Tysnes husflidslag - Produksjon og utbreiing av Tysnes herrebunad
TYSNES HERREBUNAD – AUKA UTBREIING OG BRUK AV BUNADEN
Viser til søknad om støtte til vårt prosjekt vedk. å ta vare på og vidareføra herrebunaden for Tysnes, og til innvilga tilskot som me er svært takksame for.
Me er no i mål med grunnarbeidet, og vil jobba vidare for at bunaden blir meir tilgjengeleg for folk flest, både gjennom utleige og kursing. Bunaden er produsert ved hjelp av betydeleg dugnadsinnsats frå medlemer i Tysnes husflidslag. Den er hovedsakleg sydd for hand, og mykje nitidig arbeid gjennom brodering under lupe og krevjande strikk/vev. Ved studie av bilda som ligg ved vil det gå fram.
Brosjyren som er produsert er trykt opp i eit lite opplag i første omgang, og er laga før vedtaket frå Tysnes Kraftlag låg føre. Når me trykkjer opp nytt opplag, vil me ta med at prosjektet er støtta av Tynes Kraftlag. Det same vil gjeda ved presentasjon av bunaden i bladet Tysnes






