Tysnes Musikklag - Konsept køntrikveld

Frå august og fram til 3. oktober har Tysnes musikklag jobba med eit prosjekt kalla «konsept køntrikveld». Målet har vore å utvikla og gjera Tysnes musikklag meir allsidig gjennom ein musikkform som korpset til vanleg ikkje framfører.
Saman med lokale songkrefter blei det laga til ei speleliste på nærare 30 låtar innan country-sjangeren. Denne typen musikk har til no vore lite brukt i korps og difor har det til køntrikvelden blitt laga eigne musikkarrangement tilpassa korps, band og songarar. Dette er musikk som Tysnes musikklag kan bruke igjen i sin heilheit eller som deler av framtidige konsertar.
Til prosjektet leigde Tysnes musikklag inn Jan Magne Olsen frå Stord som instruktør og kapellmeister. Han er ein ressursperson som har tilført laget mykje i prosjektperioden og som i tillegg har arrangert store delar av musikken som blei framført under køntrikvelden.
Prosjektet har vore med å gjera Tysnes musikklag meir allsidige og på den måten løfta det musikalske nivået i korpset. I tillegg til auka musikalsk kompetanse, vil musikkarrangement, kulissar og kostyme også vera noko som Tysnes musikklag vil ha glede av i framtida.
Ein stor takk til Tysnes Kraftlag for støtte til prosjektet.










