Julegåveaksjonen:
2023 vart vanskelegare for mange enn tidlegare år. Den generelle prisstigninga har gjort at mange hadde lite att når faste utgifter var betalt. I underkant av 100 000 kom inn i tillegg til eit bugnande gåvebord på frivilligsentralen.
Fagforbundet Tysnes, Utdanningsforbundet, Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag er dei største givarane til aksjonen. Pengane er nytta til matkassar, nyttige gåver og litt godsaker til dei små.
Dette har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Frivilligsentral, NAV og Barnevern. Saman med givarane har vi gjort julehelga litt lysare for mange.
Vi takkar for gåva frå kraftlaget og håpar på støtte også i 2024.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes