Tysnes Musikklag - Køntrikveld i Tysneshallen

Saman med band og fem vokalistar inviterte Tysnes musikklag til køntrikveld i Tysneshallen laurdag 3. oktober. Dei vel 170 publikum som var møtt fram, fekk oppleva ein heilaften fylt med både klassisk og moderne country-musikk.
For Tysnes musikklag er det kjekt å kunne samarbeide med dyktige lokale artistar og saman vise kva lokale musikk-krefter kan klare å få til. Musikklaget ønskjer å gje publikum ei oppleving av å være i ein konsertsal og legg mykje resursar ned i lyd, lys og scene for at publikum skal få eit mest mogleg profesjonell oppleving.
I tillegg til at medlemene i Tysnes musikklag gjer ein stor innsats for å kunne få til eit arrangement som dette, har laget og høge kostnadar til mellom anna lyd, lys og scene. Då set Tysnes musikklag utruleg stor pris på at Tysnes Kraftlag stiller opp med underskotsgaranti når billettinntektene ikkje strekk til for å dekka utgiftene ved arrangementet. Utan denne garantien, hadde ikkje Tysnes musikklag hatt moglegheit til å laga til køntrikveld i Tysneshallen.










