Stønad til innkjøp av snøscooter til Onarheim IL
Kristian Råsberg • March 18, 2020

I styremøte 03.02.2020 gjorde Tysnes Kraftlag AS følgjande vedtak:
«Styret vedtar å støtta omsøkt tiltak med NOK 55.310.
Stønaden kjem tilutbetaling ved motteke sluttrekneskap og ein enkel rapport.»
Stønaden kjem tilutbetaling ved motteke sluttrekneskap og ein enkel rapport.»
Onarheim IL har teke levering av Lynx-snøscooter frå Møgedal i tråd med budsjett vedlagt søknaden
17.12.2019.
Me vil utrekka ei stor takk til Tysnes Kraftlag AS som har gjeve eit viktig bidrag til realisering av prosjektet.
Me vil utrekka ei stor takk til Tysnes Kraftlag AS som har gjeve eit viktig bidrag til realisering av prosjektet.
Maskina er solid bygt, fungerer godt i våre terrengtypar og framstår driftssikker. Etter køyring so
langt kan me konkludere med at målsetnaden ved innkjøpet er nådd; å sikre vidare løypekøyring om
vinteren, samt utgjera
ei viktig redningsteneste nærme løypenettet og i fjellet for øvrig.
ei viktig redningsteneste nærme løypenettet og i fjellet for øvrig.

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!