Njardar/Tysnes - J14 Njardar Norway cup 2022

Atle Birkeland • January 1, 2023

Tap 1–0 mot Nordhordland i dagens cupkamp. Jentene spelte ein kjempekamp og var veldig skuffa etterpå, for dei var så nære!

Me hadde fleire sjansar og kunne fort fått både eitt og tre poeng. Etter kampen brukte me litt tid på å rista av oss skuffelsen,

før me kosa oss på Fangene på Fortet. Siste dag blir på Tusenfryd – nokon som publikum, andre som deltakarar.

Me vil gje ein stor takk til Tysnes kommune, som sponsa oss med bilar, diesel og bompengar.

By Bjørg Espevik April 7, 2026
Tysnes Bygdekvinnelag, Haaheim Gaard, Tysnes Frivilligsentral og heimetenesta i Tysnes kommune har med støtte frå Tysnes Kraftlag hatt prosjektet "Ta vare på kvarandre i jula" dei to siste åra. Prosjektet har hatt julekonsert med julemiddag for omlag 300 seniorar på Haaheim og delt ut omlag 110 posar med julemat til alle som mottek heimetenester i Tysnes Kommune. Me hadde også konsert på Tysnes Omsorgsenter. Prosjektet har vært svært positivt og mange seier dette er høgdepunktet i jula. Mange seniorer sit mykje åleine, og dette er ein fin måte å komme seg ut og treffe andre. Det er ein arena for gode samtalar og få dele gode historiar om ny og gamal tid. Me syntes det var veldig kjekt med alle dei gode tilbakemeldingane ein fekk frå dei som hadde vært på arrangementet eller mottok julemat. Me vonar at Tysnes Kraftlag framleis vil være med å skape juleglede for seniorane på Tysnes. Det var også i år eit svært flott arrangement med svært mange gode tilbakemeldingar. Dette er tredje gongen vi har hatt prosjektet, og vi såg i år at vi nådde ut til enno fleire gjester i gruppa vi prøver å nå. Det er kjekt å sjå at så mange som sjeldan er ute kjem ut og at dei har mange gode hjelparar for å komme. Det er noko det blir snakka mykje om i løpet av året og mange startar tidlig å glede seg. Me fekk mange telefonar om dette lenge før vi starta påmelding, så det er mange som venta. Siden vi fekk starta tidligere å annonsere i denne gongen, fekk me ein enno større respons. Det blei eigentlig fullt, men me tok inn litt fleire, då me ikkje hadde lyst å seia nei til nokon . Me hadde 317 til konsert/ middag. Vi hadde også i år utlevering av poser med julemat, det var svært positivt og vi fikk mange gode tilbakemeldiger på kort, telfonsamtaler og meldinger. Det var nybaka brød,sylteflesk, røykt aure og småkaker i posen. Vi måtte i år gjere det litt annleis då heimesjukepleien ikkje hadde kapasitet for å levere ut. Dette blei positivt då det engasjerte mange i utkjøring og dei som fekk posane, fekk besøk og ein fin samtale med dei som leverte. Då dette måtte gjerast med samtykkesjkema, så det var ikkje så lett som før (pg av taushetsplikt). Vi leverte ut 73 poser i år. Vi skal ha konserten på omsorgsentert 13. mars, det kom litt mange ting før jul og dei ønska å spre det litt. Me er veldig glade for støtta til prosjektert som betyr så mykje for så mange. Det er ei stor glede å få skape så gode minner og opplevingar for ei gruppe som ofte har vanskelig for å komme seg ut og være sosial.
By Nurcan Kulac Dalsgard April 7, 2026
Uren Luren er en medlemsstyrt frivillig organisasjon. Voksne i klubben veileder barn og unge frivillig mens medlemmer betaler årlige kontingent for å være medlem i klubben. Hver år har vi høstfest der vi utstiller prosjektene til medlemmene som de jobber året rundt. De forbereder seg til både utstilling og forestilling som skal skje under høstfesten. Medlemmene inviterer foreldrene, besteforeldrene, nær venner til festen. Vi har en del kostnader for å gjennomføre festen, men har ikke mye tilskudd. Derfor ønsker vi å søke på stønad ved Kraftlag. 4H klubben Uren Luren gjennomførte sin årlige høstfest ved Tveit Grendatun på Tveit. Arrangementet vært åpen for medlemmer og deres familie. Klubben inviterte, rektøren i Onarheim skole, ordføreren i kommunen og Tysnes bladet. Det var til sammen 60 personer under festen. Vi hadde underholdning, loddsalg, og matservering. Klubben hadde handlet inn en del gevinster og engangsutstyr, mens foreldre var ansvarlig for matlaging. Utgifter for matlaging ble dekket av foreldre, i tillegg jobbet foreldre på dugnad i forkant, underveis og i etterkant av festen. Medieomtale om festen og sponsorer, kan Dere se på Tysnes bladet i uke 44.
