Tysnes kommune - Aktivitetspark ved Kyrkjevatnet
SIlje Lunde • October 15, 2025

Figur 1 Faksimile: Bladet Tysnes den 27.08.2025, fotograf og journalist: Marte Macody Tufte
Med god hjelp av Uggdal bygdelag vart aktivitetsparken ved Kyrkjevatnet i Uggdal endeleg ferdig sommaren 2025. Det var offisiell opning var 24.august.
Prosjektet hadde som mål å etablere ein inkluderande og lågterskel aktivitetspark ved Kyrkjevatnet. Aktivitetsparken er tilpassa barn i alle aldra, og bidra til at området rundt Kyrkjevatnet er i endå høgare grad eit sosialt og familievennleg område.

Figur 2 Faksimile: Tysnes kommune, 28.08.25
Tysnes kommune takkar så mykje for støtta i frå Tysnes kraftlag.

Mandelhuset søkte i oktober 2024 om støtte til eit samla program for kompetanseutvikling. Målet var å styrka fagmiljøet, auka rekruttering og byggja vidare på den lokale lærlingtradisjonen. Tiltaka omfatta deltaking i Sjømatspireprosjektet, sommelierutdanning og vidare satsing på lærlingar og rekruttering. Me kunne ikkje prioritert noko av dette her utan stønad frå Tysnes Kraftlag, me sett utruleg stor pris på stønaden!

Onarheim idrettslag har starta med treningar i brasiliansk jiu-jitsu i gymsalen på Onarheim skule kvar onsdag frå kl. 17 - 18. Treningane er opne for alle interesserte, både barn, unge og vaksne. Aktiviteten krev at ein har tilpassa brytematter. Dette har idrettslaget kjøpt inn. Laget har laga 2 stk transportvogner til mattene sjølve på dugnad (10 t arbeid).

Ein festival frå unge – for unge Tysnesfest UNG 2025 vart gjennomført fredag 11. og laurdag 12. juli under festivalveka, med storslagent program frå kl. 11 til 14:30 begge dagar. Festivalen har etablert seg som ein viktig del av Tysnesfest – men også som ein sjølvstendig arena for barn, ungdom og familiar. Med låg billettpris (200 kr for festivalpass, 130 kr for dagspass) og høg kvalitet på innhaldet, er målet at alle barn og unge på Tysnes skal kunne delta – uavhengig av bakgrunn. Dette er berre mogleg takka vere støtta frå Tysnes Kraftlag, som gjer at TF UNG framleis kan vere ein festival for alle. Totalt vart det selt 116 festivalpass, 72 fredagspass og 114 laurdagspass, i tillegg til rundt 30 frivillige og crew som bidrog i gjennomføringa før, under og etter festivalen. Frivillige i alderen 8–15 år TF UNG er ein festival som faktisk blir driven av dei unge sjølve. Frå billettsjekk og kioskdrift til ansiktsmåling og rigg – det er ungdomar i alderen 8–15 år som får festivalen til å gå rundt. Ungdomsrådet er med som vertskap og deltek i planlegginga. Stemninga blant frivillige var fantastisk – dei opplevde det som gøy, meiningsfullt og sosialt. For mange er dette årets høgdepunkt og eit viktig steg inn i frivillig arbeid og lokal kulturbygging. Program og opplevingar Programmet på Vonheim var fullt av energi, mangfald og kvalitet. Fredagen starta med teaterframsyninga Den magiske koffert, før det vart konsert med Trio Oro, og deretter Ingeborg frå The Voice – før dagen vart avslutta med Mikkel Munthe frå Team Pølse. Laurdagen bød på Poppeloppane, musikalen Frekk og Tidi, og trylleshow med Geir Elling – før to klovnar leia publikum frå Vonheim til hamna, der det vart halde eit spektakulært sjørøvarshow frå skute. I Våge sentrum skapte tivoliet, gateunderhaldninga og publikumsfavorittane Gå planken – grønnsåpe edition og Palleløp liv og latter gjennom heile helga. Vonheim – det nye heimen til TF UNG 2025 var første året festivalen flytta inn i det nyoppussa ungdomshuset Vonheim. Lokalet viste seg å vere perfekt for formålet – sentralt, trygt og med god atmosfære. Med strålande vêr heile helga vart det eit yrande liv både inne og ute, og ein kjærkomen møteplass for familiar i sommarferien. Profilering av Tysnes Kraftlag Tysnes Kraftlag er ikkje berre hovudsponsor, men ein tydeleg del av festivalidentiteten. Kraftlaget blir profilert som «Tysnesfest UNG – presentert av Tysnes Kraftlag» på nettside, plakatar, program og banner utanfor Vonheim. I tillegg vart det produsert ein promofilm med intervju av både frivillige og styreleiar i Tysnes Kraftlag – ein film som viser korleis støtta bidreg til samfunnsnytte og felles opplevingar på Tysnes. Verdien av støtta Støtta frå Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å tilby ei festivaloppleving med profesjonelle artistar, god teknikk og låge billettprisar. Den økonomiske tryggleiken gjer at Tysnesfest UNG kan vere eit inkluderande og inspirerande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av familieøkonomi. Kort sagt: Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å skape kultur, engasjement og fellesskap for den oppveksande generasjonen på Tysnes. Vidare blikk Tysnesfest UNG skal vidareutviklast som eit fyrtårn for barn og unge på Vestlandet – ein festival som løftar fram ungdom, gir meistring og skaper minner for livet. Ambisjonen er å halde fram med å vekse, og på sikt bli den beste festivalen for barn og unge på Vestlandet. Takk til Tysnes Kraftlag for at de gjer draumen om Tysnesfest UNG mogleg – år etter år

