Tysnes frivilligsentral - Ungdomstreff


Tysnes frivilligsentral har arrangert to treff første halvår 2025
Det første treffet vart halde på Mandelhuset i Våge 24.januar. Det var 104 påmeldte til treffet. Det vart servert Tapas og drikke, og DJ Helge Andersen underheldt. Det vart tinga to ekstrabussar til/frå treffet i tillegg til kulturbussane til kommunen.
Det andre treffet vart halde på Onartun 9.mai. Det var 90 påmeldte til treffet. Alsaker Fjordbruk var vertskap for treffet, og sponsa 3-retters middag, brus og snacks til alle. Kulturkontoret AS hjalp til med å booka artist, og me fekk oppleva ein eksklusiv konsert med Tobias Sten (overnatting i leilegheit på Onartun vart også sponsa av Alsaker Fjordbruk). I tillegg var Julian Aase Lid DJ for kvelden. Det vart tinga ekstrabussar til/frå treffet. Denne gongen med innvilga søknad om LTU-støtte frå Vestland fylkeskommune. I tillegg nytta me begge dei kommunale kulturbussane.
Begge treffa har vore svært vellukka. Ungdomane har kosa seg og har vist fin framferd. Me har ikkje sett at nokon har nytt alkohol, men har hatt ei kjensle av at nokon har smakt litt i forkant av treffa. Me har vore svært tydelege på at dette skal vera rusfrie arrangement, men litt ungdomeleg eksperimentering må me kanskje rekna med. Det «positive» er likevel at dette skjer i trygge rammer med vaksne til stades.
Etter desse to treffa har eg evaluert litt i lag med ungdomane og med foreldra. Dei tilbakemeldingane eg har fått er udelt positive:
«Flott tiltak», «Tommel opp», «Ønskjer fleire treff», «Kjempeflott tiltak», «Viktig med møteplassar for ungdomen»…..






