Tysnes Kommune - Stønad til eldretreff 2022

Mats Løve Gjersvik • December 30, 2022

Støtte til arrangement for seniorar i fem grender

Seniortreffa i frivilligheitas år 2022

Vi har i 2022 arrangert 4 seniortreff og ein eldredag. Datoane er 24. februar, 28. april, eldredagen den 30 september og ein vanleg seniordag den 1. desember. I snitt har besøkstalet lege stabilt i overkant av to hundre. På seniordagen den 1. desember var det besøksrekord med 38, på Reksteren, 43 i Uggdal, 65 i Våge, 35 i Lunde og 53 på Tveit/Onarheim. Til saman 234 menneske.


Tema er valt ut frå kva som vi har fått innspel om og som vi trur vil interessera denne målgruppa (over 65 år). Vi har sett saman programmet av ein seriøs opplysnings del og litt lettare underhaldning. Mat har alltid avslutta med servering frå «Meirsmak Tysnes-bedrifter»


Sjølve konseptet: Seniortreff i fem bygder har i Tysnes-målestokk vore ein kjempesuksess. Vi hadde ikkje nådd ut til så mange om vi skulle hatt alt på ein plass. Å framføra same budskapet fem gonger, spreidd ut over heile dagen, har nok vore utfordrande for artistane, men med mat og positive klapp på skuldra, har dei fått energi til å halda ut.


Den økonomiske støtta frå Tysnes Kommune, Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag har vore heilt avgjerande for å få dette til. Bygdelaga har fått ei oppblomstring og vi håpar dei sit att med litt i overskot etter seniortreffa. Leiar for «råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråd»: Helge Hauge har delteke med heile tida og vore til uvurderleg hjelp med val av tema og praktisk gjennomføring.


Vi har på tampen av året fått kommunegaranti på 50 000 kr. slik at vi er i ferd med å innstille oss til å arrangere 4 -5 seniortreff i 2023. Vi håpar Tysnes Kraftlag er med oss vidare til Tysnes-samfunnet sitt beste.


Mvh

Per Verner Aase

Leiar Tysnes Frivilligsentral


By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
Les meir