Venelaget Tysnessåto - Motbakkeløp Sherpastien Tysnessåto 2025

Merete Fjelltveit Flakke • October 15, 2025

Den 10. juli 2025 vart det for aller første gong arrangert motbakkeløp til Tysnessåto, i regi av Venelaget Tysnessåto, Svingen Puls AS og Kulturkontoret AS.


Arrangementet, kalla Såto Opp, vart ein stor suksess og markerte opninga av Tysnesfest-uka. Løpet gjekk frå Myrdal og opp til fjelltoppen på 753 moh, via ein spektakulær trasé med over 1000 trappetrinn, 2 km lengde og 500 høgdemeter.


Over 300 deltakarar melde seg på i ulike klassar – frå mosjonistar og familiar til konkurranse løparar i aldersinndelte grupper. I tillegg til sjølve løpet, vart det arrangert ein unik fjellkonsert med Jo Nesbø og Lars Jones på toppen av Tysnessåto. Konserten samla eit stort publikum, og det er anslått at over 1300 personar tok turen til fjells denne dagen.


Arrangementet vart gjennomført med brei støtte frå lokalt næringsliv og frivillige. Tysnes Kraftlag, Sparebanken Norge og ei rekkje lokale sponsorar bidrog med til saman kr 262.000 i sponsormidlar, i tillegg til vedtaket frå Tysnes Kraftlag. Dei totale kostnadene for arrangementet var i underkant av kr 383.000, og det vart oppnådd eit positivt resultat.


Den gode økonomien og den store deltakinga gjev eit solid grunnlag for vidareføring av Såto Opp som eit årleg arrangement. Planen er å investere i EQ Timing-utstyr, som gjev profesjonell tidtaking med RFID-brikker og skybasert programvare – ideelt for fjelløp og mosjonsarrangement.


Tysnes Kraftlag har gjennom si støtte vist seg som ein viktig medspelar for lokal utvikling og folkehelse. Deira samfunnsgåver har som mål å fremje aktivitet, inkludering og nyskaping i Tysnes kommune, og Såto Opp er eit godt døme på korleis slike midlar kan bidra til varige verdiar for lokalsamfunnet.


Vi takkar alle samarbeidspartnarar, frivillige og deltakarar som gjorde Såto Opp 2025 til ein folkefest – og ser fram til å vidareutvikle konseptet i 2026.

By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
Les meir