Venelaget 333 Gjerstadstølen - Turløype Solheimsdalen - Gjerstadstølen
Tore Økland • September 4, 2024


I 2023 nyrydda venelaget turstien Gjerstad-Gjerstadstølen-Solheimsdalen og hadde 2 arrangement: Stølsmarsj og Pilgrimsvandring.
Laga 4 benkar og hadde mykje motorsagsarbeid utan å skriva timeliste. Prosjektet Tørrskodd til Gjerstadstølen var omtala i Tysnesbladet 09.10, men bilete hadde ein annan format så det kom ikkje med i sluttrapporten.

Styret vedtok 10/4-25 å oppgradera lydanlegget på bedehuset. Me tok kontakt med Arne Leite i Våge for bestilling, ekspertise og hjelp med montering. Me har skifta ut høgtalarane i hovudsal, samt nye sangmikrofonar m/stativ, ny forsterkar, trådlaus hodemikrofon, gitarforsterkar, notestativ, kablar mm. Høgtalarar i småsal og kjeller vart knytt saman med det nye. Nødvendige festemidler og bossavgift kom i tillegg.

Haukafær Vel har hatt flere dugnader sammen og ryddet turvei og fått satt opp gatelykt nr 2 på turveien, Rastebordene er blitt plassert nede i Haukafærvågen med fin utsikt over vågen. Batteriet til hjertestarteren er også plass. Alle er svært glade for dette tiltaket og alle takker Tysnes Kraftlag for at dette ble mulig

På årsmøtet i 2023 vart det bestemt å prøva å få ein karusell til leikeplassen vår i 2025. Vi starta planlegginga hausten 23, og kom fram til at ein Romana Carousel ville passa oss. Sjølve arbeidet starta i april/mai 2025, med Arne Dalsgård som prosjektleiar. Karusellen stod ferdig juni 2025. I tillegg til desse utgiftene har vi omsider kjøpt inn eit skilt der våre støttespelarar er noterte. Skiltet er lett synleg for forbipasserande. Karusellen er svært populær blant brukarane av leikeplassen, og Lundehagen Vel har hausta mange godord. I tillegg til disser og sandkasse, har barna no fått seg noko som ikkje fins andre stader i bygda, og det set dei pris på. Tusen takk til Tysnes Kraftlag for støtta!

Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår. Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen får mange positive tilbakemeldingar. Med Tysnesfest i spissen har lokalt næringsliv dei siste åra hatt ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til fleire. For å få dette til har ein via næringsrådet fått støtte frå Tysnes Kraftlag til å dekka inn delar av auka kostnadar til trykking og distribusjon. Sommaravisa for 2025 var rekordstor med 96 sider og blei trykt i eit opplag på heile 52.000 eksemplar. Nytt i år var at sommaravisa kom som ilegg i både e-avisa og papiravisa til Bergens Tidende. Dette i tillegg til at avisa blei distribuert til alle husstandar i kommunane Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Bjørnafjorden og deler av Kvam og Kvinnherad. Avisredaksjonen har fått gode tilbakemeldingar på årets sommaravis. Lesarar har teke kontakt og vil vita meir om kva som skjer i kommunen vår. Truleg har sommaravisa ført til at fleire har teke turen for å oppleva Tysnes. Utan støtte frå Tysnes Kraftlag hadde det ikkje vore mogleg å nå ut til så mange lesarar med årets utgåve av sommaravisa "Opplev Tysnes".

Tysnes skulekorps reiste til Stockholm 20.-24.juni 2024 Me var 30 stk som reiste, derav 18 musikanter. Me tok fly og budde i hytter i Nynæshavn like utenfor Stockholm. Iløpet av turen spelte skulekorpset ein konsert på Stortorvet i Gamla Stan og ein konsert på campingplassen der me budde. Me var og turister og besøkte slottet, Grøna Lund, Paradoxmuseet mm. Ein veldig kjekk og sosial tur. Slike turer er viktig for samholdet i korpset. Tysnes Skulekorps takkar for støtta me fekk frå Tysnes Kraftlag.

TYSNES HERREBUNAD – AUKA UTBREIING OG BRUK AV BUNADEN Viser til søknad om støtte til vårt prosjekt vedk. å ta vare på og vidareføra herrebunaden for Tysnes, og til innvilga tilskot som me er svært takksame for. Me er no i mål med grunnarbeidet, og vil jobba vidare for at bunaden blir meir tilgjengeleg for folk flest, både gjennom utleige og kursing. Bunaden er produsert ved hjelp av betydeleg dugnadsinnsats frå medlemer i Tysnes husflidslag. Den er hovedsakleg sydd for hand, og mykje nitidig arbeid gjennom brodering under lupe og krevjande strikk/vev. Ved studie av bilda som ligg ved vil det gå fram. Brosjyren som er produsert er trykt opp i eit lite opplag i første omgang, og er laga før vedtaket frå Tysnes Kraftlag låg føre. Når me trykkjer opp nytt opplag, vil me ta med at prosjektet er støtta av Tynes Kraftlag. Det same vil gjeda ved presentasjon av bunaden i bladet Tysnes

Tysnes skule har satt opp ein gapahuk i bøkeskogen ikkje langt frå skulen. Den er tiltenkt brukt i uteskule og sjølvsagt til bruk for allmennheta. Me har brukt to pensjonistar til å setje den opp og masse elevar til bæring og beising. Det har vore eit utruleg kjekt prosjekt og me ser no fram til å nytte den i skulesamanheng. Me takkar så mykje for støtta til gapahuken. Skulen har fått ein base for eit flott uteklasserom som me kjem til å bli veldig glad i! I tillegg har elevbedrifter(ALF) fått være med å beise gapahuken og elevane på skulen vore med og bære materialar opp til byggeplassen.