TYSNES TURLAG - Skilting og utstyr til turstier
Rebekka Høgestøl • August 23, 2022
Tysnes Turlag vil gjerne få takka for støtten til skilt og utstyr til turstiar på Tysnes. Dette er viktig for å fremja tryggleiken til alle dei som brukar fjell og mark i kommunen vår.
Me fekk støtte til å bestille utstyr til ny turpostkasse på Teiglandsnuten, der den gamle var veldig utslitt og stod på ein dårleg påle. Jobben med å setja den opp vart gjort av to frivillige, tilsaman 8 timar dugnad.
Me fekk óg støtte til turskilt til Nese/Kyrkjevarden på Neshamn, tre frivillige på 3 timar.
To stk i styret i turlaget har stått for administrativ jobb som å søkje midlar, bestille skilt o.l., til saman 3 timar.

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!