Båtlaget Njord/Tysnes - NM oslevar

Båtlaget Njord/Tysnes arrangerte Noregsmeisterskapen for Oselvar i 10 kvm i tida 09.-10. august 2025. Det var heile 45 år sidan forrige NM i denne klassen, nemleg i 1980. Den gangen stilt 24 båtar til start, medan i 2025 var det 12 båtar på startsteken.
Fredag ettermiddag var det registrering av deltakar og måling av segl i Båtlagsnaustet.
Laurdag blåste det så kraftig frå sydvest at regattakomiteen valde å ikkje starte nokon seglingar den dagen. Dugnadsgjengen og siglarar måtte gå heime etter halv dag i von om betre vær på søndag. Søndag var det meldt mindre vind, og regattakomiteen stasa på å få 4 seglingar den dagen slik at det vart gyldig meisterskap. Det kom litt meir vind enn meldt, men ikkje meir enn at det var forsvarleg å avvikle 4 seglingar. Laurdag kveld vart det arrangert middag for seilarane med god drøs og gode historiar. På søndag betasuppe etter endt meisterskap.
Det vart lagt ut ein kort bane og 4 seglingar vart gjennonført. K-3 Sjanse vann første segling og følgde opp 2. plass i neste segling for så å avslutte med 2 seire til. K-96 Mosken fekk ein 2. og ein 1. plass i dei to første seglingane, slik at Sjanse og Mosken var likt så langt. Sjanse drog som sagt i land dei neste seglingane medan Mosken fek 3. og 6. plass i dei to siste seglingane. Også K-54 Margrethe seila jamt og godt med serien 5-3-7-2 og fekk bronsemedaljer. I båtane som tok dei to fyrste plassane ver det «toppa» mannskap frå Milde og Hjellestad. I Margrethe var 3 generasjonar Epland representert. Det lovar godt for rekruttering til seglinga. 9 båtar deltok frå Båtlaget Njotrd/Tysnes.
Regattasjefane Vegard Aslaksen og Erlend Hatteberg gjorde ein framifrå jobb og hadde mobilisert ein flott gjeng som utførte dugnad over 3 hektiske dagar.
Takk til våre sponsorar Tysnes Kraftlag A/S, Tysnes kommune og næringslivet på Tysnes.











