Call Us +1-555-555-555

Retningslinjer for stønad/samfunnsgåver frå TKL 


Formål:

  • Selskapets føremål er å eiga aksjar i EVINY AS.
  • Selskapet kan også driva, delta i - eller samarbeida med andre selskap om digital kommunikasjon, bygde- og næringsutvikling, og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til Tysnes Kraftlag AS sitt konsesjonsområde
  • Selskapet skal i tillegg ta del eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja ålmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet.
  • Selskapet skal vere ei levande kraft i lokalmiljøet, og bidra til at lokalsamfunnet vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane, og vere ein aktiv ressurs i lokalsamfunnet.

 

Mål:

  • Gåvene skal bidra og inspirera til lokalt engasjement og utløyse eigeninnsats og midlar frå andre kjelder til prosjektet
  • Gåvene skal bidra og inspirera foreiningar og lag til å dra i gang nye og gode initiativ som vil gi effekt på ei større gruppe i lokalsamfunnet og ha varig verdi
  • Gåvene skal bidra og inspirera til å fremma nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Tysnes kommune
  • Mottakar av midlar skal bidra til inkludering, mangfald, likeverd og samhold.

 

Storleik: 

  • Eigarane legg opp til at årsoverskotet kan nyttast til utdeling og investeringar i konsesjonsområdet.
  • Styret vil leggja fram for generalforsamlinga ein økonomisk rammeplan som grunnlag for styret sin disposisjon det komande året
  • Styret kan maksimalt dela ut 500.000 i enkeltsaker.


Kven kan søkje:

  • Det er berre søkjarar frå Tysnes (Tysnes Kraftlag AS sitt konsesjonsområde pr. 31.12.2017) som kan søkje om økonomisk støtte/gåver frå Tysnes Kraftlag AS.
  • Søkjar skal vere ikkje-kommersielle ideelle lag, stiftingar og/eller organisasjonar
  • Søkjar må vere registrert i einingsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer. Dette gjeld ikkje sponsing av enkeltpersonar (TysnesTalent).
  • Tysnes Kraftlag AS gir primært tilskot til prosjektrelaterte formål med langvarig nytte for lokalsamfunnet på Tysnes.

 

Kva kan det søkjast støtte til:

Prioriterte hovudområde for Tysnes kraftlag er:

  • Framtidskraft – Tysnesingar i alle aldrar, kultur, musikk og idrett, arrangement, Tysnestalent, aktivitetar, frivilligheit, kompetanse, inkludering og utvikling på tvers av generasjonar.
  • Samfunnskraft – Utvikling av anlegg og infrastruktur, digital kommunikasjon, veganlegg, idrettsanlegg, kulturbygg, friluftsanlegg, anleggsmidlar og trygg skuleveg.
  • Skaparkraft – Kompetanse, entreprenørskap og innovasjon, næringsfond, næringsarena, entreprenørskap i skulen, utdanningsmesse, kompetanseheving, digitalisering, grøn Tysnes og omdømmebygging.


Kva kan det ikkje søkjast støtte til:

  • Støtte til ordinær drift av privat, statleg, fylkeskommunal eller kommunale bedrifter.
  • Kommunalt heil- eller deleigde kommersielle bedrifter kan ikkje få støtte.
  • Etableringar som vil konkurrere med etablert verksemd i kommunen på ein uheldig måte
  • Generell driftsstøtte.
  • For større investeringar: Har Kraftlaget allereie stetta ei investering hjå eit lag/ei foreining er det ikkje automatikk i at me vil stetta fleire av same slag, om det vurderast at ein av sitt slag vil gje eit dekkande tilbod i kommunen.

 

Openheit: 

  • Tysnes Kraftlag AS skal vere open om retningsliner for gåvetildeling og om søknadsprosessen.
  • Søknader skal behandlast konfidensielt, og avslåtte søknader vert ikkje offentleggjort.
  • Alle tildelingar og gåvemottakarar vil bli offentleggjort
  • Informasjon om forretningsmessige eller private forhold skal bli handsama fortruleg. 