Fasade for kafélokala med nye glasruter og gardiner. No er 12 nye vindu montert i hjarta i Grendatun, kafélokala. Tiltaket har vore planlagt ei tid saman med Andersland Bygg, men no er glasrutene skifta. Det er Andersland Bygg som har utført arbeidet med sine fagfolk. OUL er svært nøgd med resultatet og takkar Tysnes Kraftlag, og eigne medlemmer som stod på og greidde å gjennomføre dette prosjektet mot slutten av året.

Uggdal Bygdalag søkte i april 2021 Tysnes Kraftlag om støtte til prosjektet «Turveg langs Kyrkjevatnet». Prosjektet gjekk ut på å byggja turveg og lysanlegg langs Kyrkjevatnet i Uggdal. Turvegen skulle byggjast i samsvar med retningslinjene frå departementet og verta den fyrste turvegen i Tysnes kommune med universell utforming. Føremålet med prosjektet var å leggja til rette for auka fysisk aktivitet og trivsel i bygda. Året 2021 gjekk med til å prosjektera turvegen, rydding av skog og vegetasjon i vegtrasé, samt å få på plass resterande finansiering til prosjektet. Prosjektering Prosjektering vart utført i samarbeid med Jan Ove Sæd og Katrine Sæd i West Konsulent Limited. West Konsulent Limited bidrog blant anna med følgjande oppgåver: Vurdering av grunnforhold i den nye delen av traseen. Sikre at turveg var i tråd med statlege krav for universell utforming Kvalitetssikring av bygdelagets prisestimat Utarbeide plantegninger over turveg Stikking av trasè Utarbeide anbudsdokument og anbudsgrunnlag for turveg Bistå i anbudsprosessen Anbodsprosess Anbodsdokumentasjon vart utarbeida saman med West Konsulent AS. Anbodsprosessen vart utført hausten 2021. Uggdal Bygdalag hadde fem entreprenørar som gav pris på arbeidet. Som grunnlag for val av entreprenør vart følgjande kriteria lagt til grunn: Pris inkl. timepris og påslag Byggjetid/oppstartstidspunkt Referansar Lærlingordning Bruk av underentreprenørar Uggdal Bygdalag valde ufrå dei ovannemnde kriteria Runes Maskin AS som entreprenør til opparbeiding av turvegen, med ei estimert kostnadsramme på kr 1 929 368,- eks. mva.

Reksteren Idrettslag er svært takknemlig for støtten vi har mottatt fra Tysnes Kraftlag, og vi har nå installert oven og gjort de endringer som var nødvendig. Vi søkte et mindre beløp, da vi valgte å kjøpe en ovn med mindre størrelse, da dette passet best inn i de eksisterende kjøkken. Oppgraderingen har vært til stor glede, og vi har fått gode tilbakemeldinger fra brukere av kjøkkenet. Tusen takk :-)




