Tysnes Kraftlag AS deler ut inntil 100 000 aksjar til nye aksjonærar – 100 aksjar til kvar, heilt gratis!

Me ønskjer fleire aksjonærar som vil engasjera seg i kva Kraftlaget skal arbeida med, og korleis midlane våre skal nyttast til beste for Tysnessamfunnet. Du blir neppe rik på desse aksjane. Vedtektene våre seier nemleg at verdiane i selskapet skal koma Tysnessamfunnet til gode, ikkje gå i lomma på aksjonærane. Men du får noko anna som er verdifullt: Ei stemme!


På generalforsamlinga har alle aksjonærar éi stemme kvar, anten dei eig éin aksje eller tusen. Dermed får du reell innverknad på kva Kraftlaget skal satsa på i åra som kjem.

 

Kven kan få aksjar?

Du må bu på Tysnes, eller eiga eigedom eller driva verksemd i kommunen. Du må òg ha ein VPS-konto. Har du ikkje det frå før, hjelper me deg med å oppretta ein.

 

Meld di interesse – så ordnar me resten! Det kostar deg ingenting.

Inntil 100 000 aksjar. 100 til kvar. Og éi stemme som tel! Gratis aksjar, stemmerett og høve til å påverka lokalsamfunnet. Går det an å seia nei til det?

Contact Us