By Einar Aslaksen
•
September 2, 2025
Sjøsportsveko vart i år arrangert i veke 27, 30. juni – 04. juli. Det var i utgangspunktet 30 plassar, men sidan det var få som stod på venteliste valte me å gje plass til i alt 34 born i alderen 9-13 år. Som følgje av dette vart det kjøpt inn og lånt ekstra utstyr. Arrangementet vart avvikla utan deltakaravgift sidan me også i år hadde lukkast med å få økonomisk støtte frå fleire støttespelarar. I alt vart det lagt ned 475 timar arbeid av vaksne og ungdommar for å førebu, gjennomføre og utføre etterarbeid ifm med Sjøsportsveko 2025. I år hadde me med oss 4 ungdommar som bidrog som hjelparar. Timeplanen var om lag som året før men med hovudfokus på sigling. Borna vart delt inn i 3 grupper som rullerte på aktivitetane. Følgjande aktivitetar stod på programmet: Knuter og stikk Sjøvett Kolsigling Rigg og seglteori Jollesigling Sigling med oselvar SUP (Stand up padle) Kajakk og padling Vannsport Konkurransar innan alle aktivitetar ein hadde lært gjennom veka Dei eldste og mest røynde deltakarne vart plassert i same gruppe. Denne gruppa vart utfordra meir spesielt i sigling. Gruppa fekk meir tid om bord i oselvaren enn dei mindre røynde deltakarne. Dette gjorde at dei fekk mestra mannskapsrolla betre og kunne, saman med ein av ungdommane, sigla sjølvstendig under konkurranse siste dagen. Denne tilnærminga kan gje grobunn til vidare satsing for unge oselvarsiglarar. Siste dagen fekk me også besøk av brannbåten «Sjøbrand» som hadde teke turen frå Bergen. Etter at konkurransane var ferdig vart Sjøsportsveko avslutta med grilling og premieutdeling. Teigland, den 14. august 2025 For Båtlaget Njord/Tysnes Einar Aslaksen