Monica Hoff Utne - Produksjon av eigen musikk
I epost 21.06.24 fikk eg ein glad epost om at Tysnes Kraftlag hadde vedteke å støtte mitt prosjekt med produksjon av musikk. Eg takker så mykje for tilskot til mitt 2. album: “Våke” som ble sluppet 07.03.25, som inneheld 11 nye låtar.
I forkant av slippet hadde eg 3 single slipp med 3 vekers mellomrom: 03.01.25, 24.01.25 og 14.02.25. Dette for å lage blest rundt kommande album.
Eg har allereie delteke på ulike arrangement på Tysnes med fleire av dei nye låtane mine, og er i gang med å booke nye event både lokalt og utforbi øya. Sist fredag 28.03.25 deltok eg på visekveld på Naustet på Mandelhuset saman med flinke lokale artistar. Eg hadde med meg 3 av mine låtar og song med akkompanjement av Endre Hodneland i eit smikkfult Naust. Det var utrolig kjekt, og eg skal gjerne bli med fleire gonger på det arrangementet.
Denne gongen har eg teke på meg all promotering og markedsføring sjøl, og det er lagt plan på dette frametter. Eg vonar eg får merksemd og månge lyttingar og kjekke oppdrag.
Eg har fått omtale i Bladet Tysnes 02.01.25 og 12.02.25 ved singleslipp, der eg takka eg mellom anna Tysnes Kraftlag, som ein viktig bidragsyter til fremmjing av kulturelt arbeid i kommunen. Tysnesingen har også bidrege med fine omtaler. Eg har også fått fleire gode omtaler mellom anna på RadiOs, kor dei varmt omtaler musikken min, Tysnes øy, og det kulturelle arbeidet som mellom anna Tysnesfest bidreg med. Dei omtaler Tysnes som ein kulturell blomstrande kommune med monge flinke talent. Musikken har blitt spelt på radio ved fleire høveog eit par av låtane har blitt lista der også. Musikkanmelder har også anmeldt ei av mine låter, og lista den. Det er svært positivt. Godt arbeid med promotering har også ført til auka lytt på dei ulike musikkplattformane. I tillegg har eg fått produsert backdrop, som skal være med på mine konsertar, montert logo for nytt album på bilen min og driv med aktiv markedsføring for musikken både lokalt og på SOME plattformar.