 

Korleis søkja:

  • Søknadsskjema for støtte er tilgjengeleg på Tysnes Kraftlag AS si nettside
  • Søknader skal leverast på nettsida til Tysnes Kraftlag AS. www.tysneskraftlag.no
  • Budsjett- og finansieringsplan skal utarbeidast ved alle søknader over 20.000. For søknader mindre enn 20.000 kr krevst ei enkel kostnadsoversikt


Dugnadsarbeid skal verdsetjast slik:

- Anleggsmaskin/traktor med førar: 700 kroner per time

- Dugnad med motorsag: 400 kroner per time

- Dugnadsarbeid: 200 per time

- Nye satsar gjeld frå og med styremøte 13.juni 2022

 

Stønad til tiltaket vil vera avgrensa til maksimalt 50% av total kostnad.

 

Handsaming og utbetaling:

  • Søknader for støtte under 500.000 kroner vil bli handsama ved fyrste styremøte, etter at søknaden er motteken, inntil 4 gongar årleg.
  • Søknader for støtte over 500.000 kroner vil bli handsama ved Generalforsamlinga, etter innstilling frå styre.
  • Gåvetilsegn er gyldig i inntil 1 år frå dato for tilsegn.
  • Dersom søkjar har behov for forlenga frist på bindande tilsegn utover 1 år, må dette styrehandsamast i Tysnes Kraftlag AS etter søknad.
  • Utbetaling skjer etter avtale med styret.
  • Interessekonflikt/habilitet: Ingen skal delta ved behandling eller avgjersle av saker der det ligg forhold som er eigna til å svekke tilliten til hans eller hennar habilitet.

 

Forvaltningsarbeid over 500.000:

  • Styret skal fyrst vurdere om søknaden fell inn under retningslinene for samfunnsgåver.
  • Søknader om samfunnsgåver skal vurderast av styret og leggjast fram for GF med styret si innstilling til vedtak.
  • Som ein del av innstillinga til GF, skal styret prioritera søknadene og grunngje prioriteringa.
  • GF har ikkje moglegheit til å omdisponere eller auka beløpet som styret har innstilt på.
  • Dersom styret avslår ein søknad, kan søkjar likevel krevje å orientere GF om søknaden.

 

Vedtaksprosess og løyvingar:

  • Støtte inntil 20.000 kroner vert godkjent av styreleiar saman med nestleiar.
  • Støtte inntil 500.000 kroner vert godkjent av styret.
  • Støtte over 500.000 kroner vert godkjent av generalforsamlinga.
  • Tysnes Kraftlag AS gir ikkje grunngjeving på avslåtte søknader.

 

Slutt-dokumentasjon:

  • Alle mottakarar skal levera rapport og sluttdokumentasjon (inkludert bilete eller illustrasjon, kvitteringar eller faktura som dokumenterer utlegg) i henhald til krav i tilsegn.
  • For større prosjekt kan bilag erstattast av stadfesting frå revisor eller rekneskapsførar.
  • Mottakar skal søkje merksemd om at prosjektet er støtta av Tysnes Kraftlag i lokale media.

 

Anna:

Tysnes Kraftlag AS kan enkelte år prioritere større prosjekt framfor mindre prosjekt.

  • I år der Tysnes Kraftlag AS speglar dei kommunale tilskota til lag og organisasjonar innan song og musikk, idrett, kulturliv og bygdelag, kan søknader om mindre beløp til arrangement, avslutningar og liknande bli avslått, sidan TKL allereie har gitt store summar via speglingsordninga.


 

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV ØKONOMISK STØTTE/SAMFUNNSGÅVER, BASERT PÅ STRATEGI VEDTATT I GENERALFORSAMLING 2019

Utarbeida av AM, godkjent av styret i Tysnes Kraftlag AS, 17. juni 2019 . Endra av styret i styremøte 20.09.2019, og i styremøte 13. juni 2022, og i styremøte 1. desember 2023

Share by: