Oppgradert inventar, bord, stoler og lysanlegget på scenen

Bent Fossdal • August 29, 2022

Lysanlegg scene, Led belysning på «scene» utbetra feil og skifte lamper i eksisterande lysopplegg. Lage betjeningsinstruks for dette.

Den første dugnaden. Den starta tidlegare enn planlagt. Årsaka til det var at lokala skulle brukast av kulturskulen og anlegga måtte fungere.

Feil blei lokalisert og rette opp. Her hadde me assistanse frå Tiko. Deretter skifta ein ut gamle glødelamper til Led pærer. For å rekke opp bruka me ein lånt stillas på hjul. Ein betjeningsinstruks for belysninga blei også utarbeida og heng ved brytarpanel.

Bord, skifta ut skadde bordplater og lagre dei på transportvogner. 10 nye bord og 20 nye bordplater. Bordplatene blir montert på gamle bordunderstell. OUL har og kjøpt 2 bordvogner for skånsamare transport og lagring.

  • Bord, er av type R-40 og har vore på marknaden i mange år. Dei er produsert i Norge og ein får deler til dei.
  • R-40 er et solid, enkelt og funksjonelt sammenleggbart bord med lav vekt. Praktisk i mange samanhengar. Bordplate i bjørk, bøk, hvit og lysegrå laminat.
  • Oppbevaringstralle Lars, brukas til borda, den rommar 20 bord stabla liggande. Bordet stablar godt med 5 cm i høgda pr. bord.


Den andre dugnaden. Prosjektet med å skifte ut bordplater tok lenger tid og fleire personar var involvert.
Prosessen er enkel, men tidkrevjande. Ny bordplate og gamalt bord ved sida av kvarandre.

I forgrunnen merker ein av på ny bordplate, forbore 30 hull for skruer, flytter bordunderstell over på ny bordplate og monterer det fast.
I bakgrunnen er understell demontert frå bordplate med skader.Til slutt blir lagringsklosser montert med filt under for skånsam lagring.


Gamle bordplater er levert til SIM i Erdalen.

Bordvogner for skånsam lagring og intern transport. Desse skrues saman og merkes med instruks for bruk og sponsorskilt. No kan me lagra 2x20 bord på ein god måte og dette lettar transporten av dei, og lokala blir meir fleksible.

Skifte ut skada sete- og ryggputer på 15 stoler type R48, med nye sete- og ryggputer. Stoff i puter er Hallingdal 754

  • Stol, er av type R48, eit godt design går aldri av moten! Klassikaren R-48 – designet av Bendt Winge i 1970, er en sterk og robust stabelbar stol med svært god sittekomfort, og er selt i hele 6 millionær. Dei er produsert i Norge og ein får deler til dei.
  • Sitteskallet er laget av slagfast polypropylene (PP) og leverast i en rekke farger. Tilgjengeleg med stoff i sete/rygg eller stoff bare i setet.
  • Produsent har fokus på miljø og berekraft og skriv, alle typar R-48 skall er laget av resirkulert plast frå vår egen produksjon.
  • R-48 kan leverast også med stolskall produsert av 100% resirkulert plastavfall frå oppdrett- og havbruksnæringen på Helgelandskysten. Da i fargene Ocean green, Ocean black og Ocean blue.


Den tredje dugnaden, skifte ut sete- ryggputer på 15 stoler. Eksempel på stoler med skader i sete- ryggputer.

By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
Les meir