By Patrick Russell Madsen April 7, 2026
Mandelhuset Eigedom AS fekk tildelt kr 50 000 frå Tysnes Kraftlag sitt næringsfond til gjennomføring av forprosjekt for hotelløkonomi og marknadsgrunnlag knytt til utviklinga av Vaage Hotell i Våge. Me ønskjer først å retta ei stor takk for støtta. Tilskotet har hatt ein reell utløysande effekt og gjort det mogleg å gjennomføra ei grundig og profesjonell kvalitetssikring av prosjektet før vidare investeringsbeslutningar. Gjennomført arbeid Forprosjektet er gjennomført i samarbeid med Wiederstrøm Hotel Consulting ved Peter Wiederstrøm og SP Hospitality ved Sondre Prestegard. Arbeidet har omfatta: Analyse av nasjonal og regional hotellmarknad Kartlegging av konkurransesituasjon og etterspurnad Vurdering av optimal romkapasitet, konsept og segment Økonomiske analysar av driftsmodell, bereevne og leigenivå Sensitivitetsanalysar og risikovurderingar Kundeundersøking med lokal og regional forankring Det er mellom anna gjennomført ei kundeundersøking som fekk heile 819 svar. Dette gir eit uvanleg solid datagrunnlag for eit lokalt prosjekt av denne typen. Undersøkinga viser: Sterk lokal og regional støtte til etablering av hotell i Våge Betydelig etterspurnad knytt til selskap, arrangement og besøkande familie Tydelig potensial innan kurs, konferanse og arbeidsreisande Høg betalingsvilje for eit kvalitetsprodukt med sterk lokal identitet Samla sett dokumenterer analysane eit breitt og samansett marknadsgrunnlag, med både lokal etterspurnad, regional trafikk og eit naturleg nedslagsfelt mot Bergensområdet. Fagleg vurdering Den eksterne vurderinga konkluderer med at prosjektet har eit gjennomarbeidd konsept, realistiske føresetnader og ein berekraftig driftsmodell, gitt rett dimensjonering og kapitalstruktur. Sondre Prestegard uttalar mellom anna: «Vaage/Mandelhuset er etter mitt syn eit svært spennande hotellprosjekt. Prosjektet kombinerer eit sterkt, etablert vertskap med eit tydeleg konsept, høg kvalitet og ei unik plassering. Det som gjer caset særleg attraktivt er breidda i marknaden – med solid lokal etterspurnad, regional trafikk og eit naturleg nedslagsfelt heilt inn mot Bergen. Saman med Patricks gjennomføringsevne, lokale forankring og kommersielle forståing meiner eg dette gir eit prosjekt med låg konseptrisiko og betydeleg oppside over tid.» For oss har dette arbeidet vore avgjerande. Det har justert enkelte føresetnader, styrkt kapitaldisiplinen og gitt eit meir robust beslutningsgrunnlag før byggestart. Effekt og vidare arbeid Forprosjektet har: Redusert konsept- og investeringsrisiko Styrkt dialogen med bank og investorar Gitt ein klarare modell for eigarskap og drift Dokumentert eit stort og reelt marknadsgrunnlag Hotellet er planlagt med 30–35 rom, restaurant, møte- og selskapsfasilitetar og vil kunna skapa 15–20 nye arbeidsplassar i Tysnes kommune. Prosjektet vil bidra til auka verdiskaping, styrkt reiseliv og fleire ringverknader for lokalt næringsliv. Me opplever at støtta frå Tysnes Kraftlag har vore med på å løfta prosjektet frå ambisjon til gjennomarbeidd investeringscase. Dette arbeidet vil mest truleg vera avgjerande for at hotellprosjektet vert realisert på ein sunn og berekraftig måte – og for at det kan bli ein suksess for både eigarar, gjester og lokalsamfunnet. Patrick Russell Madsen Dagleg leiar
By Christophe Sundal March 17, 2026
Prosjektet vart gjennomført i 2024, med ein totalkostnad på 1 199 308 kroner. Kraftlaget bidrog med 353 000 kroner gjennom to søknader, og fylket dekka 700 000 kroner. Prosjektet gjekk om lag 40 000 kroner over budsjett, som kommunen dekka. Kommunen betalte dermed totalt 347 000 kroner i prosjektet.
