Tysnes Frivilligsentral - aktivitetar for 'Fritio', klubben for røyrslehemma
Nye interesserte frivillige har gitt oss muligheten til å auka talet på klubbkveldar frå ein gong i månaden til "kvar 14. dag". Ser vi det i samanheng med tilsvarande klubb i Os (Bjørnefjorden) har målgruppa på Tysnes i 2022 hatt eit tilbud kvar veke om dei vil ta turen til Os.
Støtta frå Tysnes Kraftlag har hjelpt oss til å halde eigenandelen på 100 kr eller gratis. Pengane har vore brukt til sponsing av Tysnesleikane, mat og dans på Kompasset og Grendatun.
Eigenandelen har eg halde utanfor rekneskapen sidan eigeninnsats og faktura frå Kompasset overstig 40 000. Søknadsbeløpet er på 15 000. Faktura kan framvisast dersom det er krav om det. Desse er registrert i Tysnes Kommune sitt rekneskapsprogram under eige prosjektnummer.
I starten av Januar vil eg ha eit møte med frivillige og leiarane på Haugen og Vågsmarka. Dette for å sjå om vi skal søkja om støtte for 2023.
Tysnes Frivilligsentral takkar for støtta på vegne av dei røyrslehemma på Tysnes.


