Tysnes Teaterlag - Spelet om Olavsgildet

Beate Kildal Rønning • August 12, 2025

Framsyninga er basert på manuskriptet som vart laga av Johanne Øvstebø Tvedten i samband med 100-årsjubileet til Johannes Heggland i 2019.


Regissør Frøydis Flotve hadde omarbeidd stykket noko, slik at det denne gongen var fleire born med, og det var lagt inn meir musikk. Musikalsk leiar var som før Yngve Nikolaisen. Han hadde ansvaret for Gildekoret, som består av åtte kvinner og åtte menn, eit blåseorkester på fem personar, samt to musikantar på trommer. Husorkesteret vårt var som tidlegare år familien Hodneland.


Stykket er eit stort løft for teaterlaget, både økonomisk og organisatorisk.


11 born og 16 vaksne skodespelarar stod på scena. Dei var i alderen frå 7 til 72 år. I tillegg deltok brassband med 7 medlemmar, husorkester på 4 personar, Gildekoret på 16 personar, dirigent/musikalsk leiar, regissør, prosjektleiar, 10 personar på kostyme og sminke, 2 på billettsal og kontroll, samt fleire som tok del i rigging/nedrigging i og rundt kyrkja. Dette er personar som kjem frå heile øyo, noko som Tysnes Teaterlag synest er stor stas. Lyd og lys-tenester var levert av Fusa Lyd & Lys.


Totalt var dermed fleire enn 80 personar involvert i Spelet om Olavsgildet 2025.


Som det går fram av vedlagte timelister, er det ikkje få timar dei frivillige har lagt ned av dugnad for oss. Me er utruleg takksame for dei, og for at Tysnes Kraftlag anerkjenner verdien av dette frivillige arbeidet.


Øvingane til stykket tok til i byrjinga av februar, med ei øving i veka på Tysnes skule. Fyrste øving i Onarheimskyrkja var rett før påske. Dei siste to vekene før framsyninga var det intensiv øving fleire gongar i veka, og heile helgene.

 

Nytt i år var at me sette opp eit tilbod om busstransport til fyrste førestilling laurdag. Det vart dessverre ikkje noko oppslutning om dette tilbodet, så me såg oss nøydde til å avlyse bussen to veker før førestillinga. Me kom difor kostnadsfritt frå kanselleringa.


Elles er det kjekt å konstatere at me har kome under budsjett på dei fleste av kostnadspostane.


Me hadde i alt 378 tilskodarar til dei tre framsyningane, og det er me godt nøgde med. Alle me som var med, er strålande nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum viser at dette vart nok ein stor suksess.


Tysnes Teaterlag er svært takksame for støtta som me får frå dykk. Me hadde ikkje vore i stand til å gjennomføre dette prosjektet utan stønaden frå dykk. Me er svært takksame for at de ser verdien av at dette kulturhistoriske spelet vart sett opp på nytt.


Tysnes Teaterlag ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne Tysnesingar, både som aktørar, hjelparar og tilskodarar.


Dersom de skulle trenge ytterlegare informasjon, er det berre å ta kontakt med underteikna. Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag og Spelet om Olavsgildet.