By Silje Lunde March 17, 2026
Bowlingssystemet er nå i orden sånn at det også fungerer dei neste 15 åra også. I starten av 2022 fekk bowlinga eit heilt nødvendig løft og der me fekk på plass eit nytt data/ scoringsystem.
By Anders Bakke March 17, 2026
Studionnspelingane vart gjort i Havnelageret studio 17. og 18. oktober 2025 med Daniel Birkeland som produsent. Jan Inge høgestøl gjorde deretter sine produksjonar av tidlegare innspelingar ferdige, og sendte dei til Daniel Birkland som blanda desse i avtala rekkefylgje. Albumet vart deretter mastra av mastringsteknikkar Morten Lund i Oslo. Gjennom det digitale distribusjonsselskapet «Cd baby» vart albumet slept på fleire digitale plattformar 9. januar der Spotify, YouTube. Tidal og iTunes er dei viktigaste. Har høyrt mykje positiv omtale av albumet «Gamle spor» og sett at dei digitale ratingane har gått opp etter sleppet. Eg er i det heile svært glad for å ha fått gjennomført prosjektet og musikarane og produsentane seier dei har hatt stor glede av å arbeida saman om dette albumet. No står det att å promotera albumet ytterlegare gjennom eksponering på nettet og ikkje minst ved å spela frå plata på ulike spelejobbar. Anders Bakke
By Torstein Hatlevik March 12, 2026
Prosjektet sto ferdig medio november og vi har fått testet ut konseptet (samt gjort nokre justeringer. Vi utvikla eit konsept som heiter E H Vaage Damp &Bad, vurderina er at om me bygde det direkte under merkevaren Haaheim ville buande gjester forvente det som ein del av pakken (gratis). Me ynskjer også å knytte det sterkare til konseptyet ved sjøen og smørbrødrestauranten her. Vi har hatt utleige for ca kr 20 000 pr mnd dei første t mnd og det blir stadig fleire som kjem, Mange bruker også saunan som grunn for å booke på Haaheim eller reise til Tysnes. Me skal også ha vært første saunabryllup på i februar. Mange av våre reiseoperatører er også svært intressert i produktet. Vi har utvikla fleire pakkar med sjøbad og sauna/ smørbrød og smakinger, det er mange bedrifter som booker det. Me brukte også her meir penger på badstu/material til relax (bytterom og terasse, så eg førte ikkje eigeninnsats på utvikling av konsept eller bygging. Eg bygde bytterom og terasse sjølv (problemet er berre at ingen trur eg har bygd sjølv)., så det blei mange timar av det. Me gleder oss veldig til å utvikle og polere det nye produktet vårt og er veldig takksame for støtta frå Tysnes Kraftlag, den er grunnkapitalen for å skape vekst og innovasjon. Om meir informasjon er ynskjelig, berre ta kontakt. det ligg også meir info om pakker på heimesida vår.
By Einar Aslaksen February 24, 2026
Båtlaget Njord/Tysnes arrangerte Noregsmeisterskapen for Oselvar i 10 kvm i tida 09.-10. august 2025. Det var heile 45 år sidan forrige NM i denne klassen, nemleg i 1980. Den gangen stilt 24 båtar til start, medan i 2025 var det 12 båtar på startsteken. Fredag ettermiddag var det registrering av deltakar og måling av segl i Båtlagsnaustet. Laurdag blåste det så kraftig frå sydvest at regattakomiteen valde å ikkje starte nokon seglingar den dagen. Dugnadsgjengen og siglarar måtte gå heime etter halv dag i von om betre vær på søndag. Søndag var det meldt mindre vind, og regattakomiteen stasa på å få 4 seglingar den dagen slik at det vart gyldig meisterskap. Det kom litt meir vind enn meldt, men ikkje meir enn at det var forsvarleg å avvikle 4 seglingar. Laurdag kveld vart det arrangert middag for seilarane med god drøs og gode historiar. På søndag betasuppe etter endt meisterskap. Det vart lagt ut ein kort bane og 4 seglingar vart gjennonført. K-3 Sjanse vann første segling og følgde opp 2. plass i neste segling for så å avslutte med 2 seire til. K-96 Mosken fekk ein 2. og ein 1. plass i dei to første seglingane, slik at Sjanse og Mosken var likt så langt. Sjanse drog som sagt i land dei neste seglingane medan Mosken fek 3. og 6. plass i dei to siste seglingane. Også K-54 Margrethe seila jamt og godt med serien 5-3-7-2 og fekk bronsemedaljer. I båtane som tok dei to fyrste plassane ver det «toppa» mannskap frå Milde og Hjellestad. I Margrethe var 3 generasjonar Epland representert. Det lovar godt for rekruttering til seglinga. 9 båtar deltok frå Båtlaget Njotrd/Tysnes. Regattasjefane Vegard Aslaksen og Erlend Hatteberg gjorde ein framifrå jobb og hadde mobilisert ein flott gjeng som utførte dugnad over 3 hektiske dagar. Takk til våre sponsorar Tysnes Kraftlag A/S, Tysnes kommune og næringslivet på Tysnes.
