Tysnes gjev meirsmak - Stolpejakten Tysnes 2023

Synnøve Bakke • September 12, 2023

Døme på dekal til stolpane.


1. mai 2023 opna me for Stolpejakt på Tysnes.

Me i denne samanhengen er:

  • Reksteren idrettslag
  • Onarheim idrettslag
  • Uggdal idrettslag
  • Båtlaget Njord/Tysnes
  • Lunde bygdelag
  • Onarheim og Tveit bygdelag
  • Stolpejakten Våge
  • Tysnes gjev meirsmak


På førehand hadde me hatt fleire møter der me gjekk igjennom korleis opplegget skulle vere og korleis me skulle samarbeide. Bygde- og idrettslaga bestemte kor mange stolper dei ville ha og kvar dei skulle ha. Dei har også hatt ansvar for grunneigaravtalar, medan Tysnes gjev meirsmak har hatt ansvar for koordinering, kontakt med Stolpejakten sentralt og anna administrasjon.


Me var så heldige å få sponsorstøtte frå Bygg Tysnes og Andersland Bygg til stolpene. Dei ulike laga henta stolper hos det byggevarefirma dei ønskte, og det vart satt opp reklame på kvar stolpe for det byggevarehuset som hadde sponsa stolpen.


Det er sju kart i kommunen, og til saman plassert ut 178 stolpar:

  • Lunde - 12
  • Reksteren nord - 30
  • Uggdal - 10
  • Onarheim og Tveit - 60
  • Reksteren sør - 23
  • Reksteren fjell - 4
  • Godøy - 18
  • Våge - 21


Stolpane skal stå ute til 1. november, og me har derfor ikkje dei endelege tala på stolpejegerar eller talet på stolpar som vil bli tatt, men 23. august 2023 var tala slik:

  • 1839 stolpejegerar har tatt stolpar på Tysnes
  • 41 925 stolpar er tatt
  • Stolpejegerane er frå heile 75 forskjellige kommunar
  • 432 tysnesingar har so langt delteke
  • Den eldste er 88 år, den yngste 2


Eg legg ved avtale mellom de frivillige laga og Tysnes gjev meirsmak, om administrasjon av prosjektet.


Stolpe i Uggdal og Reksteren idrettslag planlegg kor stolpane skal stå.

By Kenneth Røssland May 6, 2025
Eksisterende turvei fra Løkjen (skianlegget) og mot Grostølen er nå ferdig utbedra av entreprenør Bruntveit maskin as. Det har vært utført grøfting og sprenging av knausar og fjell i grøfta eller vegtraséen, dette er å regne som punktutbetring eller ubetydelege terrenginngrep. Det er nå eit godt og javnt dekke heile veien, dette gjør fremkomeligheten god for fotturer og skiløyper om vinteren. Utbedring av grøfter samt legging av drenering, har gjort at veien ikke er like utsatt for regn og over vann slik den var før. Dugnadens timer kom på 132 timer for rydding av skog langs vei, dette samsvarer med anslaget fra Onarheim Skog. Tysnes Røde Kors Hjelpekorps håper at det arbeidet som er lagt ned her, vil føre til en økning i turgåere inn fra Solheimsdalen og inn i Tysnes fjella. Stor takk til TKLAS som har gjort dette mulig.
By Geir Vonheim May 6, 2025
Omlegging av butikken (Bruntveit Handel AS) til delvis selvbetjent løsning har pågått over de siste 2 årene. I 2024 fikk butikken blant annet på plass ny selvbetjeningskasse, ny panteautomat og ny inngangsdør. I tillegg ble kontorløsningen for daglig leder oppgradert. I 2025 er totalløsningen for selvbetjening kommet på plass. Overvåkingskameraer er montert rundt i butikken. Nye låsbare skap for medisin, snus, alkohol og røyk er installert. Kortleser for å komme inn i butikken utenfor betjent åpningstider er på plass. Kommunikasjonsløsning for fjernhjelp utenfor åpningstid er installert. Informasjonsskjermer for nye kunder er på plass i butikken. Butikken ble "høytidelig nyåpnet" for den nye selvbetjeningsløsningen påskeaften 19. april. Her er 5 bilder fra butikken som viser en del av de nye facilitetene i Butikken.
By Britt Kjellesvik Rage May 6, 2025
Boka «Bringeklutar frå Tysnes» er førebels blitt trykt opp i 80 eksemplar. Boka blir seld både lokalt og utanfor Tysnes. I samband med bokprosjektet har eg ei utstillling av Bringeklutar frå Tysnes på Breidablikk Anno. Stor takk til Tysnes Kraftlag for støtte til prosjektet!
By Einar Aslaksen May 6, 2025
Jentedusjane er det ikkje gjort noko med sidan bygget var nytt i 1985. Det var trong for utskifting av golvbelegget og baderomsplatene. Det er no lagt nytt våtromsbelegg i dusjrommet på 14 m2 med 3 dusjar og nye baderomsplater er montert av Byggmeister Jan Hatteberg. Jentedusjane er no oppgraderte og er no tenelege til eige bruk og ved utleige av lagshuset. Me er særs takksame for at styret i Tysnes Kraftlag A/S har gjeve eit tilskot til gjennomføring av arbeidene.
By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
Les meir