Tysnes Gjev Meirsmak - Gjennomføring av First Lego League 2025

Øystein Vaage • November 24, 2025

Laurdag 8. november i Tysneshallen og på Tysnes skule 

Årets First Lego League-turnering samla rundt 200 barn og unge frå 5.–10. klasse, i tillegg til minst like mange vaksne – lærarar, foreldre og besøkande. Deltakarane kom frå Tysnes, Bjørnafjorden, Kvam, Samnanger og Bømlo, og bidrog til ein heildagsfest for teknologi, forsking og skaparglede.


Stemninga i Tysneshallen var elektrisk frå start til slutt – «hallen kokte», som fleire sa. Sjølv med færre lag enn i fjor (12 mot 20), var engasjementet og publikumsoppslutninga minst like stor. Dagen baud på spenning, meistring, stoltheit og mykje læring. Mange elevar fortalde at dei hadde fått nye vener og opplevd korleis samarbeid og problemløysing kan vere både gøy og lærerikt. 

Gjennom åtte veker førebuing har laga arbeidd med forskingsprosjekt, teknologi og programmering. Under finaledagen fekk dei presentere arbeidet sitt for dommarar og publikum, og konkurrere i robotkampar med eigendesigna og programmerte LEGO robotar. Målet om å styrkje realfagsinteressa og fremje samarbeid, kreativitet og berekraftige løysingar vart verkeleg oppfylt.


Årets arrangement vart for tredje gong arrangert av Kulturkontoret AS, i tett samarbeid med Tysnes skule og eit stort lag av frivillige. Skulen bidrog med både lokale, utstyr og lærarkrefter, og samarbeidet fungerte sømløst frå planlegging til gjennomføring. Frivillige frå lokalmiljøet stilte opp som (bane)dommarar, teknisk mannskap, kioskpersonell og trafikkdirigentar og riggere. Tilsaman deltok over 30 frivillige, i tillegg til alle som baka til kiosken og føresatte som var med i publikum, og innsatsen deira var avgjerande for at dagen vart så vellukka.


I pausen under arrangementet fekk vi òg oppleve eit sprudlande musikalsk innslag med Dissimilis-bandet “The Jokers” frå Bømlo – som fekk både barn og vaksne til å danse og 1 synge med. Ein festleg og inkluderande pause som løfta stemninga endå eit hakk før finalerundane. 

Finalerundane vart eit verkeleg høgdepunkt, både for deltakarar og publikum. Då dei to laga frå Samnanger møttest i semifinalen, byrja resten av elevane frå Samnanger å synge Samnangersongen frå tribunen – og stemninga i hallen nådde eit nytt nivå. Jubel, song og applaus fylte rommet medan robotane køyrde dei siste oppdraga på borda.


Til slutt var det laget “Sea Diggers” frå Samnanger barneskule som gjekk heilt til topps og vann Championprisen. Etter turneringa fekk Kulturkontoret AS avklart at vi kan sende to lag til den skandinaviske finalen, og dermed får også “The Preppies” frå Tysnes skule delta – for andre gong! Det er svært gledelig, og eit bevis på det høge nivået og engasjementet blant dei lokale laga. 

Takk til våre støttespelarar

Utan støtte frå lokalt næringsliv, kommune og frivillige hadde ikkje First Lego League vore mogleg.


Vi vil rette ein stor takk til:

Tysnes Kraftlag – for å vere ein viktig drivkraft for lokalsamfunnsutvikling og ungdomsprosjekt

Tysnes kommune – for lån av lokale og støtte til gjennomføringa • Enivest – for engasjement og framtidsretta satsing

Tekna Sunnhordland – for å dekke alle Challenge-sett og løfte fram realfag blant unge

Lerøy, Sparebanken Norge, Andersland Bygg, Vågen AS, Aker Solutions, Mandelhuset, Jippie, og Propyro – for praktisk og økonomisk støtte som gjer arrangementet mogleg


Tusen takk til alle som bidrog – kvar og ein har vore avgjerande for at dagen vart ein stor suksess.

Vi gler oss allereie til First Lego League 2026! 

By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
Les meir