By Bente Raknes February 16, 2026
I løpet av 2025 har det vorte arrangert 4 seniortreff: 13.mars, 22.mai, 2.oktober og 27.november. Alle treffa vert arrangert i 5 ulike bygder på same dag. Treffa har vore svært populære, og me har faktisk opplevd både venteliste og publikumsrekord dette året. Det siste treffet i november hadde til saman 242 gjester. Først og fremst er treffa ein sosial møteplass for seniorane våre, men samtidig også ein svært god arena for å nå ut med viktig aldersadekvat informasjon. M.a. har kommunen sin ergoterapeut vore med og formidla sin bodskap om helsefremjande og førebyggjande tiltak og tilgjengelege digitale hjelpemiddel. Marita Flemmen Skogvoll, lokalt politi på Tysnes, har halde innlegg om korleis dei eldre kan verna seg mot vinningskriminalitet og svindelforsøk. Prosjektleiar Sabine Graeff har fått høve til å presentera og lytta ut dei eldre i høve til lokalmiljøutviklingsprosjektet LivOgLyst. I tillegg har me kunna nyta flotte bidrag frå både lokale og tilreisande musikarar. Dei som har bidratt i år, har vore: Monica Hoff Utne, lokal komponist og visesongar. Helge Olav Instøy og Arne Kleppe framførte eit flott portrett i ord og tonar av kystens trubadur; Johannes Kleppevik. Dottera, Marlèn Kleppevik, var med på treffa og framførte ein av faren sine viser. Leslie Egerer og Tarjei Vatne, profesjonelle musikarar og trubadurar frå Bergen, framførte viser og eit artig show. Irene Simonsen og Jarle Kristoffersen, h.h.v. frå Stord og Haugesund baud på nydelege klassiske perler på piano og cello. Til det siste treffet i 2025, inviterte me Arne Torget. Stuntpoeten frå Kvinnherad hadde nett gjeve ut ny diktsamling og delte raust frå sin fantastiske og underfundige kvardagspoesi, til stor begeistring frå publikum. Det vert alltid sett av god tid til mat og prat på treffa. Serveringa held høg standard og er eit høgdepunkt i seg sjølv. På Reksteren har dei eigen kokk som vartar opp gjestene, medan Haaheim Gaard, Mandelhuset og Laukhamar Fritid serverer eller leverer mat til dei andre bygdene. Litt av suksessen bak desse treffa, er nok at dei vert arrangerte lokalt og nært. Eit anna moment er at me klarar å halda prisen låg,- 200 kr. pr. person. I tillegg har bygdelaga høve til å fakturera kommunen for å få sponsa kvar deltakar med 100 kr. Lokalt og ikkje for dyrt gjer at me får mange med. Kontaktpersonar og tilretteleggjarar i bygdene har vore: Marit Nancie A. Gjøvåg og Jorunn Grahl (Reksteren), Gro Heidi Haukefær (Uggdal), Ingeborg Tysnes (Våge), Anne Kristi Alfstad (Lunde) og Lars Mæland (Tveit/Onarheim) I arrangementskomitèen har desse vore med: Bente Raknes (Tysnes Frivilligsentral), Bente Vee (leiar i Eldrerådet) og Lorentz Lunde (nestleiar i Eldrerådet)
By Thi Hieu Nguyen February 16, 2026
Takk for støtta! Eg har no gjennomført innkjøpa til ei fullt utrusta matvogn. I tråd med vilkår til støtta vart verksemda registrert hjå Mattilsynet 12.12.2025. Investeringa vil gje betre arbeidsforhold og moglegheit for å kunne servere mat heile året. Det vil også føre til at eg kan utvide menyen til for eksempel ulike wok-rettar, nudlar og steikt ris med ulike sausar. Dykkar støtte har vore vesentleg for å kunne vidareutvikle verksemda til å no verte ein heilårs arbeidsplass, og for det er eg veldig takknemleg.
Les meir