Tysnes Skule - 10. klasseshow

Støtte til gjennomføring av show
20. og 21. februar 2025 braka det atter ein gong laus med forrykande 10.klasseshow i Vonheim. Den årlege tradisjonen som tiendeklassingar på Tysnes står for klarte å fylle huset to kveldar på rad. Showet er laga av ungdomane sjølv- både idear, manus, kulisser og gjennomføring- med trygg og god vegleiing frå musikklærar på Tysnes skule Elin Bergesen. Dei skuffa ikkje! Elevane haldt trykket oppe gjennom heile kvelden, både torsdag og fredag, med song, dans, sketsjar, nyheiter, dating, Mesternes mester, moteshow og mange overraskingar.
For å gjennomføra eit såpass stort arrangement må dei føresette til elevane bidra med mykje dugnadsarbeid og dei føresette har ansvar for alt det praktiske og økonomiske. Det er eit stort arbeid, men verkeleg verdt det. På 10.klasseshow får alle lov å prøve seg. Ungdomane får vera kreative, øve på samarbeid og planlegge gjennomføring av eit stort arrangement. Arbeidet dei legg ned skaper samhald og eit godt klassemiljø. Både lærerikt og kjempegøy! Bladet Tysnes hadde ei flott sak om showet ein kan lesa her https://www.tysnesbladet.no/oypuls/fullt-hus-og-god-stemning-pa-tiandeklasseshow/244403
Me er utruleg takksame for at me har med oss viktige støttespelarar som Tysnes Kraftlag, som igjen viser at dei verdset og trur på Tysnes-ungdomen. Tusen takk for støtta!








