Stiftinga Tysnesfest - Minifestivalen Tysnefest UNG

Øystein Vaage • November 21, 2025

Ein festival frå unge – for unge

Tysnesfest UNG 2025 vart gjennomført fredag 11. og laurdag 12. juli under festivalveka, med storslagent program frå kl. 11 til 14:30 begge dagar. Festivalen har etablert seg som ein viktig del av Tysnesfest – men også som ein sjølvstendig arena for barn, ungdom og familiar.


Med låg billettpris (200 kr for festivalpass, 130 kr for dagspass) og høg kvalitet på innhaldet, er målet at alle barn og unge på Tysnes skal kunne delta – uavhengig av bakgrunn. Dette er berre mogleg takka vere støtta frå Tysnes Kraftlag, som gjer at TF UNG framleis kan vere ein festival for alle.


Totalt vart det selt 116 festivalpass, 72 fredagspass og 114 laurdagspass, i tillegg til rundt 30 frivillige og crew som bidrog i gjennomføringa før, under og etter festivalen.


Frivillige i alderen 8–15 år

TF UNG er ein festival som faktisk blir driven av dei unge sjølve. Frå billettsjekk og kioskdrift til ansiktsmåling og rigg – det er ungdomar i alderen 8–15 år som får festivalen til å gå rundt. Ungdomsrådet er med som vertskap og deltek i planlegginga.


Stemninga blant frivillige var fantastisk – dei opplevde det som gøy, meiningsfullt og sosialt. For mange er dette årets høgdepunkt og eit viktig steg inn i frivillig arbeid og lokal kulturbygging.


Program og opplevingar

Programmet på Vonheim var fullt av energi, mangfald og kvalitet. Fredagen starta med teaterframsyninga Den magiske koffert, før det vart konsert med Trio Oro, og deretter Ingeborg frå The Voice – før dagen vart avslutta med Mikkel Munthe frå Team Pølse.


Laurdagen bød på Poppeloppane, musikalen Frekk og Tidi, og trylleshow med Geir Elling – før to klovnar leia publikum frå Vonheim til hamna, der det vart halde eit spektakulært sjørøvarshow frå skute.

 

I Våge sentrum skapte tivoliet, gateunderhaldninga og publikumsfavorittane Gå planken – grønnsåpe edition og Palleløp liv og latter gjennom heile helga.


Vonheim – det nye heimen til TF UNG

2025 var første året festivalen flytta inn i det nyoppussa ungdomshuset Vonheim. Lokalet viste seg å vere perfekt for formålet – sentralt, trygt og med god atmosfære. Med strålande vêr heile helga vart det eit yrande liv både inne og ute, og ein kjærkomen møteplass for familiar i sommarferien.


Profilering av Tysnes Kraftlag

Tysnes Kraftlag er ikkje berre hovudsponsor, men ein tydeleg del av festivalidentiteten. Kraftlaget blir profilert som «Tysnesfest UNG – presentert av Tysnes Kraftlag» på nettside, plakatar, program og banner utanfor Vonheim. I tillegg vart det produsert ein promofilm med intervju av både frivillige og styreleiar i Tysnes Kraftlag – ein film som viser korleis støtta bidreg til samfunnsnytte og felles opplevingar på Tysnes.


Verdien av støtta

Støtta frå Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å tilby ei festivaloppleving med profesjonelle artistar, god teknikk og låge billettprisar. Den økonomiske tryggleiken gjer at Tysnesfest UNG kan vere eit inkluderande og inspirerande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av familieøkonomi.


Kort sagt: Tysnes Kraftlag gjer det mogleg å skape kultur, engasjement og fellesskap for den oppveksande generasjonen på Tysnes.


Vidare blikk

Tysnesfest UNG skal vidareutviklast som eit fyrtårn for barn og unge på Vestlandet – ein festival som løftar fram ungdom, gir meistring og skaper minner for livet. Ambisjonen er å halde fram med å vekse, og på sikt bli den beste festivalen for barn og unge på Vestlandet.


Takk til Tysnes Kraftlag  for at de gjer draumen om Tysnesfest UNG mogleg – år etter år 

By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
Les meir