Med venleg helsing Tysnes Teaterlag Kjetil Totland

By Olav Kalgraf January 21, 2026
Utført dugnad med prosjektet: Knut Arne Grøteide: 54 timar Jarle Petterson: 44 timar Hans O. Dalland: 12 timar Olav Kalgraf: 9 timar Til saman 119 timar Det er utført meir arbeid, men dette er dei timane me veit heilt sikkert kun gjeld dette prosjektet.
By May Britt Meland/ Martha N. Lande January 21, 2026
Tysnes Industri AS er takksame for støtta vi har fått frå Tysnes Kraftlag AS Det er kjøpt elektrisk varebil lang type og ein større varehengar. Varebilen vert sentral i å oppretthalde den daglege ruta med deletransport til lokale bilverkstader. Med varehengaren, får vi no utvida mulighet til sjølve å transportere spesialkassane vil produserer for kundar på Stord. Dette er noko vil styrka aktiviteten og breidda i tilbod frå Tysnes Industri i tida framover.
By Henrik Aakre January 20, 2026
No har me gjennomført planen for kinoen som me blei einige om. Det har vore 20 visningar gjennom året, 4 av dei er for skulane. Det gjekk nesten etter planen men ein film blei utsett, Kraken og ein annan, One battle after another , avlyst av tekniske årsaker. Det kan sjå ut som at publikum er på veg attende til kinoen slik at tilbodet til publikum kan oppretthaldast. Tysnes kommune har vedteke å vidarefører støtta til kinoen i fire nye år og støtta kan speglast av TKAS.
By Jørgen Haaland January 13, 2026
Klinikken er endeleg i drift, og alle dei største investeringane er gjort. Me har oppretta ein ny og moderne tannklinikk frå botnen av. Tusen takk for all hjelp så langt. Me set stor pris på støtta, og er kjempeglade for å vere i gang med tannbehandling på Tysnes!
By Lena Epland Sløgedal December 29, 2025
Foto: Tysnes skule  I kalenderåret 2025 har barnehagar og skular nytta seg av reisefond frå Tysnes kraftlag til følgjande aktivitetar: - Transport til teaterforestillingar - Leige av buss til ulike turar og arrangement, til dømes skidagar, kino, fjellturar, og ekskursjonar. - Avslutningstur til Evje for 10. trinn - Skyss reise til Blåbærhaugen, Krafttak mot kreft for skular og barnehagar - Reise i høve overgangsarbeid mellom barnehagar og skular - Fleire førskuletreff for førskuleborn i alle barnehagane - Tur til Sandnes for Lego League - Andre utgifter i høve arrangement som til dømes vikarutgifter, mat og billetter
By Jorunn Grahl December 12, 2025
Reksteren Idrettslag er svært takknemlig som har fått støtte til Innramming av ballområde på grusbanen vår. Dette blir en flott mulighet for barn og ungdom å komme sammen på ballområde. Varmepumpe og batteri til hjertestarter er også veldig viktig for bygget.
By Jannike Alvær Lie December 12, 2025
Hjertefred Tysnes blei arrangert fyrste helga i nov. Det blei eit vellukka arrangement med stort oppmøte. Store og små hadde ei fin og magisk stund. Takket vera fantastiske frivillige og sponsorar klarte me nok ein gong å arrangere Hjertefred på Tysnes. I år markerte me det ekstra siden det var 10 års jubileum hjå oss og 20 sentralt. Tusen takk for støtta!
By Lars Mæland December 12, 2025
Arbeid med lavvo er nå utført iht søknad med hjelp av Byggmeister Belt og betydelig dugnadsinnsats.
By Bernhard Meyer Auran December 11, 2025
Eg har gjennom fleire år skrive dikt, og bestemte meg for om lag eit år sidan for å samla eit utval av desse i ei diktsamling. I Juni 2025 fekk eg tildelt midlar av Tysnes Kraftlag til å gje ut ei diktbok. Utvalet Eg håpa å finna ein slags raud tematisk tråd blant dikta mine. Dette var ein prosess som tok ein del tid. Eg oppdaga etter kvart at det var ein familie-tematikk som gjekk igjen i dikta eg hadde skrive. Tittelen på boka vart difor «F i r a», som i «ein familie på fira».
By Tom Erik Instøy December 11, 2025
Ellinor har dette året reist på jamnlege treningar med Brann i Bergen. Totalt 25 treningar. Ho har også reist på kamphelger i Florø, Førde og på Bryne, samt 5 dagar på Malloraca. Vedlagt ligg oversikt over utgifter knytta til det opplegget Ellinor har vore med på i Brann.
Les meir