Tysnes Ungdomslag - Søknad om støtte til nye stolar i storsalen i Vonheim

Kort beskriving av kva dykk ynskjer å oppnå
Nye gode stolar i samme farge og utforming.
Utfyllande beskrivelse av prosjektet
Søknad om støtte til nye stolar og bord i storsalen i Vonheim
Den omfattande oppgraderinga av Vonheim nærmar seg no ferdigstilling. I denne fasen har me starta arbeidet med innreiing og dei tiltaka som er naudsynte for å gje brukarane best mogleg oppleving av huset. Eit av dei mest grunnleggjande behova er nye stolar i storsalen.
Tysnes Ungdomslag søkjer med dette om økonomisk støtte til kjøp av 162 nye, polstra stablestolar, samt nokre bord, til bruk i storsalen i Vonheim. Desse skal erstatta tre ulike og ueinsarta sett med stolar som er i bruk i dag – mellom anna stolar frå eit konkursbu for om lag 15 år sidan, gåvestolar frå tidleg 2000-tal og dei velkjende raude stolane frå 80-/90-talet. Stolane er i dag slitne, lite praktiske og ujamne både når det gjeld komfort og kvalitet.
Me har innhenta tilbod frå leverandør på aktuelle stolar til ein stykkpris på kr 722,- inkl. mva., pluss frakt. Ordinær pris er kr 1 205,- inkl. mva., men me har fått 40 % rabatt dersom bestilling skjer innan utgangen av januar. Dette går fram av vedlagt tilbod. Rabatten gjer at me, i tillegg til stolane, også får høve til å kjøpa inn om lag 15 sårt tiltrengte bord innanfor same kostnadsramme.
Me søkjer Tysnes Kraftlag om støtte til 50 % av totalkostnaden.
Resterande del planlegg me å finansiere gjennom ei kronerulling vinteren 2026, der privatpersonar, verksemder og organisasjonar kan bidra ved å «kjøpa ein stol» for kr 500,-. I denne kampanjen er det lagt ut 150 stolar for sal. Kampanjen vart lansert før me fekk revidert pris frå leverandør, noko som forklarar avviket mellom talet på stolar i kampanjen og i det endelege tilbodet som ligg vedlagt.
Tiltaket vil munna ut i eit offisielt opningsarrangement 14. februar, der ein av programpostane vert eit Noregsrekord-forsøk i stolleik. Gjeldande rekord er 216 deltakarar, sett i Lillesand, og me har god tru på at denne kan slåast. Dette vil vera ei kjekk og synleg markering av dei nye stolane – til glede for heile lokalsamfunnet.
For ordens skuld vil me presisere at dette tiltaket ikkje er ein del av sjølve ombyggingsprosjektet av Vonheim, men kjem i tillegg som ei viktig kvalitetsheving for vidare bruk av storsalen.
Me håpar Tysnes Kraftlag ser verdien av prosjektet, og ønskjer å bidra til å realisera dette til beste for barn, ungdom, vaksne og lokalsamfunnet på Tysnes.
Med venleg helsing
Tysnes Ungdomslag
Sigvard Madsen
Usikkerhetsfaktor i framdriftsplanen
Det måtte vera svikt i kronerulling/folkefinansiering. men me har dog god tru på at me skal komme i mål med dette arbeidet/kampanjen. Som allerie er godt i gong! Påmelding er og opna til stolleken.....
SLUTTRAPPORT
Prosjektet bestod i å samle inn pengar gjennom kronerulling - knytta til og avslutta med eit større familiearrangement med rekordforsøk i stolleik.
Responsen frå lokalmiljøet har vert overveldande, og både når det gjaldt koronerullinga der 144 privatpersonar og 5 bedriftar deltok i "kjøp ein stol for kr 500-konseptet" og det heile toppa seg med Norgesrekord i stolleik - 220 deltakarar.
Nye stolar er på plass i Vonheim - noko me vonar store og små vil nye godt av i mange år framover!













