder er mogleg og tilrådd. Ein generisk iCal-importør dekkjer dei fleste behova — inkludert Spond (via Google Calendar-sync), kyrkjekalendrar og kommunale kalendrar. TicketCo-integrasjon er i aktiv dialog. Facebook-import krev merkantil avklaring. Nasjonal Turbase (DNT) er lagt ned, men faktaopplysningar om DNT-aktivitetar på Tysnes kan registrerast manuelt i plattforma. Skjermvising ved fem vertskapspunkt er teknisk verifisert. Integrasjon i «kiosk modus» er mogleg. AI-chatbot er teknisk modent og dokumentert eigna for lokal turistinformasjon. Grunnlaget for hovudprosjektsøknad er klart. Prototype er utvikla og validert under kartleggingsarbeidet. Tilråding: TGM og Tysnes kommune bør gå vidare med hovudprosjekt med utgangspunkt i den eigenutvikla løysinga. Ingen kommersielle alternativ gir tilsvarande funksjonalitet, lokal datakontroll og kostnadsnivå.
By Else Marit Særsten September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Me ønkjer å kjøpe inn nødvendig utstyr som letter arbeidet vårt betraktelig Utfyllande beskrivelse av prosjektet Tysnes Dyrevenelag har no eksistert i snart halvanna år, og vi har til no hjelpt over 100 kattar frå Tysnes, i tillegg til nokre frå nabokommunane. Det er svært mange heimlause katter på Tysnes. Vi får meldingar om nye nesten kvar einaste veke. Organisasjonen er dreven på 100 % dugnad. Det blir brukt mange timar kvar dag på stell og organisering. Når vi held på med innfanging og veterinærbesøk, er vi ofte oppe i 8–10 timar per person kvar dag. Arbeidsmengda er stor for oss, spesielt når det gjeld innfanging og reingjering. Det er tidkrevjande å fange kattane. Vi må først lokalisere dei og finne ut kor mange dei er før vi kan starte innfanginga. Det tar ofte fleire dagar både med kartlegging og sjølve innfanginga. Her brukar vi kamera, men dei vi har frå Biltema er byrja å bli dårlege, og vi treng kamera som sender bilete til oss via 4G. Då kan vi sitje på avstand og følgje med utan at vi skremmer vekk kattane. Vi ønskjer difor å kjøpe 4 stk 4G-kamera. Vi har fått adoptert ut mange av kattane, men ein god del har vi i fosterheimar (midlertidige heimer) både hos oss sjølve og hos andre. Vi har mykje klatrestativ og senger som treng reingjering, spesielt grundig når utstyret skal brukast av nye katter. Her ser vi at vi har behov for ein god støvsugar som er laga for å fjerne dyrehår. Det er også viktig at denne lager så lite lyd som mogleg, slik at vi kan gjere reint hos dei kattane som er redde. Vi treng å kjøpe ein Dyson-støvsugar. Utstyret vi har krev lagringsplass. Vi vil kjøpe to uteboder som vi kan bruke til oppbevaring av fangstfeller, dokasser og transportbur. Vi har til no lagra det rundt omkring hos kvarandre, men ser at vi treng å samle det på ein plass. Vi håper Tysnes Kraftlag vil støtte oss med dette. SLUTTRAPPORT Tysnes dyrevenelag takker for støtta til innkjøp av 4 stk viltkamera. Dette har letta arbeidet vårt enormt. Me kan kartlegge kor mange katter det dreier seg om og me bruker kameraene når me driv med innfanging. Me har og kjøpt to boder til oppbevaring av bur, feller mm. I tillegg har me kjøpt ein skikkelig støvsuger til reingjering av klorestativ, senger og div møbler.
By Per Verner Aase September 16, 2026
Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå Vi ynskjer støtte til å minske varmetapet frå huset. Utfyllande beskrivelse av prosjektet Tiltaket går ut på å byte tre vinduer og å lukke att to mindre vindu. Hovedhensikten med dette er å begrense varmetapet i huset . Andersland Bygg vil utføre arbeidet i haust. Med dette er alle vindu i huset byta ut med isolerglas. SLUTTRAPPORT Arbeidet er ferdig utført i henhold til spesifikasjon og tilbud frå Andersland bygg. Eindel målearbeid gjenstår utvendes, men det vert utført til våren i samband med måling av resten av huset. Helge Restad og Kåre Amland har stått for arbeidet med ny panel og listing innvendig. Åse Lie Hansen og Ingrid Restad har stått for målearbeid. Det vart litt meir arbeidskrevande sidan heile veggane måtte målast på nytt.
By Trond Helland June 1, 2026
Fonna AS søkte om støtte til ENØK-tiltak i form av installasjon av varmepumper og gjennomføring av energikartlegging. Tiltaket vart innvilga av Tysnes Kraftlag sitt styre den 05.02.2024. Gjennomførte tiltak: – Installasjon av varmepumper for meir energieffektiv oppvarming av bygget – Energikartlegging for å identifisera energibruk og moglegheiter for ytterlegare energieffektivisering – Varmepumpene er sette i drift og bidreg til redusert energiforbruk samanlikna med tidlegare oppvarmingsløysing Oppsummering: Tiltaket er ferdigstilt innan fastsett frist og har bidrege til redusert energibruk og meir energieffektiv drift av bygget. Fonna AS takkar for støtta frå Tysnes Kraftlag.
Les meir