Tysnes Dyrevenelag

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå
Me ønkjer å kjøpe inn nødvendig utstyr som letter arbeidet vårt betraktelig
Utfyllande beskrivelse av prosjektet
Tysnes Dyrevenelag har no eksistert i snart halvanna år, og vi har til no hjelpt over 100 kattar frå Tysnes, i tillegg til nokre frå nabokommunane. Det er svært mange heimlause katter på Tysnes. Vi får meldingar om nye nesten kvar einaste veke.
Organisasjonen er dreven på 100 % dugnad. Det blir brukt mange timar kvar dag på stell og organisering. Når vi held på med innfanging og veterinærbesøk, er vi ofte oppe i 8–10 timar per person kvar dag. Arbeidsmengda er stor for oss, spesielt når det gjeld innfanging og reingjering. Det er tidkrevjande å fange kattane. Vi må først lokalisere dei og finne ut kor mange dei er før vi kan starte innfanginga. Det tar ofte fleire dagar både med kartlegging og sjølve innfanginga. Her brukar vi kamera, men dei vi har frå Biltema er byrja å bli dårlege, og vi treng kamera som sender bilete til oss via 4G. Då kan vi sitje på avstand og følgje med utan at vi skremmer vekk kattane. Vi ønskjer difor å kjøpe 4 stk 4G-kamera.
Vi har fått adoptert ut mange av kattane, men ein god del har vi i fosterheimar (midlertidige heimer) både hos oss sjølve og hos andre. Vi har mykje klatrestativ og senger som treng reingjering, spesielt grundig når utstyret skal brukast av nye katter. Her ser vi at vi har behov for ein god støvsugar som er laga for å fjerne dyrehår. Det er også viktig at denne lager så lite lyd som mogleg, slik at vi kan gjere reint hos dei kattane som er redde. Vi treng å kjøpe ein Dyson-støvsugar.
Utstyret vi har krev lagringsplass. Vi vil kjøpe to uteboder som vi kan bruke til oppbevaring av fangstfeller, dokasser og transportbur. Vi har til no lagra det rundt omkring hos kvarandre, men ser at vi treng å samle det på ein plass.
Vi håper Tysnes Kraftlag vil støtte oss med dette.
SLUTTRAPPORT
Tysnes dyrevenelag takker for støtta til innkjøp av 4 stk viltkamera. Dette har letta arbeidet vårt enormt. Me kan kartlegge kor mange katter det dreier seg om og me bruker kameraene når me driv med innfanging.
Me har og kjøpt to boder til oppbevaring av bur, feller mm.
I tillegg har me kjøpt ein skikkelig støvsuger til reingjering av klorestativ, senger og div møbler.















