Tysnes frivilligsentral - Gjennomføring av seniortreff

I løpet av 2025 har det vorte arrangert 4 seniortreff: 13.mars, 22.mai, 2.oktober og 27.november.
Alle treffa vert arrangert i 5 ulike bygder på same dag. Treffa har vore svært populære, og me har faktisk opplevd både venteliste og publikumsrekord dette året. Det siste treffet i november hadde til saman 242 gjester. Først og fremst er treffa ein sosial møteplass for seniorane våre, men samtidig også ein svært god arena for å nå ut med viktig aldersadekvat informasjon.
M.a. har kommunen sin ergoterapeut vore med og formidla sin bodskap om helsefremjande og førebyggjande tiltak og tilgjengelege digitale hjelpemiddel. Marita Flemmen Skogvoll, lokalt politi på Tysnes, har halde innlegg om korleis dei eldre kan verna seg mot vinningskriminalitet og svindelforsøk. Prosjektleiar Sabine Graeff har fått høve til å presentera og lytta ut dei eldre i høve til lokalmiljøutviklingsprosjektet LivOgLyst. I tillegg har me kunna nyta flotte bidrag frå både lokale og tilreisande musikarar.
Dei som har bidratt i år, har vore:
Monica Hoff Utne, lokal komponist og visesongar. Helge Olav Instøy og Arne Kleppe framførte eit flott portrett i ord og tonar av kystens trubadur; Johannes Kleppevik. Dottera, Marlèn Kleppevik, var med på treffa og framførte ein av faren sine viser. Leslie Egerer og Tarjei Vatne, profesjonelle musikarar og trubadurar frå Bergen, framførte viser og eit artig show. Irene Simonsen og Jarle Kristoffersen, h.h.v. frå Stord og Haugesund baud på nydelege klassiske perler på piano og cello.
Til det siste treffet i 2025, inviterte me Arne Torget. Stuntpoeten frå Kvinnherad hadde nett gjeve ut ny diktsamling og delte raust frå sin fantastiske og underfundige kvardagspoesi, til stor begeistring frå publikum.
Det vert alltid sett av god tid til mat og prat på treffa. Serveringa held høg standard og er eit høgdepunkt i seg sjølv. På Reksteren har dei eigen kokk som vartar opp gjestene, medan Haaheim Gaard, Mandelhuset og Laukhamar Fritid serverer eller leverer mat til dei andre bygdene.
Litt av suksessen bak desse treffa, er nok at dei vert arrangerte lokalt og nært. Eit anna moment er at me klarar å halda prisen låg,- 200 kr. pr. person. I tillegg har bygdelaga høve til å fakturera kommunen for å få sponsa kvar deltakar med 100 kr. Lokalt og ikkje for dyrt gjer at me får mange med.
Kontaktpersonar og tilretteleggjarar i bygdene har vore:
Marit Nancie A. Gjøvåg og Jorunn Grahl (Reksteren), Gro Heidi Haukefær (Uggdal), Ingeborg Tysnes (Våge), Anne Kristi Alfstad (Lunde) og Lars Mæland (Tveit/Onarheim)
I arrangementskomitèen har desse vore med:
Bente Raknes (Tysnes Frivilligsentral), Bente Vee (leiar i Eldrerådet) og Lorentz Lunde (nestleiar i Eldrerådet)























