Tysnes Næringsråd - Distribusjon av Sommaravisa

Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår. Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen får mange positive tilbakemeldingar.
Med Tysnesfest i spissen har lokalt næringsliv dei siste åra hatt ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til fleire. For å få dette til har ein via næringsrådet fått støtte frå Tysnes Kraftlag til å dekka inn delar av auka kostnadar til trykking og distribusjon.
Sommaravisa for 2025 var rekordstor med 96 sider og blei trykt i eit opplag på heile 52.000 eksemplar. Nytt i år var at sommaravisa kom som ilegg i både e-avisa og papiravisa til Bergens Tidende. Dette i tillegg til at avisa blei distribuert til alle husstandar i kommunane Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, Bjørnafjorden og deler av Kvam og Kvinnherad.
Avisredaksjonen har fått gode tilbakemeldingar på årets sommaravis. Lesarar har teke kontakt og vil vita meir om kva som skjer i kommunen vår. Truleg har sommaravisa ført til at fleire har teke turen for å oppleva Tysnes. Utan støtte frå Tysnes Kraftlag hadde det ikkje vore mogleg å nå ut til så mange lesarar med årets utgåve av sommaravisa "Opplev Tysnes".






